Ei av bøkene i ventebunken min er Livet de luxe av Jens Lapidus, - eg kjøpte pocketutgåva då eg var ein snartur innom ein bokhandel i lunsjpausen ein dag. (Eg skulle berre kjøpa ein liten bursdagspresang til eit tantebarn, men kom ut att frå bokhandelen med eit par bøker i tillegg. De veit korleis det er..)Livet de Luxe har stilig omslag med slagorda "Bestselger krim", "Kritikerrost thrillersuksess", "Glimrende", "Storslagent" og "Mesterstykke", samt tre terningkast: to seksarar og ein femmar. Er det rart eg vart frista, eg som er så glad i svensk kriminallitteratur?
Då eg kom heim og googla forfattaren, oppdaga eg at eg hadde kjøpt den siste boka i ein trilogi som vert kalla Stockholm Noir. Så - eg lyt altså skaffa meg dei to føregåande bøkene før eg startar på Livet de Luxe; Cash og Aldri fucke opp.
Jens Lapidus er fødd i 1974, busett i Stockholm og jobbar som forsvarsadvokat i eit leiande svensk advokatfirma. Serien Stockholm Noir har vore ein stor suksess, men er omdiskutert.
Eg trur dette må vera ein bra trilogi å ha på vent.

"Boken på vent" er fast boktema på bloggen beathesbokhylle.
Du finn mange andre ventebøker og spennande boktips om du klikkar deg inn her!