Det nærmar seg påske og aviser/nettstader/bloggar fløymer nesten over av krimboktips. Det er flott, tykkjer eg, for det kjem ut vanvittig mykje bra krim (samt ein del som ikkje er så bra..) Hittil i år har eg omtrent ikkje lese noko anna enn krim og spenning - men eg har framleis massevis av nye krimbøker på vent.
Smaken er som kjent som baken, også blant krimelskarar: Nokre vil ha langsam psykologisk uhygge, andre vil ha action og full fart. Nokre vil lesa snill og enkel krim, andre vil ha utfordrande og raffinerte tekstar. Nokre likar skjærgårdskrim og andre likar urban noir. Nokre vil ha overnaturlege grøss, andre vil ha samfunnskritisk realisme. Men felles for oss alle (som les krim) er vel at me vil lesa noko som kan gi oss ei flukt frå røyndommen; noko som kan opplevast som spennande og underhaldande og som samstundes inneheld velkjende krimlitterære formlar og klisjéar.
Eg gjer ein liten vri med tipsa mine - og håpar dei kan passa for folk med ulik krimsmak. Bøkene eg har plukka ut i dette innlegget er gule, dvs. at omslaget inneheld (eller har eit lite skjær av) gulfarge. Her er bøker eg har lest og likt, men også bøker som eg har på vent og ser fram til å lesa. Alle er utgitt i 2018 og 2019, og dei fleste er norske og svenske. Rekkefølga er tilfeldig.
Dronen av Unni Lindell
Årets Rivertonvinnar - og det er fortent. Lindell er knallgod på stemningsskildingar og spenningsoppbygging. Dronen er ein velskriven og stillfaren pageturner, perfekt som påskelesing.
Korset av Ingar Johnsrud
Burde etter mi meining óg ha vore nominert til Rivertonprisen. Kjempebra avslutning av trilogien med skiftande tempo, uforutsigbare hendingar og ein heilt spesiell hovudperson.
Gutten som elsket rådyr av Samuel Bjørk
Denne var Riverton-nominert. Eg har boka liggjande på nattbordet mitt og reknar med å ta til på den ganske snart. Dei to fyrste i serien var bra og denne siste har fått usedvanleg gode kritikkar.
1793 av Niklas Natt och Dag
Særdeles velskriven og sterk bok frå mannen med det spesielle namnet. Ein brutal og fengslande historisk kriminalroman.
Paradisets hjerte av Roar Sørensen
Leiken og sprudlande med alvorlege undertonar, handling frå Filippinene. Den fjerde boka i Stingo-serien kan godt lesast åleine då den ikkje byggjer spesielt mykje på dei føregåande.
En grav for to av Anne Holt
Handling frå langrennsmiljø, den fyrste i ny serie og ein introduksjon til eit spennande etterforskarpar. Holt har lang røynsle i krimfaget og held stadig koken.
Tre timer av Anders Roslund
Det svenske forfattarparet er halvert av naturlege og triste årsaker, men Roslund leverer varene åleine. Intens spenning, truverdige karakterar og aktuell tematikk.
Bristepunktet av Belinda Bauer
Ikkje lest enno, men den står høgt på ynskjelista mi. Nominert til Bookerprisen, noko som bør bety kvalitet. Denne boka er både smart, stilig og skarp, vert det sagt.
De venstrehendtes forening av Håkan Nesser
Nesser har ikkje falma med åra. Det har heller ikkje krimheltane hans, Van Veeteren og Barbarotti, gjort. I denne boka møtest dei to når ei gammal drapssak skal oppklarast. Stor underhaldning og skrivekunst på høgt nivå.
Coffin Road av Peter May
Ikkje på langt nær så bra som Lewistrilogien, men slett ikkje dårleg. Fine natur- og miljøskildringar, og handlinga er då også lagt til fascinerande Hebridene.
Koke bjørn av Mikael Niemi
Ikkje lest, men ut frå omtalar har eg stooore forventningar. Historisk krim og sanselege skildringar høyrest forlokkande ut. Står på venteliste til lydbok.
Kastanjemannen av Søren Sveistrup
Heller ikkje lest, men den er nyleg henta på biblioteket. Har ikkje lest noko av denne danske forfattaren tidlegare. Boka har fått mykje merksemd og skal vera god. Mykje tyder på at dette vert påskelesing for meg.
Motiv X av Stefan Ahnhem
Den gulaste boka i dette innlegget har eg heller ikkje lest enno. Har fått mykje ros, og eg håpar å få tak i denne snart.
Falken av Tom Egeland
Aldeles blodfersk, utgjevinga kjem på eit strategisk bra tidspunkt med tanke på påsken. Det er ingen Bjørn Beltø-roman denne gongen, men Egeland har synt før (Ulvenatten) at han beherskar thrillersjangeren. Gler meg til denne.
En høyere rettferdighet av Hjorth og Rosenfeldt
Nettopp lest og eg anbefalar verkeleg Sebastian Bergman-serien. Her er det viktig med kronologi.
Krigernes fred av Lasse Gallefoss
Les denne no. Imponerande bra så langt. Handling frå krigen og etterkrigstida. Lærerikt, perspektivrikt og truverdig på fleire område.
Andre bloggar med påskekrimtips:
Lukten av trykksverte
Bjørnebok

Då ynskjer eg alle ei retteleg fin påske!
Andre bloggar med påskekrimtips:
Lukten av trykksverte
Bjørnebok