Viser innlegg med etiketten personleg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten personleg. Vis alle innlegg

31. august 2015

August 2015 - ein annleis månadsoppsummering

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jan Guillou - Ikke ville se - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket

Lest i august:
Ann Cleeves - Hvite netter - Britisk krim - Kjøpt pocketbok
Jens Lapidus - VIP-rommet - Svensk krim - Lånt ebok
Jan Mehlum - Din eneste venn - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Gutten til Gustav - Sjølvbiografi - Papirbok lånt på biblioteket
Lene Lauritsen Kjølner - Høyt henger de - Norsk krim - Papirbok fått av forfattaren
Paula Hawkins - Piken på toget - Britisk thriller - Lånt ebok

Påbyrja, men utsett til eit seinare høve:
Eirik Husby Sæther - Judaskysset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Kathryn Stocket - Barnepiken - Amerikansk roman - Lånt lydbok
Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet - Norsk roman - Kjøpt pocket


- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Dette har vore ein svært spesiell månad for meg og mine, noko som også har gitt seg utslag reint lesemessig. Det kjem klårt fram når eg no oppsummerer lesemånaden august.
Dei to-tre fyrste vekene var det ferie, reise og avkobling. Og lesing av greie bøker innimellom. Ikkje spesielt godt vêr, men greit nok. Då eg skulle attende på jobb -  kom sommaren og finvêret, endeleg.
Me fekk nokre strålande solfylte dagar - fram til om morgonen fredag 21. august - då endra alt seg:

Det kom melding om eit brått og uventa dødsfall.
Eit ungt familemedlem er borte.

Nevøen min - snille og stillferdige Kristoffer - valde å forlata livet.
Tilbake sit foreldre, søsken, besteforeldre - samt øvrige famile og vener - i sjokk, sorg og sakn - men òg med mange fine minne om ein god gut.
Kristoffer vart berre 18 og eit halvt år gammal.

Vêret vart med eitt heilt uviktig.
Det same vart bøkene eg las.

Livet vert sett i ventemodus for ein periode.
Det er tid for ettertanke og refleksjon.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

9. august 2013

Det vart ei jente

Eit litt meir personleg innlegg enn vanleg i dag..

I går - den åttande i åttande - kom det fyrste barnebarnet mitt til verda. Alt står bra til med den vesle og dei nybakte foreldra. Den nyfødde jenta, som har fått namnet Adele, er den fyrste i sin generasjon - og alle er me glade og lukkelege for dette nye barnet/barnebarnet/
tante- og onkelbarnet/oldebarnet osv.
Velkommen vesle prinsesse, eg gler meg til å sjå deg og bli kjend med deg!


 Vi har ei tulle

Vi har ei tulle med øyne blå,
med silkehår og med ører små.
Og midt i fjeset en liten nese
-så stor som så.
 

Så bløt som fløyel er hennes kinn,
og hun er deilig og tykk og trinn.
Med dukkehender og to små tenner
i munnen sin.
 

Og hun kan bite i sine tær,
og hun kan danse foruten klær.
Og hun kan spise og stå og vise
hvor stor hun er.
 

Og Tulla rusker i pappas hår,
og ler og vinker til den som går.
Og baker kake og lar oss smake
på alt hun får.
 

I baljen plasker hun, kan du tro!
Vi hører aldri hun skriker no`.
Nei, jammen skulle du se vår tulle
hvor hun er god! 



        - Margrethe Munthe
        - som ikkje berre skreiv strenge og oppdragande barnesangar.