(Papirutgåve: Oktober forlag 2012)
Speletid: 42:59
Opplesar: Erich Kruse Nielsen
Kjøpt lydfil
Jon Michelet har hatt utruleg stor suksess med romanserien En sjøens helt. Forfattaren har tydeleg treft publikum med denne blandinga av historisk faktabok, reisebiografi, guttebok og krigsdrama. I skrivande stund ligg bok nummer tre, Gullgutten, på topp på bestseljarlistene. Eg tykkjer det er veldig fint at forfattaren skriv om krigsseglarane og hyllar deira innsats under 2. verdskrig. Det har dei verkeleg fortent.
Eg har akkurat fullført den fyrste boka, Skogsmatrosen. Dessverre vart ikkje leseopplevinga mi heilt på topp. Boka er ein murstein; omstendeleg, omfattande og omfangsrik - og utmattande detaljrik. Ein treng ikkje slå opp i atlas og leksikon eller ty til google-søk når ein les denne boka. Nei, her vert alt fortalt og forklart ned i minste detalj.
Papirutgåva er på nesten 800 sider, lydbokversjonen - som eg har "lest" no - er på godt over 40 timar. Og for ein gongs skuld kan eg dessverre ikkje anbefala lydboka. Opplesaren les altfor sakte og med ei veldig låg og monoton stemme. Men - eg har altså likevel fullført lyttinga, trass i det som irriterte meg; det låge tempoet og alle (unødvendige) faktaopplysningar. Eg har latt lydboka "surra og gå" og må innrømma at eg ikkje har følgd like godt med heile tida.
Michelet er egentleg ein god forteljar, og hovudhistoria som vert fortalt er viktig og dramatisk. Ein skjønnar at forfattaren skriv "med hjartet" og med respekt for dei boka handlar om; sjøfolka og krigsseglarane.
Me skal tilbake til tida då Noreg var ein stor og mektig sjøfartsnasjon. 18 år gammal får Halvor Skramstad frå Rena hyre ombord på Wilhelmsenskipet M/S Tomar. Halvor har bakgrunn som tømmerhoggar og ombord får han då raskt kallenamnet Skogsmatrosen. Året er 1939, og det er uro i Europa. Medan Halvor og dei på M/S Tomar oppheld seg i aust-Asia, får dei beskjed om at Noreg er i krig - og situasjonen for alle på skipet vert heilt annleis enn tidlegare. Intensiteten og dramatikken stig gradvis utover i forteljinga, og historia er etter mitt syn realistisk og truverdig. Me får følgja hovudpersonen Halvor tett; kronologisk og dag for dag, både gjennom ei allvitande forteljarstemme og gjennom dagboksnotat. Verda omkring Halvor vert dramatisk endra i løpet av den fyrste tida hans som sjømann - og Halvor forandrar seg også, naturleg nok.
Nesten 4500 norske sjøfolk omkom under 2. verdskrig. Krigsseglarane befann seg ute på havet, med kontinuerleg frykt for å bli torpedert av tyske ubåtar, fly eller skip. Ikkje så rart at mange av dei var mentalt sjuke då dei vende heim etter krigen.
Boka Skogsmatrosen er forholdsvis interessant og ganske lærerik. Ho har enkelte glimt av spenning og nerve, men er altså for lang og for treg. Boka er verd å lesa fordi det historiske stoffet er lite skrive om tidlegare. Ho er ei påminning til oss alle om den heltemodige innsatsen dei mange sjøfolka gjorde i løpet av krigsåra, og om korleis krigsseglarane vart svikta av det offentlege Noreg etter krigen. Samfunnet tok dessverre ikkje like godt vare på alle krigsheltane sine.
Om eg kjem til å lesa dei neste bøkene i serien En sjøens helt? Neppe - men eg er bittelitt nysgjerrig på korleis det går med Halvor og dei andre..



















