Lydbokforlaget 2015Speletid: 11:40
Opplesar: Torbjørn Harr
Lytteeksemplar fått frå forlaget
Eg har hatt mange gode lese- og lytteopplevingar i det siste - og nyleg høyrde eg på enno ei svært god bok; debutromanen til svenske Joakim Zander, Svømmeren.
Dette er ein intens thriller - fylt av action, overraskingar og spenning samstundes som historia inneheld så mykje meir: ei historie om kjærleik, skuld, sorg, smerte, svik og forsoning. Handlinga går føre seg i EU-hovudstaden Brüssel, i CIA-hovudkvarteret i Virginia, i ymse krigssoner i Midtausten og i den svenske skjærgården.
Historia byrjar i 1980 i Damaskus i Syria der ein liten familie vert øydelagd når ei bilbombe eksploderer og mora i familien døyr. 30 år seinare møter me libanesisk-svenske Mahmood, han er universitetstilsett og forskar på krigsforbrytelsar. Under ein konferanse i Brüssel blir han kontakta av ein tidlegare soldatkollega som har oppsiktsvekkjande og farlege opplysningar som omhandlar amerikanske soldatar og tortur i Irak og Afghanistan. Under det fyrste møtet mellom dei to vert kollegaen brutalt drept. Dermed vert uskuldige Mahmood sett i samband med mord og terror. Han er i trøbbel, for å sei det mildt, og er nokså desperat når han tek kontakt med den tidlegare kjæresten sin, Klara Walldén.
Denne Klara er den samlande karakteren i boka. Ho er tilsett som jurist hos ein svensk EU-politikar - og saman med Mahmood vert ho kasta inn i ei heseblesande flukt- og forfølgingshistorie. Nokon vil - for ein kvar pris - hindra at opplysningane dei sit på kjem fram i lyset. Dette er noko av det som er mest fengslande med ei slik historie; at vanlege og uskuldige folk hamnar i ein situasjon der dei plutseleg vert beskulda for ulike ting. Det einaste håpet deira er å rømma, samstundes som dei prøver å finna sanninga.
Parallellt får lesaren følgja ein namnlaus amerikansk agent - "Svømmeren" - som er prega av ei stor sorg. Han mista for fleire år sidan den store kjærleiken sin i eit bombeattentat og overlot deretter den vesle dottera deira til ein uviss lagnad. For å gløyma sorga og det han heile tida har oppfatta som sitt store svik, har han opphalde seg i krigssoner og konfliktområde rundt omkring i verda.
Romanen har eit politisk, internasjonalt og aktuelt bakteppe. Ein får møta grådige lobbyistar og får eit innblikk i internasjonale intriger og politisk maktspel - og ikkje minst; møta amerikanske soldatar og CIA-agentar med ganske usympatiske trekk. Zander har sjølv bakgrunn som jurist og har arbeidd i EU-kommisjonen og for Europarådet, og vaks opp i Sverige, Syria og Israel. Han har dermed både fagleg tyngde og ein viss internasjonal erfaring - som syner att i boka.
Boka er ein velskriven spionthriller med mange interessante hovud- og bipersonar - og inneheld fleire overraskingar undervegs. Zander har nok jobba mykje med språket; det er tydeleg at teksten er grundig gjennomarbeida. Det ligg eit alvor og ei meining i romanen i tillegg til det som er underhaldande og spennande. Dersom eg skal samanlikna boka med andre tidlegare leseopplevingar, er nok Stieg Larsson sin Millennium-trilogi nærast, - men eg får også assossiasjonar til Robert Ludlum og John le Carré, samt kanskje litt Mankell, Nesbø og Adler-Olsen.
Zander skildrar både menneske og hendingar med innsikt og balanse. Miljøskildringane er detaljerte og truverdige, - og dei menneskelege reaksjonane som gjeld moral, skuld og samvit er truverdige og fortalt om på ein overbevisande måte. Eg likte Svømmeren svært godt, - så godt at eg vurderte å gi terningkast 6. Eg vel likevel å lata terningen landa på 5 - eg trur nemleg forfattaren har enno litt meir "å gå på". For meg vart eit par trådar uavklarte - men det er muleg at det er min eigen feil; kanskje eg ikkje har vore konsentrert nok gjennom heile boka.
Eg las ein stad at det er planlagt ytterlegare to bøker med Klara Walldén - så her er det berre å gleda seg til neste! Eg er også temmeleg sikker på at boka kjem til å bli film og/eller TV-serie i ganske nær framtid.





















