Undertittel: Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust
Gyldendal 2014
320 sider
Ebok lånt på biblioteket (ebokbib)
70-75 år etter krigen er stadig nye historikarar, forfattarar og lesarar opptekne av 2. verdskrig. I løpet av det siste året har eg lest fleire skjønnlitterære bøker som har krigen som bakteppe og innfallsvinkel. Eg har også lest Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson, som er ei sakprosabok med ein svært personleg vri, - og like før jul las eg så Den største forbrytelsen, Marte Michelet si Bragepris-vinnande og kritikerroste bok.
Opp gjennom åra har eg lest ganske mange forteljingar, erindrings- og dokumentarbøker som handlar om 2. verdskrig og Holocaust. Å lesa om dette avskyelege og omfattande folkemordet er like opprørande kvar gong. Gjennom Michelet si bok vert alt dette avskyelege enno nærare, for her handlar det om deportasjonen av dei norske jødane under krigen. Boka skildrar også den alminnelege oppfatninga og skammelege behandlinga som jødane opplevde her i landet.
Det vert fortalt om ein heilt vanleg jødisk familie. Benzel og Sara Braude var eit ungt ektepar frå Litauen som i byrjinga av 1900-talet busette seg på Grünerløkka i Oslo, der det alt var etablert eit lite jødisk miljø. Etter kvart fekk dei fire barn, ei dotter og tre søner. Trass i at dei budde nokså kummerleg og at det var strevsamt for dei å få endane til å møtast, hadde dei det ganske greit og trygt der dei budde dei fyrste åra. Men då antisemittismen, nasjonalismen og framandfrykta vaks seg sterkare utover på 1930-talet, vart alt annleis.
Samstundes som me får eit blikk inn i liva til familien Braude, får me følgja eit par gjerningspersonar: Vestkantguten Stian Beck jr. som kalla seg "Norges største nazist" - og var stolt av det - og gestapo-offiseren Wilhelm Wagner som var ansvarleg for registreringa av dei norske jødane.
Michelet skriv svært godt i eit lettlest, nøkternt og flytande språk; men at boka er lettlest betyr ikkje at det er lettvint. Forfattaren går svært grundig til verks i dette bekmørke kapitlet i den norske historia. Boka er basert på omfattande forsking og gransking og intervju med slektningar av dei overlevande. Det mest sjokkerande og avslørande er at nesten ingen gjorde noko for å stoppa nazistane si trakassering og forfølging av jødane. Antisemittismen og motviljen mot utlendingar var sterk og djup. Det var det norske politiet (dvs. det naziststyrte statspolitiet) som utførte arrestasjonane av jødane som vart sende til dødsleirane. Av dei 532 jødiske menn, kvinner og barn som vart førde ombord på skipet M/S Donau i november 1942 kom berre 9 tilbake. I ettertid har politiet bedt om unnskyldning for denne tragedien.
Av familien Braude var det berre dottera og den eine sonen som overlevde krigen. Dottera Helene flykta til Sverige då krigen braut ut, medan sonen Charles var "arisk gift" og vart "berre" internert. Alle dei andre døydde i Auschwitz.
Boka anbefalast på det sterkaste. Ho gjorde djupt inntrykk på meg, ikkje minst fordi det er skrive på ein så "kjenslefattig" måte. Den historiske dokumentasjonen og skjebnen til desse enkeltmenneska er så sterke i seg sjølv, så det er ikkje nødvendig med ytterlegare utbroderingar eller nærgåande skildringar.
Er du interessert i å lesa meir om Holocaust finst det mykje stoff på nettsidene http://www.hlsenteret.no/ og http://www.folkemord.no/
Dette er vel en bok jeg må lese en dag. Akkurat nå er jeg mett av krigsstoff, det er jeg ganske ofte egentlig. Det blir så sterkt og vondt å lese om, og en vet jo mye av dette far før når en har levd noen år.. Men boka skal leses. Flott omtale Berit og fortsatt god romjul.:)
SvarSlettKrig er alltid vondt og sterkt å lesa om - og stadig like aktuelt, dessverre. Denne boka må du få med deg.
SlettHerlig omtale! Denne boken burde bli pensum. Hun tegner et fint bilde av de familiene det dreier seg om, samtidig som teksten er fri for føleri. Dette traff hun meg midt i hjertet med.
SvarSlettVeldig enig. Boka/stoffet er så bra at ekstra føleri er unødvendig.
Slett