27. februar 2015

Bokomtale: Bro bro brille av M. J. Arlidge

Vigmostad & Bjørke 2015
387 sider

Kjelde: Fått i gåve (Takk, mamma!)

Eg las debutboka til M. J. Arlidge, Elle melle, i romjula - og den vart eg overraska og imponert over: Der og då fekk eg kjensla av at dette kunne bli ein ny favorittforfattar. Ein får presentert ein særeigen protagonist - og leseopplevinga vart akkurat etter min smak; høg sidevendar-faktor, skikkeleg spennande og uhyggeleg skummel. Litt ekkel, heilt på grensa til det eg tåler, men såpass urealistisk og usannsynleg at eg likevel fann historia akseptabel. Poenget med ei god krimbok er nettopp sjølve plottet og korleis puslespelbitane heng saman - og akkurat det fungerte i Elle Melle. For meg vart den boka ein interessant start på ein krimserie.

Oppfølgjarboka har tittelen Bro bro brille og på nytt får ein møta etterforskar Helen Grace og hennar kollegaer i Southampton-politiet. Historia startar omlag eitt år etter dei høgdramatiske hendingane som fann stad i den fyrste boka.

I denne boka er det ein ny seriemordar på ferde, - og på ny er det heile uforståeleg, forvirrande og nokså bestialsk. Det ser ut som om gjerningspersonen er ein slags "omvendt versjon" av Jack the Ripper; ein person som myrdar og lemlestar, ikkje dei prostituerte som i Jack the Rippers tilfelle, men horekundane. Drapa er utspekulerte, vel planlagde og utførte i eit ekstremt raseri - og alt tyder på at det er ei kvinne som står bak. Kva kan vera bakgrunnen for eit slikt uhyggeleg hat?

Hovudperson Helen Grace er ein protagonist som ein ikkje blir heilt klok på - ho gjer mange ukloke val og er slett ikkje berre sympatisk. Ein interessant karakter; sterk og bestemt på overflata, men på den andre sida; sterkt prega av ei mørk fortid. Ein bør lesa Elle melle fyrst for å forstå meir av bakgrunnen til Helen og forholdet hennar til kollegaene.

Korte kapittel, cliffhangers, overraskingar og raske sceneskift gjer at Bro bro brille er utlest før ein får sukk for seg - og ho er nesten like spennande som den forrige boka.
Eg tykkjer denne boka inneheld ein del unødvendige trådar og at det blir litt for mange karakterar å halda styr på undervegs, men historia heng likevel saman.
Eg kjem heilt klart til å lesa dei kommande bøkene i denne serien. 

2 kommentarer:

  1. Jeg skrev om Elle Melle at det føltes som forfatteren bygget opp et persongalleri som var for stort for bare en bok. Så jeg regnet med det kom flere bøker.
    Så fint du skriver at dette kan bli en ny favorittforfatter. Det tror det jammen det kan bli for meg og :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at persongalleriet er omfattande. Litt irriterande når ein må bla tilbake for å holda styr på karakterane. Dei mange små kapitla gjer også at ein mistar litt trådar undervegs.

      Slett