For dei fleste er Henning Mankell best kjend for serien om Kurt Wallander i Ystad. Alle dei 11 bøkene (12 bøker om ein tek med Før frosten, der Linda Wallander er hovudperson) vart bestseljarar og det er blitt laga opptil fleire filmar og TV-seriar av dei.
I tillegg skreiv han mange andre skjønnlitterære verk, og fleire av desse har handling frå Afrika og/eller har tema frå og om det afrikanske kontinentet. Mankell var busett i Mosambik i mange år, og her engasjerte han seg sterkt i kampen mot fattigdom og analfabetisme. Mankell var ein forfattar med tanke for dei svake i samfunnet.
Foto: Gyldendal.no |
Sjølv har eg romanen Daisy Sisters frå 1982 ståande ulest i hylla - og det har eg tenkt å gjera noko med snart. I tillegg har eg lyst til å lesa alle Wallander-bøkene på nytt, i rett rekkefølge.
Sist lest og den einaste eg har omtalt her på bloggen av Mankell sine bøker er Hånden frå 2013. Dei Mankellbøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg er Den hvite løvinnen (Wallander #3) samt dei frittståande romanane Kineseren (2008) og Danselærerens tilbakekomst. Sistnemnde er frå 2001 og var den fyrste Mankell-boka eg las. Sidan den tid har eg lest rundt 25 av dei omlag 40 romanane som han skreiv. Eg har likt dei fleste svært godt.
Finnes det noe mer skremmende [..] enn mennesker som vet at de snart skal dø? Tiden er utmålt, det finnes ingen fluktveier, bare loddet som senker seg, døden som gjør seg parat.
(Sitat frå Kineseren)
Henning Mankell sine bøker er oversatt til over 40 språk og selde i over 40 millionar eksemplar. Det betyr at Mankell var ein av dei største og mest populære forfattarane i Norden. Han har også vore føredøme og inspirasjonskjelde for mange andre nordiske kriminalforfattarar.
Takk for alle gode lesestunder, Henning Mankell.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Red. 8.10.:
Staalesen, Nesbø, Egeland og Lindell hyllar Henning Mankell (Fedrelandsvennen)
Det same gjer Lier Horst, Faldbakken, Fossum og Holt (Dagbladet)
Jon Michelet sine minneord (Aftenposten)
Aslak Nore sine favorittar (Aftenposten)
Håkan Nesser om Henning Mankell (Sveriges radio)
Jan Guillou sine minneord (Aftonbladet)
Så fint skrevet, Berit! Eg har kun lest den første Wallander-boka, og det var ein spennande affære :-)
SvarSlettTakk, Elida.
SlettWallander er ein fin type. Svensk kvalitetskrim!
Vakkert skrevet:) Jeg har kun lest to bøker av Henning Mankell og jeg har lyst til å lese flere bøker av ham til tross for at det er lenge siden jeg leste de bøkene.
SvarSlettTakk for det, Ina. Heldigvis "lever" bøkene til Mankell enno.
Slett