19. desember 2015

Biografilesesirkel: Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann

Årets siste biosirkelrunde har tema Damer med hatt. Eg hadde i denne samanhengen planar om å lesa Patti Smith sin sjølvbiografi Just kids, men fekk ikkje tak i boka på biblioteket til rett tid, så den lesinga er utsett til eit seinare høve.

Vel. Eg måtte snu meg rundt og finna ei anna hattedame - og enda med repriselesing av boka Maria Stuart og hennes verden av Richard Herrmann. I fjor, då kongelege var tema i biosirkelen, (gjen)las eg Herrmann si bok om dronning Elizabeth I, noko som var svært vellukka. Så medan eg no "burde" ha vore travelt opptatt med rundvask, sølvpuss, stryking, innkjøp, baking og dilling - har eg i staden lege på sofaen og lest om Maria Stuart. Boka er omfattande, så det har teke si tid. Eg kunne ha skumma gjennom enkelte sider og avsnitt sidan eg har lest boka før, for mange år sidan - men eg fall ikkje for den freistinga, heller ikkje då fristen for lesesirkelrunden gjekk ut. Dette er nemleg svært underhaldande og interessant lesing.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Cappelen Damm 1988
499 sider
Kjelde: bokhylla.no

På omslaget kan ein sjå at Maria Stuart har på seg noko som liknar på ein hatt; det er i alle fall eit hovudplagg. Mest sannsynleg var dette høgste mote i royale kretsar den gongen på 1500-talet.

"Mi" dame med hatt er altså Maria Stuart (1542 - 87), dronning Maria I av Skottland, på engelsk ofte kalla Mary, Queen of Scots, som vart dronning seks dagar gammal og som enda sitt liv på skafottet 45 år seinare. Då hadde ho vore dronning Elizabeth I sin fange gjennom storparten av sitt vaksne liv.
På eit tidspunkt - då ho var 16-17 år gammal - var ho dronning i to land; Skottland og Frankrike - og ho kravde også ei tredje krone; den engelske. Det skulle bli fatalt. Ho tapte all makt, alle tre kronene - og sitt eige hovud. Alt dette handla naturlegvis om makt, politikk og religion.

På denne tida hende det ikkje sjeldan at små ungar vart konge eller dronning. Dei kongelege borna, i alle fall dei med arverett, vart brikker i eit storpolitisk spel. Dei vart difor gjerne gifta bort alt i spebarns- eller småbarnsalder. For å skapa alliansar vart det arrangert fornuftsekteskap på tvers av landegrenser - av slike maktpolitiske årsaker. Ein skal også hugsa på at dette var ei tid med sterk religionstrid, reformasjon og motreformasjon. Dronning Elizabeth var, som sin far Henrik VIII, protestant - skotske Maria var katolikk.

Far til Maria var kong James V av Skottland, mora heitte Marie de Guise; ho var franskfødd og adeleg. Richard Herrmann fortel at faren døydde av "melankoli" - han var truleg djupt deprimert etter enno eit nederlag for engelskmennene - og i tillegg fekk han altså "berre" ei dotter - så han sovna inn før Maria var ei veke gammal. Mora vart regent på vegne av den særs unge dronninga - og ho sørga for at dottera vaks opp i Frankrike; i det franske hoffet, saman med den franske tronfølgaren. Desse to borna - den skotske barnedronninga og den franske kronprinsen (dauphinen) - vart gifte med kvarandre - og vart fransk kongepar då dei var tenåringar. Men den stakkars ynkelege kongen (Frans II) døydde ikkje lenge etter giftarmålet. Maria vart enkedronning før ho fylte 18 og deretter forvist i eksil av svigermora. Ho drog tilbake til Skottland - fann seg eit par nye ektefeller og fekk eit barn - og starta, saman med sine støttespelarar, kampen mot den engelske slektningen sin; dronning Elizabeth I.

Maria Stuart hadde nemleg Tudor-blod i årene og såg på seg sjølv som rettmessig arving til den engelske trona. Den katolske kyrkja meinte at Elizabeth var eit resultat av eit utanomekteskapeleg forhold - og at Maria hadde større rett. Slike tankar og meiningar vart det bråk av, for å sei det mildt. Mektige krefter ville Maria til livs og dei to dronningane var fiendar til siste slutt. Dei skreiv likevel overhøflege brev til kvarandre - visstnok på fransk, der dei kalla kvarandre "kjære syster" - men dei møtte aldri kvarandre, ansikt til ansikt. Sjølve maktkampen var det dronning Elizabeth som "vann" i og med at Maria vart sikta for forræderi, sat i fangenskap i nitten år - og til slutt dømt til døden.

Valgspråket til Maria Stuart var "In the End is my Beginning" - og dette stemte utruleg bra for hennar del. For det var etter at Maria var død at Stuart'ane fekk makta i England. Hennar einaste barn, frå hennar andre av tre ekteskap, vart kong James I av England (i tillegg til kong James VI av Skottland) etter at dronning Elizabeth I døydde ugift og barnlaus i 1603. Dette vart starten på den vel hundre år lange Stuart-perioden - ei tid då det engelske samfunnet utvikla seg veldig både kulturelt, industrielt og politisk - men òg ei uroleg tid med blodig borgarkrig.

Richard Herrmann fortel om alt dette - og mykje, mykje meir. Han skildrar Maria Stuart, hennar liv, hennar slekt og tida dei levde i på ein kunnskapsrik, levande og elegant måte.
Ein skulle ønska at det fantest fleire slike formidlarar av tidlegare tiders hendingar; då hadde historiefaget vorte ein favoritt hos mange fleire. Herrmann gjer historia tilgjengeleg for "folk flest". Her er finurlege forklaringar, pussige anekdotar og detaljerte skildringar - og i tillegg har forfattaren overblikk og viser lesaren dei store historiske linjene.

Har du ikkje lest Richard Herrmann sine historiske biografiar? Då har du gått glipp av mykje kunnskap og underhaldning!

13 kommentarer:

  1. Nei, jeg innrømmer det, jeg har ikke lest Hermann, men han er en av biografene jeg har tenkt å få med meg, som Kvam. Føler på meg at det er større sjanse for at jeg leser Hermann, i nærmeste framtid, enn Kvam, fikk skikkelig abstinenser etter Hilary Mantel mens jeg leste omtalen din, så i første omgang blir det crossover med bok 2 om Cromwell. Når jeg får tid.

    (Tenk at man kun dø av melankoli, det høres så fryktelig trist ut, mye verre enn hva man volde seg selv av skader, depressed!)

    Applaus for samvittighetsfull innsats!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg innrømmer at eg måtte google Hilary Mantel - og dermed fann eg nokre nokre bøker som sikkert passar for meg. Mantel, Ulvetid og Cromwell vart umiddelbart sett på ønskeleseliste.
      Thank you!

      Slett
    2. Mantel er en fantastisk forfatter, begge de 2 første Cromwellbøkene vant Bookerprisen, so det er bare å glede seg. Tror Elisabeth skrev om enern (eller toern) under en av de andre rundene (kongelige?), hvis du vil ha mer info.

      Slett
  2. Herlig, denne dama og denne biografen høres jo interessant ut. Har sett Tudorserien og none filmer om Anne, og lest en bok om Elisabeth og Mary før.. Ingen kjære mor der i gården.. Og Hatten var snerten den.;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjære mor? Niks!
      Halshogging var ei "skånsom" form for dødsstraff på den tida, stort sett for dei kongelege og personar av høg byrd. Det gjekk ofte i "full pakke": Henging, trekking og kvartering - evt. bålbrenning..

      Slett
  3. Jeg har ikke lest en biografi på lenge, og det har jeg lyst til å gjøre noe med. Det var jeg flinkere til før.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er mange gode biografiar å få tak i - så det bør du gjera noko med, absolutt :-)

      Slett
  4. Å ja, Hermann sine biografiar burde eg ha lese! Fin omtale, spanande å lesa om Maria! Det må jo berre verta ei god jul med ei bok som dette i førebuinga!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg satsar på at det skal bli ei bra jul - sjølv om ein ikkje akkurat kjem i julestemning av å lesa om 15-1600 tals kongar og dronningar. Dette er bra bøker - dersom ein har interesse for temaet. Det er positivt at dei ikkje går ut på dato; dei er like aktuelle (eller uaktuelle) no i 2015 som på 1980-talet.

      Slett
  5. Åh, Richard Herrmann var den som fikk meg til å bli interessert i å lese både biografier og bøker om engelsk historie. Jeg har lest alle de kongelige biografiene hans flere ganger, inkludert denne, men hver gang jeg leser om dem får jeg lyst til å lese dem igjen. Han har en utrolig sjarmerende fortellerstemme som gjør disse bøkene til favoritter for meg.

    Har du forresten lest Herman Lindqvists bøker? Han er absolutt ikke like lett i tonen som Herrmann, men har litt den samme folkelige tilnærmingen.

    SvarSlett
    Svar
    1. For å ta det siste fyrst: Eg hadde ikkje høyrt om Lindquist (heller), men etter ein rask sjekk ser eg at han har ein del å by på av historiske biografiar. Godt tips - som eg skal ta med meg vidare - spesielt med tanke på framtidige biografileserundar.

      Eg trur det var Herrmann si stemme som gjorde at eg vart såpass interessert i engelsk historie også. Saman med nokre 70-talls BBC-seriar av høg kvalitet som eg såg saman med mi veldig interesserte mormor og mi nesten like interesserte mor. Er arveleg belasta også, som du skjønnar.

      Slett
  6. Jeg har ikke lest noe av Richard Hermann, men jeg kan tenke meg at her er det mye historie å lese. Veldig fin omtale Berit :)

    Ha en fortsatt fin romjul!

    SvarSlett
    Svar
    1. Herrmann var ein unik forteljar. Kunnskapsrik, pedagogisk, underfundig, undrande, underhaldande.

      Slett