25. februar 2016

Samleinnlegg: Vinterlesing del 2


Monogram-mordene av Sophie Hannah
Cappelen Damm 2014
318 sider, bibliotekbok

Eit hyggeleg gjensyn med Hercule Poirot - ein av dei mest berømte detektivane i litteraturhistoria. Monogram-mordene er ein Agatha Christie-pastisj, dvs. ei etterlikning av og ein hyllest til dame Agatha sine Poirot-historiar. Agatha Christie sine arvingar har gitt si "velsigning" til denne boka.

Sophie Hannah har gjort ein hederleg jobb med å gjenskapa den geniale og pertentlege Poirot. Ho gir også eit interessant og truverdig tidsbilete av London på 1920-talet.
Forteljarstemma er etterforskar Catchpool, ein stakkarsleg og irriterande naiv etterforskar som "erstattar" dei kjende bifigurane kaptein Hastings og inspektør Japp.
Poirot brukar som vanleg dei små grå når saka skal løysast. Historia er finurleg og oppfinnsam, men hinsides all truverdigheit. Terningkast 4.


Iskald tirsdag av Nicci French
Cappelen Damm 2014
443 sider, bibliotekbok

Bok nummer to i serien om psykoterapeut Frieda Klein og politietterforskar Malcolm Karlsson. Den fyrste har tittelen Blåmandag og den neste får då ein tittel med onsdag i, skulle ein tru. Det er i alle fall naudsynt å lesa Blåmandag før Iskald tirsdag. Her er fleire henvisningar til og oppnøsting av eit par lause trådar derifrå.
Karlsson får nok ein gong bruk for ekspertisen til Klein når ein død mann vert funnen i heimen til ei tydeleg psykisk sjuk kvinne. Kvinna er utilrekneleg og ute av stand til å gjera greie for seg, men "alt" tyder på at ho har drept denne mannen. Å finna motiv for ugjerninga og identitet på mannspersonen viser seg å bli utfordrande.

Nicci French-paret har på ny levert ei bra og engasjerande kriminalgåte med ein utypisk og fascinerande protagonist. Iskald tirsdag er intelligent og original krim med særdeles gode miljøskildringar.
Terningkast 5.


Blå stjerne av Jan Guillou
Vigmostad & Bjørke 2015
484 sider, eBokBib

Femte bind i denne storslagne serien omhandlar delvis same tidsperiode som den forrige Ikke ville se; krigsåra 1941-45 - men Blå stjerne har eit meir feministisk perspektiv. I denne boka er det døtrene/kvinnene i familien Lauritzen som har hovudrolla. Det handlar om kvinnene sin innsats under krigen; om motstand og kamp og om svik og forræderi.

Storesyster Johanne er aktiv i den norske motstandsrørsla og deltek i fleire spektakulære sabotasjeaksjonar; meir som ein slags kvinneleg Hamilton. Etter kvart blir ho rekruttert som britisk spion under kodenamnet Blå stjerne - og seinare får ho andre utfordringar. Veslesyster Rosa deltek på ein annan måte; i den svenske etterretningstenesta.
Eg likte boka - Guillou er verkeleg ein god forteljar. Boka har gode og presise skildringar av både personar, hendingar og stader. Ho er handlingsrik, men har tidvis litt dårleg framdrift.

Det er ikkje alltid uproblematisk å blanda fakta og fiksjon. Her i landet har forfattaren blitt kritisert for å sverte minnet om Max Manus. Den kritikken er berre tull, etter mi meining. Hadde kritikarane faktisk lest boka, og spesielt forfattaren sitt etterord, hadde dei skjønt det. Sjølv ser eg fram til neste kapittel i Guillou sitt underhaldande og lærerike prosjekt Det store århundret. Terningkast 4.


Mios blues av Kristina Ohlsson
Lydbokforlaget 2015
Speletid 9:26, lytteeksemplar

Mios blues byggjer direkte på den føregåande Lotus blues, og me møter same hovudperson og forteljarstemme; advokaten Martin Brenner. Etter ein noko tung start vert dette ei godt samanskrudd historie. Handlinga er ikkje spesielt realistisk og truverdig, men likevel maktar forfattaren å sy saman og nøsta opp alle trådar, på ein relativt truverdig måte. Det er godt gjort.

Mios blues er spennande, actionfylt og hardkokt. Ein lever med og føler pulsen, paranoiaen og forvirringa til Brenner i jakta etter den eller dei som bortførte vesle Mio. Samstundes må Brenner forsøka å reinvaska seg sjølv frå alle skuldingar - og ta vare på sin eigen vesle familie. Den eine etter den andre av dei Brenner har betrudd seg til og/eller har hatt kontakt med går det ille med. Så kven kan han stola på? Kven blir det neste offeret til Lucifer? Mesteparten av handlinga føregår i Stockholm, Sverige, men det endelege oppgjeret går føre seg i Houston, Texas.
Boka er glimrande opplest av Nicolay Lange-Nielsen. Dette er eit eksempel på at ei bok "når nye høgder" takka vere ei god opplesarstemme. Terningkast 5.

5 kommentarer:

  1. Fire kjappe, ikke verst! Jeg har lest Blå stjerne og Midos Blues. Kanskje jeg ville byttet om på de to terningkastene, men ellers er vi ganske så enig om bøkene.

    SvarSlett
  2. Har gnålt flere steder nå om hvordan jeg bare leser krim for tida. Svenskekrim. Ser nå at jeg har mye å gå på når det kommer til moderne krim - selv om sisteboka her Ohlosn, vel er svensk - og kanskje å finne på storyel? (sånn ifall lysta på å lese annet enn svenskekrim aldri kommer tilbake).

    On the other hand: Ser du leser både Mantel og om Grønnlandspresen. Stor fan av begge. Eller Leine har jeg bare lest ei eneste bok av, men stikk i all forventning ble jeg revet med at grønnlandssagaen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Sorry, Ohlsson er ikkje på Storytel. Hennar bøker er det Lydbokforlaget som har rettane til. (Det er nettopp dette eg er misnøgd med når det gjeld Storytel; at det kun er Cappelen Damm og nokre småforlag som er med..)
      Får heller aldri nok av svensk krim, det dukkar stadig opp nye og spennande ting frå den kanten.

      Leine er stor. Verkeleg. Har lest erindringsromanen Kalak tidlegare - ei bok som slo meg nesten heilt ut. Får bakoversveis av Profetene innimellom også; du verden for ei forteljing. Ligg an til 6'ar så langt - men eg er ikkje halvferdig enno. (Speletid omlag 24 timar)
      Mantel og Ulvetid var det du Ingalill som tipsa meg om i samband med biolesinga om hattedama Maria Stuart, - du hugsar kanskje det?
      Eg har lest meg opp på forfattaren, såg at ho var gjest hos Skavlan og fann nyleg boka på biblioteket. Førebels, etter 60 sider, veit eg ikkje heilt kva eg tykkjer, - men eg trur det skal bli bra.

      Slett
    2. Måtte dobbelsjekke, syntes det var så rart at svenskekrimforfatter, ikke befant seg på hovedkilden til all min svenskelesing - storytel. Hun er der hun, men, på svensk. Heldigvis er jeg en stor tilhenger av svensk, legger henne i bokhylla, men skal prøve å motstå - en stund. Nettopp ferdig med 5stk Åsa Larsson, og jeg må ta et tak med resten av leselista. Grønlandssagaen var verd prisene den fikk. En av - det årets - beste lydbokopplevelser. - og når du sier det husker jeg vi snakket om Mantel. Håper det blir en god opplevelse!

      Slett
    3. Ja, bøkene hennar finst vel på svensk - det tenkte eg ikkje på.Eg kan anbefala Lotus blues og Mios blues. Av dei føregåande har eg kun lest Askepott, som eg ikkje likte noko særleg.
      Åsa Larsson er bra, eg har lest alle. På norsk og på papir.

      Slett