413 sider
Lånt ebok, eBokBib
Dette er fyrste bok i ein trilogi. Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.
Når det er sagt; Irène er ei svært god bok. Handlinga er sterk, barsk, mørk og blodig. Ho inneheld svært sterke scener - men måten alt er framstilt på og heng saman på gjer at eg likevel kan anbefala boka. Dersom du då tåler å lesa detaljerte skildringar av mord som kan assosierast med Jack the Ripper eller American Psycho...
Og sjølv om eg altså vart snytt for den største overraskinga i og med at eg las bøkene i feil rekkefølge, vart eg - ja, overraska. Fleire gonger faktisk - og når boka i byrjinga av andre del tek ein annan retning enn tidlegare, fekk eg det som gjerne kallast bakoversveis - og det likte eg!
Gjennomgangsfigur, hovudperson og den sentrale forteljarstemma er kriminalkommisær Camille Verhoeven. Han har eit handicap sidan han berre er 145 cm høg - men han har stor autoritet i si sentrale rolle i Paris-politiet. Med kløkt, intelligens og intuisjon leiar han drapsavdelinga han har ansvaret for. I privatlivet har han det godt; han er relativt nygift med vakre Irène som ventar deira fyrste barn.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEg_5x5qG0oAVZ52BXfN8clGWF9yXGk9HjGvQk4WFtMaMsWFwsjuY2Cjs6p5_dPvKcFIpHaoXVamDRnwoOtXmJ2yZK_C02xQ8D8SEOaP0L9pkLLHvPt0CWNVq6FODiqwCV5Coyli2QllQOIY/s1600/terningkast5.png)
Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.
Hmm... Det her er antakelig en av få ganger det er greit at det har gått litt tid sida en leste forrige/ neste bok i en serie. Noe har alltids gått i glemmeboka, så da blir man i det minste overraska helt til en kommer på at det var tilbakepek i forrige/ neste bok.
SvarSlettGodt poeng. Dersom det går ein del tid mellom dei to bøkene, har ikkje kronologien så mykje å sei.
SlettHeisann! Da er boka lest/ hørt, og spådommene mine slo til! At vi vet hvordan det ender til slutt, forringet ikke opplevelsen, men det gjorde den nok annerledes enn om bøkene hadde blitt lest i riktig rekkefølge. Annerldes er fortsatt bra ;o)
Slett