14. mars 2016

Kort om: Irène av Pierre Lemaitre

Aschehoug 2016
413 sider
Lånt ebok, eBokBib

Dette er fyrste bok i ein trilogi. Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.

Når det er sagt; Irène er ei svært god bok. Handlinga er sterk, barsk, mørk og blodig. Ho inneheld svært sterke scener - men måten alt er framstilt på og heng saman på gjer at eg likevel kan anbefala boka. Dersom du då tåler å lesa detaljerte skildringar av mord som kan assosierast med Jack the Ripper eller American Psycho...
Og sjølv om eg altså vart snytt for den største overraskinga i og med at eg las bøkene i feil rekkefølge, vart eg - ja, overraska. Fleire gonger faktisk - og når boka i byrjinga av andre del tek ein annan retning enn tidlegare, fekk eg det som gjerne kallast bakoversveis - og det likte eg!

Gjennomgangsfigur, hovudperson og den sentrale forteljarstemma er kriminalkommisær Camille Verhoeven. Han har eit handicap sidan han berre er 145 cm høg - men han har stor autoritet i si sentrale rolle i Paris-politiet. Med kløkt, intelligens og intuisjon leiar han drapsavdelinga han har ansvaret for. I privatlivet har han det godt; han er relativt nygift med vakre Irène som ventar deira fyrste barn.

Idyllen vert avbroten når Camille og medarbeidarane hans får to bestialske drapssaker i hendene. Mordaren har torturert, valdteke og skamfert ofra sine på uhyggeleg og gjennomtenkt vis - og etterlate seg ein signatur som viser til tidlegare uoppklarte saker. Det viser seg at mordaren har kopiert drap og drapsmetodar frå berømte kriminalromanar - men politiet og Camille har elles lite å gå etter. I tillegg vert etterforskarane og etterforskinga forstyrra av at media er unormalt godt orienterte om saksdetaljane.

Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.

3 kommentarer:

  1. Hmm... Det her er antakelig en av få ganger det er greit at det har gått litt tid sida en leste forrige/ neste bok i en serie. Noe har alltids gått i glemmeboka, så da blir man i det minste overraska helt til en kommer på at det var tilbakepek i forrige/ neste bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt poeng. Dersom det går ein del tid mellom dei to bøkene, har ikkje kronologien så mykje å sei.

      Slett
    2. Heisann! Da er boka lest/ hørt, og spådommene mine slo til! At vi vet hvordan det ender til slutt, forringet ikke opplevelsen, men det gjorde den nok annerledes enn om bøkene hadde blitt lest i riktig rekkefølge. Annerldes er fortsatt bra ;o)

      Slett