12. april 2016

3 x norsk på norsk

Eg har sagt det før, men må berre gjenta: eBokBib er eit supert tilbod. Eit par tastetrykk på mobilen eller nettbrettet - og vips så får ein ferske bøker, rett i fanget, heilt gratis. I løpet av dei to åra eg har hatt tilgang til eBokBib har eg lånt omlag 70 bøker på den måten. (Ikkje alle har falle i smak, men då har eg berre levert dei inn igjen, delvis leste eller uleste, med eit nytt kjapt klikk).

For kort tid tilbake vart fire av årets norske krimbøker tilgjengelege på eBokBib. Den fyrste - og absolutt beste - var En femte årstid av Torkil Damhaug. Den boka ga eg terningkast 5+, sjå samleinnlegget Påskelesing. Her er mi meining om dei andre tre.


Paradisplaneten av Jørgen Brekke
Juritzen 2016
493 sider, lånt ebok eBokBib


Eventuelle forventningar om ei realistisk kriminalhistorie må leggjast vekk før ein les bøkene i Singsaker-serien. Jørgen Brekke sine bøker er av typen underhaldningskrim og må lesast og vurderast deretter. Dette er bok nummer fire i serien.

Forfattaren har mykje på hjartet og fortel om spektakulære og blodige drap som vert "sausa i hop med" finurlege historiske og filosofiske forklaringar. Stikkord er avhogde hovud, hemmelege brorskap, mystiske kodar og konspirasjonar, samt vitenskapshistorie og kulturhistorie. Handlinga er tidvis ganske actionfylt og går føre seg i forskjellige miljø, på fleire ulike tidsplan og vert fortalt frå mange synsvinklar.

Stakkars Odd Singsaker får verkeleg prøvd seg i denne historia. Brekke har ei forholdsvis stø hand over det heile og let lesaren gradvis få ei oppklaring av dei ulike trådane. Terningkast 4.



Paradisbakken av Marit Reiersgård
Gyldendal 2016
399 sider, lånt ebok eBokBib


Trass i likskap i tittelen, er denne boka av eit heilt anna slag enn Brekke si bok. Dette er krim meir i Karin Fossum og Unni Lindell-gata: Velskrive, finurleg, kvardagsleg - men også (eller kanskje nettopp difor) uhyggeleg. Det er tydeleg at Reiersgård legg vekt på å skapa grundige og gjennomarbeida historiar med truverdige karakterar.

Bok nummer tre i serien om etterforskarparet Bitte og Verner er bra. Dei mange forteljarstemmene gjer at ein ser dei ulike hendingane frå "alle" kantar - og ein får den eine overraskinga etter den andre. Historia endrar karakter alt etter kva som skjer og kven som fortel. Hendingar i notid heng saman med hendingar i fortid, men gjerne på andre måtar enn ein fyrst har trudd.
Boka er spennande utan å vera spesielt heseblesande. Reiersgård gir lesaren tid og rom for ettertanke. Ei god leseoppleving til Terningkast 4+.



Maestro av Geir Tangen
Mata forlag 2016
372 sider, lånt ebok eBokBib

Nok ein underhaldningskrim. Denne er av den lettbeinte typen, med action, overraskingar og pussige situasjonar, - lettlest og fortlest.
Forfattaren har vore heilt open på at han har pøst på med kjende krimlitteratur-klisjéar i boka si. Det er greit nok, men eg vil hevda at klisjéane er like irriterande om dei er skrivne "med vilje".
Me møter mange gjenkjennelege karakterar, for eksempel: Nysgjerrig journalist med nerve- og rusproblem. Den deliriske sjefen hans. Dyktig kvinneleg etterforskar med utfordringar i privatlivet. Den sjølvgode Kripos-etterforskaren. Samt ein hevngjerrig og utspekulert seriedrapsmann. Me har lest om dei før, mange gonger..

Historia har bra driv og er godt komponert, men med litt for mange krumspring mot slutten etter min smak.
Det eg likar minst i denne boka er stilen. Du kan godt vera tøff i trynet om du heiter Jo Nesbø eller Harlan Coben. Her er det dumt, rart og påtatt. Men dette har òg med klisjéar å gjera.
Plottet er fiffig, men ikkje genialt og ikkje særleg elegant. Og - om ein har lest Iréne; heller ikkje spesielt originalt.
Konklusjon: Ein del å gå på, men likevel OK tidtrøyte og godkjent debut av Bokbloggeir.
Terningkast 4 minus.

6 kommentarer:

  1. Har bare lest Paradisplaneten av disse, som jeg likte svært godt, men så er jeg svak for Odd Singsaker-bøkeen (ja, patriotisk også).

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er lov å vera patriot :-)
      Eg likar også godt bøkene hans, og eg tykkjer Odd Singsaker er ein fin type.

      Slett
  2. Jeg har lest de to første bøkene og står på vent på eBokBib på Maestro. Godt å høre det med klisjèene i den boken, for sånt liker jeg ikke. Har bare lest overstrømmende kommentarer til boken, men så ha han mange venner på fb og i bokbloggverden, så det er kanskje ikke så rart. De to andre bøkene likte jeg godt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er kanskje greit å vera klar over dette (over)forbruket av klisjear på førehand. Boka er ikkje dårleg altså, men ho har etter mi meining fått i overkant høge terningkast.

      Slett
  3. Har kun lest "Maestro" av disse og likte den veldig godt men så var jeg heller ikke klar over at den lignet veldig en bok som kom ut i fjor, så kanskje jeg hadde hatt et litt annet syn på denne boken om jeg hadde visst det. Mulig det er modig gjort av en debutant å leke seg med krimklisjeer, jeg har ikke lest noe lignende krim før og syntes plottet var originalt.
    Når det gjelder de andre bøkene så har jeg de tidligere utgitte titlene til forfatterne så disse blir nok sikkert lest en gang også. Jeg leser ikke så mye krim så det tar lang tid for meg å komme meg gjennom en serie.
    Helt enig med deg når det gjelder Ebokbib, supert tilbud - men kanskje de burde hatt litt mer lydbøker for det kunne jeg tenke meg "å lære" meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i det siste der; utvalet av lydbøker er dårleg. Her er ein del å henta. Eg reknar med at utvalet kjem til å bli betre etter kvart.
      Vedk. Maestro og evt. likskap med Irene: Dei liknar absolutt ikkje på kvarandre. Men ein del av plottet har visse felles trekk (eg vil ikkje gå i detaljar fordi eg då avslører for mykje). Og fordi eg las Irene for kort tid sidan, vart desse trekka så tydelege for meg. Og det er klart at Irene og Pierre Lemaitre er i ein heilt annan divisjon. Maestro er puslete og enkel dersom ein samanliknar.

      Slett