9. april 2016

Bokomtale: Ulvetid av Hilary Mantel

Forlaget Press 2010
695 sider
Papirbok lånt på biblioteket

Denne boka vert sett på som eit mesterverk, ho vert beskriven som "fabelaktig", "fantastisk" og "sensasjonell" - og er den Bookerpris-vinnaren som er blitt selt mest - nokon gong. For meg vart det eit uvanleg langvarig og ganske utmattande leseprosjekt - og det er fleire grunnar til det.
For det fyrste hadde eg eit ynskje om å lesa boka skikkeleg, dvs. å ta meg tid til å gå grundig til verks.
For det andre er det ei omfattande bok på nesten 700 sider som inneheld utallige hendingar og samtalar og uendeleg mange personar. Oversikten bakerst i boka er slik sett uvurderleg.
For det tredje var forteljarstemma uklar for meg - lenge. Mantel nyttar ein temmeleg uvanleg måte å fortelja ei historie på. Noko er kronologisk, andre avsnitt er tilbakeblikk og digresjonar, utan at det går klart fram med tanke på overskrifter og oversikter. Eg måtte difor bla litt att og fram for å finna tibake til hovudtråden. Slikt tek tid.

Hendingar, personar og stader er historiske og verkelege. Handlinga er lagt til reformasjonen og Tudortida, hovudsakleg 1530-talet. Kongen i England er Henrik den 8., på denne tida gift med den fyrste dronninga si, spanskfødde og katolske Katarina av Aragon. Eg har ei grunnleggjande interesse for denne historiske epoken og har lest mykje, både sak- og skjønnlitteratur, samt sett ein del filmar og TV-seriar. Då har det stort sett handla om denne kongen og alle konene hans. I Ulvetid er hovudpersonen ein mann som sto på sidelinja, men som hadde tilgang til - og makt over - mange og mykje; Thomas Cromwell (1485 - 1540).

Det handlar om kampen om makta mellom krona og kyrkja - og om strid mellom gammal og ny tid og gamle og nye tankar. Gjennom Thomas Cromwell sine auge vert me vitne til korleis samfunnet endrar seg. Dette var ei tid med groteske straffemotodar og mykje brutalitet; avrettingar ved halshoggingar og bålbrenning var slett ikkje uvanleg - og det skjedde i religionen sitt namn. (Cromwell enda sjølv også sitt liv på skafottet, men det er ei anna historie..)
Ein får også kjennskap til privatpersonen og familiemannen Cromwell - og dermed eit interessant blikk inn i dagleglivet i ei heller velståande hus. Me møter ein pliktoppfyllande mann med store tankar som samstundes har omsorg for familien og hushaldningen sin.

Mantel framstiller Cromwell som ein språkmektig, kunnskapsrik, tilpassingsdyktig, engasjert og melankolsk mann. Han er ein diplomat, ein strateg og ein føregangsmann, men også ein manipulator. Han kom frå enkle kår, men fekk i kraft av sine kontaktar og sine evner, tilgang til dei inste gemakkane hos kongen - og hos hoffdamene. Han hadde eit nært forhold til pavens mann kardinal Wolsey, som etter kvart mista tilliten hjå kong Henrik og dermed også livet. Cromwell følte sorg etter dette, men tilpassa seg raskt den nye situasjonen.
Som kongen sin næraste rådgjevar spelte Thomas Cromwell ei stor rolle då Henrik den 8. ville ha ekteskapet med Katarina oppløyst for å gifta seg med Anne Boleyn. Kongen var desperat etter å få ein mannleg arving og det eksisterande og arrangerte 20 år gamle ekteskapet var kun ein formalitet. Han mislikte dessutan sterkt den makta pavekyrkja hadde og arbeidde for å få endra lovene. I dette arbeidet vart Thomas Cromwell sentral. Den engelske kyrkja vart gradvis reformert. (At Henrik den 8. og Katarina si dotter, Maria - med tilnamnet Den blodige - prøvde å gjeninnføra katolisismen eit par tiår seinare, er òg ei anna historie)

Eg likte Ulvetid, men er glad eg omsider vart ferdig. Boka er ikkje lett tilgjengeleg: Ho krev at ein er vaken og medan ein les, særleg med tanke på alle familiane og forbindelsane mellom dei, alle personane, alle titlane (som gjerne endra seg etter som forteljinga skreid fram) og alle namna. Ta for eksempel alle Thomas'ane: Cromwell sjølv (advokat, kongeleg rådgjevar og 1. jarl av Essex), Thomas Wolsey (rikskansler, kardinal og erkebiskop), Thomas More (advokat, filosof, forfattar, rikskansler (og seinare helgen)), Thomas Boleyn (diplomat, politikar, 1. jarl av Wiltshire og far til Anne Boleyn), Thomas Avery (Cromwell sin trufaste hushaldssekretær), Thomas Cranmer (erkebiskop og gudfar til Henrik og Anne si dotter, som seinare vart dronning Elizabeth 1.), Thomas Howard (politikar, 3. hertug av Norfolk og onkel til både Anne Boleyn og Katarina Howard (hhv. Henrik 8. si kone nr. to og fem)).

Mantel skriv i presensform, noko som gjer at ein som lesar føler at ein er tilstades på ein heilt spesiell måte. Store deler av handlinga er dialogar. Viktige samtalar, daglegdagse samtalar, hemmelege samtalar, farlege samtalar, samtalar som blir gjenfortalt. Alt sett frå Thomas Cromwell sitt perspektiv. Dei skarpe og presise personskildringane er også sett frå Cromwell sin ståstad.

Ein bør nok ha meir enn gjennomsnittleg interesse for britisk historie dersom ein skal ha glede av denne boka. Eg kan ikkje heilt slutta meg til superlativane eg refererer til innleiingsvis, til det gjekk det for langsamt og eg vart lei av å lesa i den same boka i halvannan månad. Men altså: Dette er ei fascinerande tidsreise, ei interessant og omfattande forteljing, fortalt på ein heilt spesiell måte; ujålete, detaljert og nært.
Det finst rikeleg med lettleste og overfladiske historiske romanar. Ulvetid er definitivt annleis.
Oppfølgjaren Falkejakt skal lesast, men ikkje med det fyrste. No teng eg ein pause frå Tudortida.

Hilary Mantel er aktuell med både sjølvbiografi og BBC-serie. Ho vart Dame Hilary tidlegare i år - og rett før det skjedde vitja ho Skavlan:

5 kommentarer:

  1. Skal lese denne i forbindelse med "bokhyllelesing" nå i april og det ser ut til at jeg kan belage med på at det kan ta tid å komme gjennom denne. Ser på en måte frem til å lese den for jeg tror det er en bra historie men samtidig "gruer" jeg meg til å ta fatt på en så tykk bok, særlig når jeg holder på en en mustein nå også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig at du skal lese denne i samband med bokhyllelesing. Og ja - du bør ta høgde for at det tek tid, dette er omfattande og omfangsrikt - men interessant, dersom du har sans for denne historiske epoken. Lykke til!

      Slett
  2. (fjerde kommentarforsøk, måtte bytte til chrome??)

    Ville bare si juhuu til femmer og at jeg fniste til alle thomas-ene. Hørte selv lydboka og endte opp med 3x30t pga all tilbakespolinga. Ville ha alt riktig. Takk og pris for dialogene. Jeg hadde svært lite kunnskap (nor interesse) for perioden på forhånd, med det resultat at all min viten nå er sentrert gjennom Cromwell, navet i min britiske historie. Alt jeg vet er filtrert gjennom ei fiktiv sidelinje. Det er godt gjort av Hilary -)

    SvarSlett
    Svar
    1. (Chrome er best!)
      90 timar altså, wow - vart du ikkje lei?? Har du lest/høyrt oppfølgjaren Falkejakt? (som av ein eller annan merkeleg grunn er den norske tittelen på 'Bring up the bodies')

      Slett
    2. For å besvare begge spm med ett.
      Jeg har ennå ikke begynt på Bring up the Bodies.
      (men er nå snart klar).

      Slett