20. april 2016

Kort om: Hvite spor av Emelie Schepp

Gyldendal 2016
408 sider

Kjelde: eBokBib

Emelie Schepp har på nytt skrive ein sidevendar som ein tidvis får høg puls av. Handlinga i andre bok i serien om statsadvokat Jana Berzelius tek til ei tid etter der den fyrste Merket for livet slutta, og er på mange måtar eit framhald av den boka.

Det er tydeleg at ambisjonane til denne unge forfattaren er høge. Eg gledar meg alt til neste bok - for den må berre komma. Schepp har tydeleg blitt inspirert av andre dyktige svenske seriekrimforfattarar. Medan eg las fekk eg assosiasjonar til bøker av t.d. Stieg Larsson, Roslund & Hällström, Jens Lapidus, Camilla Läckberg og Åsa Larsson.

Det er eit voldsomt driv over handlinga i Hvite spor. Her er effektivt språk, kjappe sceneskift, korte kapittel, stigande spenning, skiftande perspektiv og litt uvanlege karakterar. Enkelte stader blir spora som forfattaren legg ut overtydelege, men alt i alt er dette ei bok som gir lesaren god underhaldnig.

Ein finn ein del klisjéar i boka: Hovudpersonen som har ein mørk og hemmeleg bakgrunn, jenta som sit bakbunden i eit avsides hus og som desperat klarar å rømma, politietterforskarane som slit med sine private forviklingar, den stakkars politibetjenten som blir pressa til å begå eit feilgrep, den høgdramatiske avslutninga med ein kamp på liv og død, etc. etc. Mykje av dette har ein (på ein måte) lest før - så ein blir ikkje akkurat kjempeoverraska. Klisjébruken skuldast truleg (dei mulege) inspirasjonskjeldene som Schepp har gjort bruk av. Men -  det funkar som berre det i denne historia.

Eg kan anbefala Hvite spor - men les Merket for livet fyrst!

Andre bloggmeiningar:
Tine sin blogg
Den andre Berit
Bjørnebok
My Criminal Mind

4 kommentarer:

  1. Flott omtale og takk for linking! Politietterforskere med private problemer kan vel knapt nevnes som klisjèer, for det finnes jeg i de fleste krimhistorier. Kanskje vi skal utfordre krimforfatterne til å gi oss en hovedperson uten personlige problemer eller laster? Jeg likte også disse to bøkene godt, håper neste bok er i trykken!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det går noko inflasjon i problemer og laster ja, men me vil vel ikkje ha ein krimhelt som er heilt perfekt og utan lyter heller..? Eg må innrømme at eg er svak for mange av desse rufsete krimheltane. Schepp er eit bra krimtalent, er enig i det.

      Slett
  2. Må visst ta en titt på disse bøkene etterhvert, skjønner jeg..:)

    SvarSlett