4. oktober 2016

Samleinnlegg: Haustlesing del 1

Hviskeren av Karin Fossum
Cappelen Damm 2016
333 sider, lånt papirbok privat


Det er ikkje mange som kan skriva like innsiktsfullt om einsame og skakkøyrde menneske som denne forfattaren. Hviskeren har fått mykje merksemd og utruleg mykje ros og høge terningkast. Og for alle del; boka er velskriven - det skulle berre mangla, me snakkar om sjølvaste Karin Fossum her. Men mine forventningar vart berre delvis innfridde.

Brotsverket har skjedd når handlinga i boka tek til. Alt i opningsscenen får ein møta Ragna Riegel i ein avhøyrssituasjon med etterforskar Konrad Sejer. Deretter får ein historia om stakkars Ragna og livet hennar. Gradvis og møysommeleg får lesaren historia; om Ragna, om bakgrunnen, tvangshandlingane og vrangforestillingane hennar. Dette er skildra på ein glimrande måte, men undervegs kjenner eg på at det ikkje engasjerer meg så veldig likevel.
Boka har ein trist og tung undertone og Sejer er meir melankolsk enn nokon gong. Avslutninga er på ein måte forutsigbar - eg forventa faktisk at det skulle enda på ein noko uavklart måte. Terningkast 4.


Monopol av Helle Stensbak
Gyldendal 2015
496 sider, papirbok fått i gåve


Hovudpersonen Rigmor Stark er eit friskt fyrverkeri; intelligent, frekk, uortodoks og rappkjefta. ei slik dame skulle dei hatt i det verkelege politiet. Eller kanskje ikkje, slik ho bevegar seg på kanten av lova.

Stensbak har også ein frisk stil. Vittig utan at det er altfor påtatt. Spesielle karakterar som ikkje er altfor karikerte. Mykje av handlinga føregår i eit musikkmiljø som vert skildra som ganske merkeleg og dekadent - men som også virkar nokså truverdig.

Så har me sjølve krimgåta - som ikkje heilt held mål. Plottet er stort og komplisert og den siste delen vart for meg eit einaste rot. Framdrifta er dårleg og spenninga er berre delvis til stades. Ei strammare redigering og eit ikkje fullt så omfattande persongalleri hadde gjort boka betre.
Boka er illustrert med bilete av May-Irene Aasen (kanskje mest kjent som trommeslagar i Jokke og Valentinerne). Bileta er greie nok, men eg skjønnar ikkje heilt poenget med dei. Terningkast 3.



Alice Munros beste - noveller i utvalg
Gyldendal 2011
694 sider, eBokBib


Eg har brukt nesten tre månader på denne boka, og fornya lånetida i eBokBib fleire gonger. Flesteparten av dei tjue novellene er nemleg ganske omfattande - nesten som miniromanar. Eg les ofte noveller mellom bøker - og difor tek det den tida det tek.
Forteljingane er innhaldsrike og stemningsfulle, fulle av detaljar, men likevel; ikkje noko "overflødig".

Munro skildrar gjennomsnittsmannen og -kvinna og det handlar ofte om "sjølve livet": Utfordringar, bekymringar, lykke, sorg, venskap, familie, generasjonar. Tilbakeblikk og tida som gjekk. Sosiale skilnader i småbyar og på landsbygda. Gode skildringar av det kanadiske, både natur og folkesjel.
Alt er skildra med livsvisdom og varme, presist og ukomplisert, og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Persongalleriet er variert og formidla på ein gjenkjenneleg måte.

Dette er ei slags "best of"- samling av Alice Munro sitt forfattarskap. Historiane vert presenterte kronologisk og er henta frå mange ulike novellesamlingar, frå 1968 til 2010. Som bonus får ein også eit interessant intervju med forfattaren. Eg gir ikkje toppkarakter fordi eg etter avslutta lesing føler at eg har fått overdose Alice Munro. Eller kanskje eg burde brukt ytterlegare tre månader på boka. Terningkast 4+.


Presidentene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2008
Speletid 8:27, Storytel


Ikkje så ny bok, men likevel aktuell sidan den amerikanske valkampen pågår for fullt no. Eg håpar inderleg at Donald Trump ikkje vert ny president. For som Lahlum si bok viser; den amerikanske utanrikspolitikken og den amerikanske presidenten sine handlingar er superviktig for resten av verda. Tenk berre på Franklin D. Roosevelt og den rolla han spelte under andre verdenskrig og danninga av FN etter krigen. Eller John Kennedy og Cubakrisa og Lyndon B. Johnson og Vietnamkrigen. Eller Bush senior og Iran-Contras-affæren og Bush junior og invasjonen i Irak. For å ta nokre få eksempel.

Lydboka er ei mykje forkorta utgåve av den trykte boka og omhandlar dei tretten, etter Lahlum sitt syn, viktigaste presidentane. Roosevelt og Kennedy er mellom desse, og ein får i tillegg høyra om George Washington, Thomas Jefferson, Andrew Jackson, James Polk, Abraham Lincoln, Theodore Roosevelt, Woodrow Wilson, Harry Truman, Dwight D. Eisenhower, Ronald Reagan og Bill Clinton.

Ein skulle kanskje tru at dette var tørre saker, men det er ikkje det. Lahlum skriv lettfatteleg og på ein underhaldande måte. Sett i etterpåklokskapens lys var fleire av presidentane skremmande undertrykkande, sjølvgode og rasistiske. Andre hadde visjonar og betydde mykje for samfunnsutviklinga og tilhøva for enkeltmenneske.
Er ein ute etter kjapp informasjon og oversikt er dette ei grei bok. Lahlum er også overraskande grei å høyra på som opplesar av boka. Terningkast 4.

7 kommentarer:

  1. Fint samleinnlegg Berit. Jeg likte nok Hviskeren bedre enn deg, virker det som. Munroes novellesamling har jeg i hylla, men har ikke lest en eneste en. I dag savnet jeg en liten novellesamling å ha i veska for å lese på bussen etc, men Munroes er alt for stor til det. Skjønt jeg har en Grytten-samling her, ellers så kan jeg laste ned noe på dBokBib.. Ha en fin kveld:)
    Ps.. hvordan går det med norskelesing -16? Funnet noen favoritter så langt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe. Eg har vore inne hos deg og kommentert det med norskelesinga medan du har vore "innom" her, så du får lese det eg har skrive i samband med septemberoppsummeringa.
      Novellesamlingar er fine å ha i veska, enig i det. Og det finst fleire på eBokBib.

      Slett
  2. Hei Berit!
    Jeg har ikke lest noen av disse- enda. "Hviskeren" står jeg på venteliste for å låne, Alice Munro har jeg aldri helt funnet tonen med (og hvis man må bruke et halvår på ei novellesamlig, er det kanskje andre novellister man kan bruke tid på uten at det blir overdose..?). Lahlums presidenter bel jeg overraskende nysgjerrig på- den kunne jeg tenkt meg å høre, enda jeg nok er under middels interresert i politikk generelt, og USA spesielt- der er de jo helt på styr, og helt uberegnelige- det er jo helt utenkelig at en som Trump kunne blitt tatt seriøst som presidentkandidat noe annet sted i den såkalt siviliserte verden.. Jeg krysser fingra for at det aldri må skje!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig når det gjeld Trump - mannen virkar å vera utilrekneleg. Er vel ikkje så overbegeistra for Hillary Clinton heller, og no er det visst like før WikiLeaks kjem med fleire uheldige avsløringar om henne.. Det er vel egentleg synd at ikkje Obama kan ta ein tredje periode.
      Lahlum si presidentbok er for "dummies"; ein treng ikkje å ha særlege førehandskunnskapar om emnet for å ha glede/nytte av boka.

      Slett
  3. Har lest Hviskeren, som jeg likte godt. De to andre har jeg ikke lest. Presdentboka skulle jeg nok kunne lese. Er nærmest i sjokk over debattene i USA. Skremmende at Trump fremdeles har så mange tilhengere. Men også betenkt over Clinton, ikke minst i kampen om å gjøre USA sterkere ved å underlegge seg andre stater.Osv...

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne Trump er ikkje tilrekneleg, så det er ufatteleg at han faktisk er så populær som han er. Men ei sterk dame som Clinton virkar sikkert skremmande på mange veljarar.
      Eg mislikar sterkt den skitne valkampen som går føre seg no.

      Slett