Hviskeren av Karin Fossum
Cappelen Damm 2016
333 sider, lånt papirbok privat
Det er ikkje mange som kan skriva like innsiktsfullt om einsame og skakkøyrde menneske som denne forfattaren. Hviskeren har fått mykje merksemd og utruleg mykje ros og høge terningkast. Og for alle del; boka er velskriven - det skulle berre mangla, me snakkar om sjølvaste Karin Fossum her. Men mine forventningar vart berre delvis innfridde.
Brotsverket har skjedd når handlinga i boka tek til. Alt i opningsscenen får ein møta Ragna Riegel i ein avhøyrssituasjon med etterforskar Konrad Sejer. Deretter får ein historia om stakkars Ragna og livet hennar. Gradvis og møysommeleg får lesaren historia; om Ragna, om bakgrunnen, tvangshandlingane og vrangforestillingane hennar. Dette er skildra på ein glimrande måte, men undervegs kjenner eg på at det ikkje engasjerer meg så veldig likevel.
Boka har ein trist og tung undertone og Sejer er meir melankolsk enn nokon gong. Avslutninga er på ein måte forutsigbar - eg forventa faktisk at det skulle enda på ein noko uavklart måte. Terningkast 4.
Monopol av Helle Stensbak
Gyldendal 2015
496 sider, papirbok fått i gåve
Hovudpersonen Rigmor Stark er eit friskt fyrverkeri; intelligent, frekk, uortodoks og rappkjefta. ei slik dame skulle dei hatt i det verkelege politiet. Eller kanskje ikkje, slik ho bevegar seg på kanten av lova.
Stensbak har også ein frisk stil. Vittig utan at det er altfor påtatt. Spesielle karakterar som ikkje er altfor karikerte. Mykje av handlinga føregår i eit musikkmiljø som vert skildra som ganske merkeleg og dekadent - men som også virkar nokså truverdig.
Så har me sjølve krimgåta - som ikkje heilt held mål. Plottet er stort og komplisert og den siste delen vart for meg eit einaste rot. Framdrifta er dårleg og spenninga er berre delvis til stades. Ei strammare redigering og eit ikkje fullt så omfattande persongalleri hadde gjort boka betre.
Boka er illustrert med bilete av May-Irene Aasen (kanskje mest kjent som trommeslagar i Jokke og Valentinerne). Bileta er greie nok, men eg skjønnar ikkje heilt poenget med dei. Terningkast 3.
Alice Munros beste - noveller i utvalg
Gyldendal 2011
694 sider, eBokBib
Eg har brukt nesten tre månader på denne boka, og fornya lånetida i eBokBib fleire gonger. Flesteparten av dei tjue novellene er nemleg ganske omfattande - nesten som miniromanar. Eg les ofte noveller mellom bøker - og difor tek det den tida det tek.
Forteljingane er innhaldsrike og stemningsfulle, fulle av detaljar, men likevel; ikkje noko "overflødig".
Munro skildrar gjennomsnittsmannen og -kvinna og det handlar ofte om "sjølve livet": Utfordringar, bekymringar, lykke, sorg, venskap, familie, generasjonar. Tilbakeblikk og tida som gjekk. Sosiale skilnader i småbyar og på landsbygda. Gode skildringar av det kanadiske, både natur og folkesjel.
Alt er skildra med livsvisdom og varme, presist og ukomplisert, og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Persongalleriet er variert og formidla på ein gjenkjenneleg måte.
Dette er ei slags "best of"- samling av Alice Munro sitt forfattarskap. Historiane vert presenterte kronologisk og er henta frå mange ulike novellesamlingar, frå 1968 til 2010. Som bonus får ein også eit interessant intervju med forfattaren. Eg gir ikkje toppkarakter fordi eg etter avslutta lesing føler at eg har fått overdose Alice Munro. Eller kanskje eg burde brukt ytterlegare tre månader på boka. Terningkast 4+.
Presidentene av Hans Olav Lahlum
Cappelen Damm 2008
Speletid 8:27, Storytel
Ikkje så ny bok, men likevel aktuell sidan den amerikanske valkampen pågår for fullt no. Eg håpar inderleg at Donald Trump ikkje vert ny president. For som Lahlum si bok viser; den amerikanske utanrikspolitikken og den amerikanske presidenten sine handlingar er superviktig for resten av verda. Tenk berre på Franklin D. Roosevelt og den rolla han spelte under andre verdenskrig og danninga av FN etter krigen. Eller John Kennedy og Cubakrisa og Lyndon B. Johnson og Vietnamkrigen. Eller Bush senior og Iran-Contras-affæren og Bush junior og invasjonen i Irak. For å ta nokre få eksempel.
Lydboka er ei mykje forkorta utgåve av den trykte boka og omhandlar dei tretten, etter Lahlum sitt syn, viktigaste presidentane. Roosevelt og Kennedy er mellom desse, og ein får i tillegg høyra om George Washington, Thomas Jefferson, Andrew Jackson, James Polk, Abraham Lincoln, Theodore Roosevelt, Woodrow Wilson, Harry Truman, Dwight D. Eisenhower, Ronald Reagan og Bill Clinton.
Ein skulle kanskje tru at dette var tørre saker, men det er ikkje det. Lahlum skriv lettfatteleg og på ein underhaldande måte. Sett i etterpåklokskapens lys var fleire av presidentane skremmande undertrykkande, sjølvgode og rasistiske. Andre hadde visjonar og betydde mykje for samfunnsutviklinga og tilhøva for enkeltmenneske.
Er ein ute etter kjapp informasjon og oversikt er dette ei grei bok. Lahlum er også overraskande grei å høyra på som opplesar av boka. Terningkast 4.
Viser innlegg med etiketten Helle Stensbak. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Helle Stensbak. Vis alle innlegg
4. oktober 2016
30. september 2016
Oppsummering september
Påbyrja i juli, fullført i september:
Alice Munro - Alice Munros beste: Noveller i utvalg - eBokBib
Påbyrja i august, fullført i september:
Hans Olav Lahlum - Presidentene - Norsk sakprosa - Lydbok Storytel
Lest i september:
Steve J Watson - Dobbeltliv - Britisk thriller - Papirbok lånt biblioteket
Val McDermid - Knusende stillhet - Britisk krim - Lydbok lånt biblioteket
Helle Stensbak - Monopol - Norsk krim - Papirbok fått i julegåve
Alf R. Jacobsen - Krysseren Blücher - Krigshistorisk - Lydbok Storytel
Alf R. Jacobsen - Kongens nei - Krigshistorisk - Lydbok Storytel
Tore Renberg - Du er så lys - Norsk roman - Kjøpt lydfil
Alf R. Jacobsen - Angrep ved daggry - Krigshistorisk - Lydbok Storytel
Påbyrja i september, fullførast i oktober:
David Lagerkrantz - Syndefall i Wilmslow - Svensk spenningsroman - eBokBib
C.J. Sansom - Åpenbaring - Britisk historisk krim - Papirbok lånt biblioteket
Alf R. Jacobsen - Bitter seier - Krigshistorisk - Lydbok Storytel
Oppsummert:
Merksemda rundt den nye filmen Kongens nei inspirerte meg til å lesa boka som filmen byggjer på. Alle fire bøkene i serien "Angrepet på Norge" er tilgjengelege som lydbøker på Storytel - og dei anbefalast verkeleg. Eg er imponert over forteljarmåten, kunnskapsnivået og formidlingsevna til Alf R. Jacobsen.
Elles vart Tore Renberg sin nyaste roman månadens høgdepunkt og Dobbeltliv av SJ Watson ein gedigen nedtur. Alice Munro, som "har vore med meg" i tre månader, har eg no endeleg fått lest ferdig.

- 2 papir, 1 ebok, 6 lyd
- 3 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt, 1 fått
- 3 krim/spenning, 1 annan roman, 4 sak, 1 novellesamling
- 6 norske, 2 britiske, 1 kanadisk
- 6 menn, 3 kvinner
- "Ny" forfattar: Stensbak
Merksemda rundt den nye filmen Kongens nei inspirerte meg til å lesa boka som filmen byggjer på. Alle fire bøkene i serien "Angrepet på Norge" er tilgjengelege som lydbøker på Storytel - og dei anbefalast verkeleg. Eg er imponert over forteljarmåten, kunnskapsnivået og formidlingsevna til Alf R. Jacobsen.
Elles vart Tore Renberg sin nyaste roman månadens høgdepunkt og Dobbeltliv av SJ Watson ein gedigen nedtur. Alice Munro, som "har vore med meg" i tre månader, har eg no endeleg fått lest ferdig.
Etikettar:
Alf R. Jacobsen,
Alice Munro,
Hans Olav Lahlum,
Helle Stensbak,
oppsummering,
SJ Watson,
Val McDermid
Abonner på:
Innlegg (Atom)