22. februar 2017

Favorittforfattarar: F

Så var eg kommen fram til bokstaven F i den alfabetiske gjennomgangen av favorittforfattarane mine og no må eg gjera ein vri. For dei føregåande bokstavane har eg plukka fram ein forfattar av kvart kjønn. Denne gongen vart det to menn. To heilt ulike forfattarar, men dei har ein del felles: Begge heiter Frode. Begge er fødde på 1960-talet. Begge er fotballentusiastar. Begge er folkekjære og populære.


Foto: Wikipedia.no

Frode Grytten

Norsk forfattar f. 1960.

Debuterte alt i 1983 med ei diktsamling, men det store gjennombrotet skjedde i 1999 med novellesamlinga (eller romanen?) Bikubesong som han fekk Brageprisen for. Har gitt ut romanar, dikt- og novellesamlingar og arbeidd som kulturjournalist og kulturformidlar.
For (kriminal)romanen Flytande bjørn vart han tildelt Rivertonprisen.
Skriv på nynorsk - eit så levande og moderne nynorsk at eg trur ikkje eingong nynorskhatarane legg merke til at dei les på nynorsk.

Eg er ikkje spesielt glad i lyrikk, men med Frode Grytten sine dikt stiller det seg annleis. Dei "snakkar" direkte til meg og treff meg liksom midt i magen. Les til dømes "til orientering" som er eit oppgjer med den blåblå asylpolitikken eller høyr diktet som han skreiv i samband med 22. juli.

Grytten har også ei meir lettbeint side som handlar om eit stort og varmt fotballhjerte. Han er ein dyktig formidlar av sterke fotballkjensler og har laga hyllingsdikt til m.a. Sportsklubben Brann, Steven Gerrard og Josè Marino.


Foto: Hallgeir Vågenes/VG

Frode Øverli

Norsk teikneserieforfattar f. 1968.

Skaparen av Pondus, ein serie eg har humra mykje til opp gjennom åra. Øverli har ein lettkjenneleg strek og ein litt sjuk humor, og me er mange som set pris på akkurat det.

Øverli var bidragsytar til dei satiriske teikneseriehefta Mad og Pyton på 1980-talet. Seinare vart det KOnk, Ernie og fotballstripene Micro Jacobsen og A-laget før fotballnerden Pondus vart "fødd" i 1995. Pondus vart etter kvart fast stripe i Dagbladet - og suksessen har balla på seg med Pondusalbum, Pondusjulehefte og Pondusbøker.

Pondusheftet er i dag den største teikneserien i landet og Frode Øverli er forlengst blitt mangemillionær. Riskhospitalet og Rutetid er andre kjende striper som Øverli står bak. Han har også bidrege som illustratør i nokre bøker.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

For enkelte er det kan hende overraskande at eg valde F'ane over og ikkje to andre Frode'ar, dei med etternamna Granhus og Eie Larsen. Kriminteressa mi er sentral og krimfokuset mitt er sterkt, men eg bryr meg også om andre ting. Og til no har ikkje desse to krimforfattarane imponert meg så mykje at eg kan kalla dei favorittar.

2 kommentarer:

  1. Har en sønn som var hekta på Pondus en tid, men han har for lengst flyttet hjemmefra, tegneserier er nok ikke min greie. Grytten derimot kan jeg like, til tross for at jeg ikke har lest så mye av ham. Har også opplevd ham som musiker for ikke lenge siden, en side av den allsidige karen jeg gjerne vil se igjen.
    Når du nevner Frode G. så er han neste på leseprogrammet mitt, har likt krimmen hans fra Lofoten :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heller ikkje såå glad i tegneseriar, men enkelte striper er herlege; som Pondus, Nemi og Tommy og Tigern.
      Vedk. Frode G: Den nye lofotkrimmen skal lesast, ein eller annan gong.

      Slett