24. august 2017

Bokomtale: Ulvefellen av Aslak Nore

Lydbokforlaget 2017
Speletid 10:09

Opplesar Ivar Nergaard
Kjøpt lydfil


Ai-ai for ei bok! For eit drama! Dette vart ei super lese-/lytteoppleving for meg.

Ulvefellen er ein spionthriller med handling frå krigens dagar, ei fascinerande historie og "befolka med" med ekte og interessante karakterar. Boka er velkomponert, lærerik, detaljrik og svært spennande. Det handlar om moral og umoral, svik og lojalitet, om korleis krig og konflikt grip inn i den enkelte sitt liv og om kva enkeltmenneske kan vera i stand til å gjera når situasjonen tilseier det.

Boka har fått gjennomgåande strålande kritikkar, og eg kan berre streka under desse. Dette er rett og slett ein av årets beste norske bøker.

Eg vart skikkeleg imponert over den fyrste boka til Aslak Nore, den ambisiøse En norsk spion, som kom ut i 2012. Den neste, oppfølgjaren Oslo noir (2014), vart imidlertid altfor heseblesande og difor ein liten nedtur for for meg. Desto meir gledeleg er det at Nore no er attende "på sporet" - med ei tett og innhaldsrik forteljing om etterretning, spionasje og hemmelege tenester. Sidan eg likar veldig godt å lesa både fiktive og dokumentariske bøker frå 2. verdenskrig vart akkurat det ein ekstra interessant "kulisse" for denne forteljinga.

Boka inneheld tre forteljarstemmer. Den fyrste me møter er ein kaldblodig kvinneleg agent som held til i London i 1944. Deretter går me tilbake i tid; til 1941-42 og til kampane på Austfronten. Her befinn m.a. frontkjemparen Henry Storm seg. Han vert skada i Ukraina, dimmitert og send heim til Noreg. Han vert tildelt Jernkorset for innsatsen sin, men opplevingane han har hatt i samband med Operasjon Barbarossa har gjort at Henry har vakna: Han skjønnar at han har vald feil side; han er ingen overtydd nazist og har inga tru på Det Tredje Riket lenger. Djupt deprimert har han lyst til å gjera ende på alt, men så opnar det seg ein mulegheit til hevn og oppgjer.

Den siste sentrale forteljarstemma tilhøyrer SS-offiseren Werner Sorge som er på jakt etter ein dobbeltagent. Ein spion med kodenamn Griffen forar dei allierte med informasjon om den topphemmelege rakettforskninga som tyskarane driv med. Kven er han? Korleis har han funne fram til opplysningane han vidareformidlar? Sorge brukar alle midlar for å avsløra denne personen. Gradvis nærmar dei ulike forteljarstemmene seg kvarandre. Etter kvart får ein vita identiteten til den kvinnelege London-agenten og biletet vert noko klarare. Heile biletet vert avdekka litt etter litt for lesaren, samstundes som spenningsnivået stig.

Hovudpersonane og hovudmotstandarane i boka - Storm og Sorge - er begge menn som føler tvil. For Storm fører det til at han aktivt motarbeider det regimet som han ein gong var tilhengar av. Sorge er på si side prega av at han er ein del av den tyske eliten, men han forstår og innser dei negative sidene ved Hitler-Tyskland. Han kan bruka brutale verkemiddel for å få tak i det som han er pålagt av sine overordna samstundes som han er ein mjuk mann som elskar heimen og familien sin. Nore får fram nyansane; at haldningar var i endring og at verda ikkje var svart/kvit under krigen - ikkje då heller.

Tempoet i boka er forholdsvis roleg, trass i at det som vert fortalt er svært dramatisk. Boka byr på framifrå tidsbilete og detaljerte skildringar frå daglegliv, seglarliv, studentliv, soldatliv og motstandsliv, frå både Noreg og Tyskland, samt nokre glimt frå England og Sverige. Forfattaren må ha brukt enormt med tid og ressursar på research. I tillegg har han nok brukt si eiga erfaring som soldat. Skildringa av militærlivet og kameratskapet der virkar svært så realistisk.
Aslak Nore er ein dyktig forfattar som med innsikt, balanse og forteljarglede skriv om menneske som står framfor store utfordringar.

Lydboka anbefalast. Det er tydeleg at opplesar Ivar Nergaard også likar boka, for han les med ekte engasjement og innleving.

2 kommentarer:

  1. Så artig at du likt denne så godt. Jeg vurderer å lese den, men er litt lei av 2.verdenskrig-tematikk, så jeg venter litt, tenker jeg. Men jeg likte En norsk spion av Nore. Bokhøsten har jo enormt med bøker jeg vil lese.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sikkert lurt å venta til ein er motivert å lesa om temaet. Boka er god og er vel verdt å venta på!

      Mykje bra for einkvar lesesmak denne hausten, virkar det som. Og så har me alle dei halvnye og halvgamle bøkene som ligg på vent, i tillegg..

      Slett