Aschehoug 2016
494 sider
Lånt ebok - eBokBib
Anders de la Motte var heilt ukjent for meg frå før, men positive omtalar av den nyaste boka hans, UltiMatum, gjorde at eg vart litt nysgjerrig på forfattaren og bøkene hans. Eg pleier dessutan å lika svensk krim. MemoRandom er fyrste bok i det som visstnok skal bli ein trilogi.
Sjølv om mykje i denne boka er lite truverdig og er tydeleg oppkonstruert, vart det til slutt ei brukbar leseoppleving. Tre ulike menn er sentrale i handlinga: den fyrste er David Sarac, ein politimann med hukommelsetap som etterforskar seg sjølv, den andre er ein mann som søkjer sanninga om kven som drap bror hans og den tredje er ein minister som har mykje å tapa. Her er mykje testosteron; action, skytevåpen og slåsskampar. Her er paranoia, hemmelege politioperasjonar og organisert kriminalitet, informantar og muldvarpar, forræderi og korrupsjon. Men: Her er ikkje dei gode berre snille og dei onde berre slemme. Ein møter politifolk med tvilsam moral og kriminelle med høg moral. Og omvendt. Kva rolle hovudpersonen David Sarac spelar er lenge uklart.
Det heile vert fortalt i eit høgt tempo og gjennom tre ulike synsvinklar. I starten er innhaldet noko forvirrande; ein forstår ikkje samanhengen. Gradvis får lesaren meir og meir informasjon, men puslespelet vert liksom større og større og bitane vert mindre og mindre. Enkelte av bitane får eg ikkje til å passa heilt inn og enkelte manglar - så eg kjende meg frustrert ved avslutta lesing.
Trass i dette fekk eg etter ei tid lyst til å lesa oppfølgjaren, UltiMatum.
Lydbokforlaget 2017
Speletid 13:37, opplesar Yngve Berven
Lånt på biblioteket
Denne boka er betre enn den fyrste. Handlingstrådane er meir forståelege og hendingane vert utdjupa og forklart på ein meir logisk måte. Ho er ikkje lettlest - så når ein lyttar til boka må ein vera konsentrert - men slike utfordringar er greie å takla.
Ein finn mykje av det ein forbind med Nordic Noir hos de la Motte: Velferdssamfunnet si mørke bakside, bitande kritikk av elite og styresmakter, samt fleire moralske dilemma. Alt pakka inn i eit realistisk nordisk miljø.
David Sarac er ein viktig karakter i denne boka også, men han er stadig like fråverande: Mykje tyder på at han er død. Hovudpersonane her er ei skarp og smart politikvinne, ein like skarp og smart fengselsfugl, ein ufordrageleg, falsk og utru minister og den like ufordragelege svigerfaren hans.
Det handlar om korrupsjon, mafiaverksemd og kamp om makt og ressursar. Boka ga meg visse Jason Bourne-assosiasjonar; ho er med andre ord ganske spennande og fungerer greit som underhaldningskrim.
Jeg har lest UltiMatum og likte den godt. Helt sikkert en forfatter jeg kommer til å følge med på.
SvarSlettDe la Motte har talent og potensial, det er eg enig i.
SlettTror ikke dette er bøker jeg kommer til å lese, sjøl om du har skrevet veldig bra om dem. Ikke helt min stil, tror jeg.
SvarSlettVel - eg har ikkje rosa desse bøkene opp i skyene akkurat heller - og dei passar nok ikkje for alle. Men Anders de la Motte er eit namn å notera seg for dei som er interesserte i svensk krim.
Slett