Påbyrja i juli, fullført i august:
Gard Sveen - Drømmenes gud - Norsk krim - Lyd Storytel
John Harvey - I mørket - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Alf R. Jacobsen - Djevelens kobber - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Lest i august:
Tana French - Inntrengeren - Irsk krim - Lyd Storytel
Jan-Erik Fjell - Gråsonen - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tore Renberg - Mannen som elsket Yngve - Norsk roman - Lyd Storytel
Tom Egeland - Kongen - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Chris Hammer - Krattlandet - Australsk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Et enkelt geni - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Jørgen Brekke - Andre guder - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
Påbyrja i august, fullførast i september:
Audun Molde - Pop - en historie - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
M.J. Arlidge - Nei nei gutt - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
5 lyd, 3 papir, 2 ebøker
5 lånt, 5 abonnement
9 krim, 1 annan roman
6 norske, 1 britisk, 1 irsk, 1 amerikansk, 1 australsk
9 menn, 1 kvinne
"Nye" forfattarar: Hammer
Ein ny bra lesemånad er unnagjort. Sterk overvekt av krim som vanleg, men det var gjenlesing av "klassikaren" Mannen som elsket Yngve som førte til årets fyrste seksar. Har både sett filmen og lest og lytta til boka tidlegare, men den utgåva eg no har lytta til er ei nyinnspeling der forfattaren sjølv les. Og det løfta leseopplevinga til eit enno høgare nivå.
I august las eg óg tre av årets norske krimromanar. Både Gråsonen og Kongen er grei underhaldning, men eg meiner at både Tom Egeland og Jan-Erik Fjell kan betre enn det dei får vist her. Jørgen Brekke har óg vore mykje betre i tidlegare bøker. Andre guder er ei tynn forteljing i dobbel forstand.
Djevelens kobber (utgitt 2014) hadde eg aldri høyrt om før eg tilfeldigvis kom over boka på biblioteket. Det er ein svært bra historisk kriminalroman med handling frå andre verdenskrig og tida rett etter krigen og kan verkeleg anbefalast til alle krim- og historieinteresserte. Alf R. Jacobsen er mest kjend som forfattar av krigsdokumentarar, men han beherskar også krimsjangeren på ein framifrå måte.

Så kjekt å se at du også elsker Mannen som elsket Yngve, regner med du har lest Kompani Orheim? min favoritt :)
SvarSlettHerleg! Eg er veldig veldig glad i Jarle Klepp-bøkene. Kompani Orheim er minst like bra som Mannen som elsket Yngve.
SlettFjell og Brekke har jeg lest. Enig at de har skrevet bedre bøker, selv om jeg også likte disse.
SvarSlettKrattlandet har jeg på vent. Nå sank forventingene mine.
Ein får kanskje FOR høge forventningar når dei har skrive så gode bøker før?
SlettVedk. Hammer forventa eg ikkje noko spesielt, sidan han var ny for meg. Her var det opplesaren som forringa leseopplevinga mi. Det kunne blitt ein ekstra prikk på terningen dersom eg hadde lest boka sjølv. Trur eg.
Thats quite a full august you've had!
SvarSletthttps://aab-edu.net/