17. august 2020

Sommarlesing del 1. Fersk skandinavisk krim

Tre kvinnelege krimforfattarar. Tre veldig gode bøker. Tre velskrivne og gode historiar. Tre x terningkast 5.

Bakom synger døden av Karin Fossum
Cappelen Damm 2020
380 sider
Papirbok lånt privat

Bok nummer 15 om Konrad Sejer er mellom dei beste i bokserien. Det trur eg alle anmeldarar og bokbloggarar er enige om - og eg sluttar meg fullt og heilt til deira vurderingar. Boka byr på psykologisk innsikt og gode og presise personskildringar. Historia er trist utan å vera sentimental og spennande utan å vera heseblesande.

Forfattaren får sagt mykje med få ord. Fossum (og Konrad Sejer) er meir opptatt av kvifor enn av kven og korleis når det gjeld drapsaker. Motiv kan vera så mangt, og ein skal vera ein god menneskekjennar for å finna ut kva som ligg til grunn for eit mord.

Dersom dette er den siste boka i serien er Bakom synger døden eit verdig punktum, men eg håpar sjølvsagt på fleire.

Ødemark av Stina Jackson
Gyldendal 2020
380 sider
Papirbok fått i gåve

Pussig nok har denne same sidetal som boka over. Og samanlikninga treng ikkje stoppa der; unge Jackson skriv like imponerande velformulert og minst like stemningsfullt som veteranen Fossum.

Eg likte veldig godt den forrige (debutboka Sølvveien) og er nøgd med at oppfølgjaren innfrir dei forventningane eg hadde. Ødemark er ei sjølvstendig bok, men politietterforskaren (som kun er ein biperson) er den same som i forrige bok.

Boka er langsam og stillfarande, men likevel stig intensiteten og spenninga undervegs. Også denne gongen fekk eg Kerstin Ekman-assosiasjonar medan eg las; det er eit kvalitetsstempel. Skildringane av naturen og landskapet i Nord-Sverige er levande, og det er lett å sjå for seg dei forlatte husa, dei grisgrendte stadene og menneska som bur der.


Blindtunnel av Tove Alsterdal
Kagge 2020
323 sider
Papirbok lånt privat

Heilt annan stil og heilt anna innhald enn dei to over, men dette vart også ei god leseoppleving for meg. Sjølve krimgåta er kanskje lite truverdig, men det historiske bakteppet er interessant, fengande og opprørande.

Handlar om eit svensk middelaldrande ektepar som kjøper eit hus - eit oppussingsprosjekt - i Tsjekkia. I samband med oppussinga finn dei levningane av eit menneske - eit barn som forsvann for mange år sidan. Byen der handlinga finn stad var tidlegare ein del av Sudetenland - eit område der det fann stad tragiske hendingar og etnisk rensing både før, under og etter andre verdenskrig.

Forfattaren flettar dei historiske hendingane inn i notidsforeljinga på ein overbevisande måte. Blindtunnel er både lærerik, velkomponert og velskriven.

4 kommentarer:

  1. Gode bøker alle tre på hver sin måte. Helt enig.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. På kvar sin måte, ja. Krim er sanneleg ein sjanger med mange ulike stilartar.

      Slett
  2. Så gøy at du har lest disse tre damene, jeg har lest og likt dem alle tre. Savnet terningkastet ditt, når sluttet du med det?
    Jeg har fått noen tekniske utfordringer på bloggen, og med tanke på det nye grensesnittet som ligger og lurer i skyggene, reklamemerking og litt annet, så vurderer jeg å få utløp for mitt formidlingsbehov på andre måter.
    Ønsker deg en super dag, her i Bergen har regnet kommet, føles som lenge siden sist :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje slutta med terningkast! Skreiv "Tre x terningkast 5" i starten av innlegget :-)

      Eg brukar den gamle/eksisterande versjonen framleis, og det kjem eg til å halda fram med så lenge det går. Har prøvd det nye grensesnittet, og finn ikkje ut av det med å setja inn bilete der.

      Reklamemerking er ikkje tema hos meg som ikkje tek imot leseeksemplar. (Sjølv om mine omtalar er like mykje "reklame" som andre..)
      Spent på kva du landar på av formidlingsbehov, håpar du held fram med blogg i ein eller annan form.

      Her i Indre Sogn har det vore uuthaldeleg varmt ei stund, no håpar eg på regn og kjølegare ver!

      Slett