25. august 2021

Sommarlesing: Internasjonal krim

Ei ny rundreise i krimverda, i form av korte omtalar/vurderingar i stikkordformat. Og eg må berre gjenta noko eg har sagt fleire gonger før: Krim er så mangt. Innhald, kvalitet og skrivestil er høgst varierande. Det er heller ikkje rett å sei at noko er typisk engelsk eller typisk fransk, sjølv om ein kan sjå typiske kjenneteikn i enkelte bøker og hos enkelte forfattarar.

Me startar i England.

Torsdagsmordklubben av Richard Osman
Gursli Berg 2021
430 sider
Lånt papirbok biblioteket

 - Puslespelkrim, kosekrimaktig.
 - Assosiasjonar til engelsk landsbykrim.
 - Spesielle forteljarstemmer.
 - Overraskande vendingar.
 - Tidvis langsam og tildels langtekkeleg
 - men til ein viss grad også underhaldande
 - Oppfattar boka som oppskrytt:
 - ei eventuell neste bok fristar ikkje så veldig.
 - Terningkast 4-.
Håndverkeren av Sharon Bolton
Cappelen Damm 2020
Speletid 12:16
Lyd Storytel

 - Skremmande handling, creepy stemning.
 - Utspekulert plott.
 - Gode personskildringar.
 - Overnaturlege greier; hekseri og svartekunstar? Nei takk.
 - Dårleg avslutning 
 - så overraskande skuffande frå Bolton denne gongen.
 - Terningkast 3-.

I skuddlinjen av John Harvey
Cappelen Damm 2016
412 sider
Lånt ebok BookBites

 - Forventa eit nytt møte med Frank Elder, men han er ikkje med i denne boka.
 - Vel så interessante hovudpersonar her.
 - To parallelle, grundig oppbygde handlingstrådar.
 - Svært gode skildringar av ulike miljø og menneske.
 - Skrive med innleving og engasjement.
 - Realistisk og samfunnsaktuell.
 - Noko langsam, men interessant.
 - Terningkast 4+.

 

Så går ferda vidare til Frankrike.

Natt av Bernard Minier
Lydbokforlaget 2020
Speletid 16:17
Kjøpt lydfil

 - Fjerde bok i serien om Martin Servaz.
 - Omstendeleg og grundig, men ikkje langtekkeleg. 
 - Artig og interessant at deler av handlinga er lagt til Noreg
 - Elegant og sofistikert, skummelt og mørkt
 - og dessutan innslag av humor
 - Finurleg og utspekulert plott, stadige vendingar.
 - Ikkje særleg realistisk og sannsynleg
 - men veldig spennande 
 - samt ei overraskande avslutning
 - Terningkast 5.

Konfirmanten av Bernard Minier
Aschehoug 2021
410 sider
Lånt papirbok privat

 - Femte bok i serien om Martin Servaz.
 - Ikkje så rå som forrige bok
 - og dermed heller ikkje så fengande og spennande som forventa
 - Ei ny drapssak har koblingar til Servaz si fyrste drapssak
 - Interessant møte med Servaz som ung etterforskar
 - Svakare enn dei to foregåande i serien, men eg ser likevel fram til neste bok.
 - Terningkast 4+.

Svarte vannliljer av Michel Bussi
Cappelen Damm 2020
Speletid 13:11
Lyd Storytel

 - Sjølvstendig bok, ikkje del av serie
 - Ulike og tydelege forteljarstemmer 
 - om ugjerningar i fortid som får eit oppgjer i notid.
 - Fransk impresjonisme og Claude Monet er sentralt i handlinga
 - så altfor mykje kunstsnakk etter min smak
 - Terningkast 3.

4 kommentarer:

  1. Det er ikke ofte jeg noterer meg en tittel hvor noen har gitt boken en 3`er, men kunstsnakk interesserer meg, så kanskje det faller bedre i smak her. Frank Elder-serien begynte jeg på, men fikk ikke tak i den neste boken, og så ble de glemt. Artig uenighet vi har om Miniers bøker, jeg ga Natt 4 og Konfirmanten 6 :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt sikker på at du som kunstinteressert vil lika Svarte vannliljer betre enn meg.
      Ang. Minier så er me i alle fall enige om at bøkene har varierande kvalitet,

      Slett
  2. Minier= enig!
    Bussi har jeg på vent i hylla og synes Monet-greia er interessant. Torsdagsklubben har jeg vunnet i en fb-konkurranse som Geir Tangen arrangerte på fb- og den er på vei i posten. Bolton har jeg en bok her av, tror ikke det er denne.. Håper ikke jeg liker de to sistnevnte like dårlig som du;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har lest tre bøker av Bussi og gitt terningkasta 5 (Etter styrten) - 4 (Tiden er en morder) og altså 3 til denne. Det er ikkje noko dårleg bok, men ho passa ikkje for meg, spesielt fordi eg ikkje bryr meg om kunst og kunstnarar.
      Bolton pleier eg å lika, men ikkje denne gongen.

      Slett