24. april 2023

Bokomtale: Aldri av Ken Follett

Cappelen Damm 2021
Speletid 23:27
Lyd Storytel

"Kongen av historiske mursteinsromanar" er tilbake. Denne gongen med ein samtidsroman i mursteinsformat; papirutgåva har 636 sider, lydboka varer i nesten eit døgn. Men eg vart raskt oppslukt av historia og følte aldri at boka var for lang. 

Aldri er ein atomkrigsthriller: historia om korleis ein global krisesituasjon kan føra til utbrot av tredje verdenskrig. 
Boka kom opprinneleg ut i november 2021, før Russland gjekk til angrep på Ukraina. Etter februar 2022 er verdenssituasjonen meir spent enn på lenge og innhaldet i boka dermed enno meir aktuelt og  skremmande. 

Då Ken Follett gjorde research til Kjempenes fall vart han sjokkert då han innsåg at fyrste verdenskrig var ein krig ingen ville ha. I forkant av krigen tok ulike statsleiarar forholdsvis moderate avgjerder som kvar for seg førte til den meiningslause og fryktelege krigen. Og Follett lurte difor på: Kan det skje igjen?

I kjent Follett-stil vert historia fortalt ut frå fleire ulike personar sitt perspektiv. Me befinn oss vekselvis i USA, Kina og Afrika.
I handlingstråd nummer ein vert me relativt godt kjent med president Pauline Green og staben og familien hennar i USA. I tillegg til å vera statsleiar i verdas mektigaste land har ho også familiære og personlege utfordringar - og ho må handsama pågåande media og ein løgnaktig og narsissistisk politisk motstandar (visse likskapar med ein viss tidlegare president er relativt tydelege).
Ein av president Green sine bekjente er CIA-agenten Tamara som er utstasjonert i Tsjad. Tamara og hennar kollega og hemmelege kjæreste Tab er handlingstråd nummer to.
Tamara har kontakt med den hemmelege agenten Abdul som me følgjer på ei farefull ferd gjennom Sahara. Libanesisk-amerikanske Abdul er på sporet av eit kriminelt nettverk der det handlar om både narkotika-, våpen- og menneskesmugling. Abdul sitt oppdrag og hans møte med flyktningen Kiah og den vesle sonen hennar er den tredje tråden i romanen.
I ein fjerde tråd møter me Chang Kai som er viseminister i den kinesiske utanriksetterretningstenesta. 

I ei hending på grensa mellom Tsjad og Sudan vert ein amerikansk soldat drept. Når det viser seg at det involverte våpenet er frå Nord-Korea, kjem stormaktene Kina og USA på bana - og med det er grunnlaget for eskalerande handlingar og reaksjonar lagt. På omlag same tid har det utvikla seg til eit opprør i Nord-Korea - og opprørarane har tilgang til atomvåpen.

Ingen av partane ynskjer krig, men provokasjonar og opptrappingar frå ulike hald må svarast på. I USA vert beredskapsnivået etter kvart heva til det høgaste nivået; DEFCON1 dvs. "atomkrig er nært foreståande". Alle involverte partar - og heile verda - nærmar seg, steg for steg, det utenkelege...

Aldri
er ein politisk spenningsroman som er både urovekkande og tankevekkande, nervepirrande og aktuell. Follett viser korleis små hendingar lett eskalerer til større konfliktar. Han viser kor komplekse og samansette slike konfliktsituasjonar er - og kor sårbar verdensfreden er. Det er dessverre lite som skal til før ting kan gå riktig gale.
Når me kjenner til at enkelte noverande og tidlegare toppleiarar i land som har kjernefysiske våpen ikkje er heilt tilreknelege (Putin, Trump, Kim) - ja, då kan ein bli skikkeleg skremt. 


Andre bloggmeiningar:
I bokhylla, Bokbloggeir

5 kommentarer:

  1. Denne har jeg liggende, har hørt mye bra om den, men jeg kvier meg alltid for å begynne med mursteiner. Takk for påminnelsen:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har det på same måte; å ta til på slike mursteinar er eit ork. Men når ein er kommen i gang går det som oftast greitt.

      Slett
    2. Ja, det er sant, så lenge boka fenger:)

      Slett
  2. Der fikk jeg meg en overraskelse på morgenkvisten, for jeg har boken, vet at jeg har lest (i) den, men finner ikke spor av den verken på blogg eller Bokelskere.
    Spennende å lese omtalen din, skjønner ikke hvorfor jeg ikke leste nok i den til at den i det minste havnet på listen min...
    Husker at jeg var skuffet over Follet, eller mer det at jeg fikk noe helt annet enn jeg hadde forventet, her må det leses på nytt skjønner jeg :)
    Ha en fin tirsdag Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Forventningar spelar inn, absolutt. Det gjer også dette med timing. Av og til passar det å lesa ein type bok - og andre gonger passar det best å lesa noko heilt anna. Eg las nokre omtalar på førehand og visste kva eg kunne forventa, i tillegg var eg heldig med timinga. Så eg likte boka.

      Slett