4. juli 2023

Oppsummering juni 23

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Atle Nielsen - Mord og kjærlighet - Norsk krim - Lyd Storytel
Camilla Grebe - Velkommen til Evigheten - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i juni:
Thomas Seltzer - Amerikansk karmageddon - Dokumentar/biografi - Lyd Storytel
Tom Egeland - 666 - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Kurt Aust - Skipet med det onde øye - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Sven Petter Næss - Passasjeren - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Ulf Kvensler - Sarek - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Jo Nesbø - Natthuset - Norsk - Grøsser/spenning - Lånt papirbok privat

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Kurt Aust - Hjertets mørke - Historisk krim/roman - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Etterpå er vi alle kloke - Norsk krim - Lånt ebok BookBites


3 lyd, 4 papir, 1 ebok
5 lånt, 3 abonnement
5 krim,  1 historisk krim, 1 grøsser, 1 dokumentar
6 norske, 2 svenske
7 menn, 1 kvinne
Nye forfattarar: Seltzer, Kvensler

Det har vore ein svært travel månad på jobb - og eg er nøgd med (og litt overraska over) at eg faktisk fekk lest åtte bøker i juni. No er det sommarferie, men det er dermed ikkje sagt at det vert noko meir lesing og/eller lytting. Det vil visa seg i neste månadsoppsummering.

Blogging og omtalar har ikkje vore prioritert i det siste, men som ein kan sjå på terningkasta vart det nokre bra leseopplevingar. Eg likte veldig godt både den nyaste Bjørn Beltø-boka 666Velkommen til evigheten og Skipet med det onde øye. Alle er velskrivne krimforteljingar, kvar på sin måte. 
Thomas Seltzer si bok om USA er både opplysande og underhaldande og anbefalast på det sterkaste. 

Eg gir Jo Nesbø si nyaste bok terningkast 3. Ikkje fordi Nesbø skriv dårleg, men fordi sjangeren ikkje passar meg og lesesmaken min. 

4 kommentarer:

  1. Har fire av disse på vent (Grebe, Nesbø, Kvensler , Egeland), og har lest Næss og Nielsen. Har lest lite krim i det siste. Har mye annet å holde på med for tiden, så det blir mindre lesing, merker jeg..

    God sommerferie Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir ofte mindre tid til lesing i feriane for meg òg, det dukkar alltid opp andre (meir sosiale) ting. Anbefalar Grebe og Egeland. Kvensler si bok er både likt og mislikt, har eg sett. Mange som ikkje likar avslutninga av boka, men for meg var det den som "berga" 4'aren.

      Slett
  2. Å nei! til Jo Nesbø og Atle Nielsen og Å ja! til Thomas Seltzer :)
    Håper du har en fin sommer!

    SvarSlett