Oktober 2022
Speletid 16:14
Lyd Storytel
Undertittel: Tanker om mitt fordømte fedreland
Dette er ei bok å bli opprørt av, å rista på hovudet av, å humra av, å bli klok av. Rett og slett ei veldig bra bok.
Det er mykje i det amerikanske samfunnet som er rart/uforståeleg for oss nordmenn. Difor kan det vera nyttig å sjå det gjennom augene til ein amerikansk statsborgar som har budd størsteparten av livet sitt i Noreg.
Mange har sett TV-serien UXA – Thomas Seltzers Amerika der forfattaren gjennom ein reisedokumentar viser at for mange amerikanarar er den amerikanske draumen blitt til det amerikanske marerittet. USA er blitt eit djupt splitta og polarisert land. Korleis og kvifor vart det slik?"Amerika. For meg er det et av de aller største ordene som finnes. Det er helt der oppe med andre gedigne ord som frihet, rettferdighet og håp. Men for meg er det også et ord som betyr andre ting, som familielykke, nærhet og tilhørighet. Og savn. Jeg savnet Amerika så innmari etter at vi flyttet til Norge. Jeg drømte om Amerika hele tiden. Mine første minner var det Amerika som ga meg. Det var i Amerika jeg først skjønte at jeg var et menneske i verden, og det var Amerika som ga meg mitt første språk."
Tittelen på boka seier mykje om innhaldet. Armageddon - altså undergang - og karma - i ei litt finurleg tyding. Mange amerikanarar føler avmakt; dei har ei kjensle av at ingen har bruk for dei lenger. Seltzer viser til avindustrialisering og demografiske endringar - og eit økonomisk og politisk system som gjer at dei fattige vert fattigare og dei rike rikare.
Av andre tema i boka kan nemnast sosial- og helsesystem, rasisme, religion, kultur og konspirasjonsteoriar. Alt fortalt om på ein personleg måte og i eit lettfatteleg språk. Boka er skriven med sjarm og snert, sarkasme og melankoli, og krydra med mengder av fotnotar og digresjonar.Amerikansk karmageddon er Seltzer si debutbok, og det er imponerande kva han har fått til. Eg gir boka ein klar femmar på terningen og anbefalar boka på det sterkaste. Høyr gjerne lydboka, det er forfattaren sjølv som les.
Jeg stemmer i med deg: dette er en veldig bra bok! "Alt en skal høre før ørene faller av" sa alltid min bestemor, men her kunne jeg sagt det samme, for det er mange problemstillinger Seltzer belyser her, som jeg lot meg forbause over.
SvarSlettBegynte å lytte til podkasten hans Trygdekontoret like før han gikk i pappaperm, nå gleder jeg meg til han er tilbake med sin herlige humor og skarpe vidd :)
Fortsatt god sommer Berit!
Så enig - Seltzer er dyktig og allsidig. Trur faktisk dette er ein av dei beste sakprosabøkene eg har lest.
SlettFortsatt god sommer til deg og!