2. mars 2024

Oppsummering februar 24

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Ingrid Berglund - En skygge på min grav (Oda Krogh #2) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 1 1924-1988 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel

Lese i februar: 
Johan Theorin - Bumerker (Ölandserien #6) - Svensk krim - Lånt ebok BookBites
Lina Bengtsdotter - Flammene - Svensk krim - Lånt ebok BookBites 
Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad - Historien om Vinter-OL Bind 2 1992-2018 - Norsk dokumentar/fakta - Lyd Storytel
Håkan Nesser - En fremmed banker på din dør - Svensk krim (noveller) - Lånt papirbok biblioteket
Jens Henrik Jensen - Pilegrim (Oxen #6) - Dansk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Heine Bakkeid - Sorgsankeren (Thorkild Aske #5) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Tina Frennstedt - Skjærsild (Cold case #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket og lyd Storytel

Sidetal: 3254
1 papir, 2 lyd, 4 ebøker
5 lånt, 2 abonnement
4 krimromanar, 1 krimnovellesamling, 2 fakta/dokumentar
3 norske, 3 svenske, 1 dansk
5 menn, 2 kvinner
Nye forfattarar: Tronstad

Berre to lydbøker i februar, men dei er til gjengjeld skikkeleg omfattande og langvarige. Store deler av månaden har eg vore i eit nostalgisk OL-modus, takka vere Hans Olav Lahlum og Øyvind Tronstad sine historiar frå vinter-OL dei siste 100 åra. Omtale kjem.

Av dei fire bøkene eg har gitt terningkast 5, må Håkan Nesser si bok haldast fram. En fremmed banker på din dør består av tre velskrivne langnoveller (eller kortromanar), alle i gjenkjenneleg nessersk skrivestil: humoristisk, melankolsk, satirisk og til ettertanke. Handlinga er lagt til Maardam og omegn, det vil sei frå stader alle som har lese serien om Van Veeteren kjenner til. Årsaka til at eg ikkje gir terningkast 6 er at eg skulle ønska at boka var meir omfattande. Eg kunne tenkt meg ei historie eller to til!

Jensen innfrir med den nye boka om Oxen. Det same gjer Theorin med den nyaste Ölandhistoria si og Lina Bengtsdotter med den frittståande Flammene. For Berglund sin del vart det eit knepp ned. 'En skygge på min grav' vart for tam og for enkel. 

2 kommentarer:

  1. Oxen, Theorin og Nesser skal definivt sjekkes ut. Har hatt dem på leselista lenge, men du evt- too many books osv.

    Berglund likte jeg.
    Ser du leser Sorgsankeren- den venter på meg hjemme (er i Lofoten nå) , gleder meg vilt til å lese siste boka i serien om Thorkild Aske..

    Ønsker deg en fin mars Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nesser er ein mester med sine langnoveller/kortromanar (som han er med sine lengre romanar), så eg vil verkeleg anbefala 'En fremmed banker på din dør'. Historiane er saktegåande, og med ei spenning som ligg på eit underliggande plan.

      Ferdig med Sorgsankeren i dag, og eg likte den. Etter å ha vurdert litt fram og tilbake, har eg landa på eit terningkast 5. Skal prøva å få tid til å laga ein kort omtale.

      Slett