Forfattarane er velkjende Hans Olav Lahlum og meir ukjende Øyvind Tronstad. Tronstad er ein av landets fremste ekspertar på tema vinter-OL, for han har følgd alle OL'ane sidan 1956 "med argusøyne og notatbøker". Samarbeidet mellom Lahlum og Tronstad om desse bøkene har vore særs vellukka.
Du startar sjølvsagt ikkje på noko slikt som dette om du ikkje er sportsinteressert. Du treng ikkje vera fullstendig sportsidiot, men er du interessert (nok) i vintersport, idrettspolitikk og samfunnsutvikling - då får du ei skikkeleg lang og god lesestund. Det var skikkeleg kjekt å "møta" gamle heltar og interessant å bli påmint om utøvarar og hendingar som eg hadde gløymt.
Er du interessert i papirutgåvene, kan eg opplysa om at bøkene er med på årets Mammutsalg til kr 199 per stykk.
Eg har lytta til bøkene, og det tok si tid (48 timar!), og eg gjekk glipp av alle bileta som er i papirboka - men eg har kosa meg. Eg kosa meg med portretta av tidlegare tiders idrettsheltar, av grundige skildringar av dei ulike konkurransane og arrangementa og med nostalgiske glimt frå min eigen barndom og ungdom då eg følgde med på alt som var av sport på TV. Opplesar Per Andreas Tønder er grei å høyra på, men eg reagerer på at han konsekvent uttalar bronse som "brongsje". I tillegg uttalar han ein del namn på folk og stader som i mine øyre høyrest feil ut, men det kan jo henda at tidlegare tiders radio- og TV-kommentatorar har sagt feil?
Papirbøkene inneheld ein del statistikk og oversikter, dette er kutta ut i lydbokutgåvene. Ein finn massevis av OL-statistikk på nettet om ein har interesse for det.
I desse dagar er det 100 år sidan den fyrste vinterolympiaden gjekk av stabelen i Chamonix i Frankrike og det er 30 år sidan jubeldagane på Lillehammer. Det passa dermed veldig godt å fordjupa seg i olympisk historie akkurat no.
Det er påfallande kor stor motstand det har vore mot alt nytt her i landet. Det gjeld til dømes nye stilartar som skøyting og v-stil, men det var også stor skepsis til kvinnelege langrennsutøvarar og kvinnelege hopparar. (Takk til pionerane Ingrid Wigernæs og Anette Sagen!)
Forfattarane gjer også greie for kvifor dei har plukka ut dei utøvarane som dei gir ein nærare presentasjon av. Det handlar nemleg ikkje berre om dei store stjernene; her er det også gitt plass for meir ukjende utøvarar frå smale idrettar. Som til dømes Maya Pedersen som tok gull i skeleton i Torino i 2006. Portretta er veldig interessante og gjer bøkene ekstra leseverdige.
Avslutningsvis vert det enkelte OL-arrangementet oppsummert og vurdert.
Det er ikkje same stasen med OL lenger. Såkalla sportsvasking, samt avdekking av organisert og systematisk dopingbruk og avsløringar av juksemakarar har påvirka engasjementet mitt. Dei siste åra har debattane rundt OL handla mykje om menneskerettar, doping, korrupsjon og IOC sitt gubbe- og pampevelde. Det vert hevda at IOC berre har fokus på pengar, sponsorar og TV-rettigheiter - og ikkje på idretten og dei olympiske ideala.
Chamonix 1924: 16 øvelsar, 9 idrettar. 258 utøvarar frå 16 nasjonar.
Oslo 1952: 22 øvelsar, 8 idrettar. 694 utøvarar frå 30 nasjonar.
Lillehammer 1994: 61 øvelsar, 12 idrettar. 1737 utøvarar frå 67 nasjonar.
Beijing 2022:109 øvelsar, 15 idrettar. 2871 utøvarar frå 91 nasjonslag.
Neste vinter-OL skal haldast i Cortina og Milano i Italia i 2026. Der skal det kjempast om medaljar i 116 øvelsar i 16 idrettar.
Marit Bjørgen er tidenes mestvinnande vinterolympiar med med sine totalt 15 medaljar.
I lista over mestvinnande vinterolympiarar er det tre nordmenn "på pallen". Den nederlandske skøyteløparen Ireen Wüst har like mange medaljar som Bjørndalen, men har "berre" seks gull. Elles syner statistikken at Johannes Thingnes Bøe er på 12. plass som med sine 8 medaljar - hittil. Han er framleis ung og aktiv og eg vil tru at han kjem til å krabba opp på pallplass før han gir seg. |
Anser meg selv som over middels interessert i vintersport så dette innlegget var mat for Mons. Kjekt å få være litt med til barndommen din og minner fra vintersportbegivenheter på tv. Jeg ser ikke på alt av vintersport, blir helst langrenn,skiskyting og kombinert på meg. Og siden det går på så mange ulike kanaler printer jeg ut ca 18 sider med oversikt over når rennene går så jeg ikke skal gå glipp av noe... hehe.. Er den eneste i familien som har denne interessen for vintersport så det er ingen som heier sammen med meg, men jeg syntes det er kjekt. Litt vemodig at det er slutt neste helg ( ikke helt siden det er noen renn igjen i NM også) men et sikkert vårtegn er jo at skisesongen er over.
SvarSlettHar lest noen bøker om Langrenn og enkelte skiprofiler men disse fikk jeg veldig lyst til å lese så tusen takk for tips, kanskje jeg får lest den før OL i 26?
P.S. Jeg òg tipper at Thingnes Bø kommer til å klatre litt oppover på den listen, han er bare helt rå på sitt beste!
Ha en fin kveld, Berit! :-)
Så hyggeleg tilbakemelding, Beathe. Beklagar sein respons på kommentaren din.
SlettEg vil vel hevda at du er "litt" meir enn middels interessert når du skriv ut mange sider med oversikt, slik at du ikkje skal gå glipp av noko :D
Sjølv er eg fødd inn i ein sportsinteressert/sportsgal familie, så for meg er det sjølvsagt å følgja med på sporsnyheiter og store sportsarrangement. Mi gamle mor på 86 er minst like sportsinteressert som meg, og eg er overbevist om at det er med på å halda ho ung til sinns.