31. oktober 2025

Oppsummering oktober 25

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jens Lapidus - Død mann walking (Teddy & Emilie #5) - Svensk krim - Lyd Storytel
Garry Disher - Kittyhawk savnet (Peninsula-serien #2) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites

Lese i oktober:
Karin Fossum - Kom hjem, Amadou (Eddie Feber #5) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Elly Griffiths - Huset på klippen (Ruth Galloway #3) - Britisk krim - Lyd Storytel
Are Kalvø - Berre bønder lengtar heim - Norsk humor - Lyd Storytel
Abid Raja og Torkil Damhaug - Kismat - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites
Belinda Bauer - Sannheten om livet og døden - Britisk krim - Lyd Storytel
Ørjan Karlsson - Det levende mørket (Jakob Weber #4) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Anne Holt - Diamanter og rust (Hanne Wilhelmsen #13) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
May Lis Ruus - Alle mine barn kom hjem (Lise Lotte Mehl #1) - Norsk krim - Lyd Storytel


5 lyd, 2 ebøker, 1 papir
4 lånt, 4 abonnement
7 krim, 1 humor
4 norske, 2 britiske, 1 svensk, 1 australsk
Nye forfattarar: -

Tre av oktoberbøkene mine er frå årets norske krimhaust. Eg kan anbefala alle tre. Best av dei er etter mi meining Fossum, men både Karlsson og Raja/Damhaug leverer bøker eg vurderer til sterke 4'arar. Det kjem sannsynlegvis ein samleomtale her etterkvart.

Månadens høgdepunkt: Om eg skal plukka ut kun ei av 5'ar-bøkene mine må det bli Sannheten om livet og døden. Belinda Bauer på sitt beste, og det seier ikkje lite. Boka er grøssande, gripande og spennande og fortalt frå eit spesielt perspektiv.

Månadens nedtur: Kanskje ikkje direkte nedtur, men for Huset på klippen vart det eit knepp ned i høve dei to føregåande Ruth Galloway-bøkene. Godt plott, men overforklaringar, utbroderingar og trivialitetar trekker ned heilskapsuttrykket.

2 kommentarer:

  1. Enig i Ørjan og Abid/Torkil-bøkene, de er gode, men ikke helt i toppskiktet. Ruth Galloway liker jeg, selv om noen i serien kan være tregere enn andre. Nå skal jeg lese den siste, mest fordi steinsirkler interesserer meg. Har bare lest de fire første, men jeg er heller ingen trofast kronologileser. :) Fossum ligger på vent. Bauer har kommet litt i skyggen de siste årene, men vet hun er god, så skal notere meg den.
    Ønsker deg en fin november Berit:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg både likar og irriterer meg over Ruth Galloway-serien. Det vart for mykje babyprat i Huset på klippen, denne Cathbad-figuren er meir enn merkeleg og Harry Nelson er utruleg enkel.
      På den andre sida: Artig med ein rettsarkeolog som protagonist, og dessutan interessant at handlinga foregår i eit så fascinerande landskap.
      Så eg kjem sikkert til å halda fram med serien, innimellom andre bøker og seriar.

      Takk og det same til deg!

      Slett