For vel eit år sidan skreiv eg ein serieeomtale om A-gruppen av Arne Dahl. Då hadde eg brukt store deler av sommaren på gjenlesing av denne favorittserien - og i omtalen skreiv eg at Dahl bygger vidare på krimtradisjonen som Sjöwall & Wahlöö danna.
Så - denne sommaren har eg gjenlese (dvs. lytta til) den serien som faktisk var inngangen til kriminteressa mi: Den klassiske og banebrytande Martin Beck-serien. I tillegg har eg lese ein svært interessant biografi om forfattarparet Maj Sjöwall og Per Wahlöö.
Bøkene kom ut i tidsrommet 1965 til 1975 og alle har undertittel Roman om en forbrytelse. Ein må ikkje nødvendigvis lesa dei i rekkefølge, men det er absolutt ein fordel. Då ser ein tydlegare korleis det svenske samfunnet endra seg i det aktuelle tidsrommet, og at bøkene avspeglar nettopp dette. Ein ser også korleis forfattarparet etter kvart finn sin eigen stil og korleis den "rette" blandinga mellom realisme, spenning, humor/satire, psykologisk drama og samfunnskritikk kjem til syne. Dette er starten på det som me no kjenner som nordic noir.
Takka vere Sjöwall og Wahlöö vart me kjent med Martin Beck, - og i åra som følgde kom krimheltar som f.eks. Kurt Wallander, Van Veeteren, Paul Hjelm, Annika Bengtzon og Mikael Blomquist, for å nemna nokre få. Forfattarar som Henning Mankell, Håkan Nesser, Arne Dahl, Liza Marklund og Stieg Larsson følgde altså alle i fotspora til Sjöwall/Walhöö. Det same gjorde andre skandinaviske krimforfattarar; Jo Nesbø med Harry Hole, Unni Lindell med Cato Isaksen og Jussi Adler-Olsen med Avdeling Q er andre suksessrike eksempel. Den same krimtradisjonen er dei seinare åra vidareført og vidareutvikla av andre svenske forfattar som Roslund & Hellström, Hjorth & Rosenfeldt og Lars Kepler, - for å halda oss til forfattarpar.
Kan ein krimserie som vart skriven for 50-60 år sidan framleis vera leseverdig for lesarar i 2025? Eg meiner ja, men så har då desse bøkene har betydd mykje for meg, og eg har lese dei mange gonger. Det er eit nostalgisk (men absolutt ikkje romantisk) skjær over dei, og dei minner oss om at politietterforsking og samfunnet elles har endra seg voldsomt. Bokserien har handling frå ei tid utan DNA-spor, internett, datamaskiner og mobiltelefonar - og likevel er bøkene på ein forundarleg måte stadig aktuelle.Vidare kan måten bøkene er oppbygde på opplevast som enkelt for dagens krimlesarar. I denne serien finn ein ikkje noko særleg av twists and turns og cliffhangers.
Kort om dei mest sentrale hovudpersonane
Martin Beck. Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma i serien. Han er ikkje ein spesielt spennande karakter, faktisk kan han opplevast som kjedeleg. Introvert, fagleg dyktig, trivst i jobben, men ofte frustrert pga. uduglege overordna og tungrodd system. Lever i eit ulukkeleg ekteskap, finn etter kvart kjærleiken på nytt.
Einar Rönn. Frå Norrland, treg og fåmælt, men kan komma med overraskande skarpe analysar. Har eit venskapleg forhold til Larsson og eit litt anstrengt forhold til Beck. Wahlöö sin favorittkarakter.
Kort om bøkene
Eit kvinnelik vert funne i Göta kanal og Beck og Kollberg vert tilkalla for å bistå lokalt politi. Det er tydeleg at kvinna - kven ho no er - har vore offer for ein særs brutal gjerningsperson. Etterforskinga vert framstilt på ein realistisk måte, noko som vil sei at arbeidet er vanskeleg - og dessutan omstendeleg og ufatteleg langsamt - sett med 2025-auge.
Samstundes er det interessant å lesa om korleis folk kledde seg og tedde seg, korleis dei kommuniserte og samarbeidde, og ikkje minst kva haldningar som var gjeldande den gongen. Tidsbileta er gode og personskildringane veldig bra.
For 60 år sidan var altså dette noko heilt nytt innan krimsjangeren, men i dag vil nok dei fleste krimlesarar sei at det er rimeleg tregt, og dessutan at plottet er for enkelt. Det er eit stykke frå Roseanna til dagens kjappe, fartsfylte og bloddryppande krimbøker.
Ein svensk journalist er sakna og Beck blir sendt avgarde til Budapest for å prøva å finna ut kva som kan ha skjedd. Saka må handterast diskret fordi svenske styresmakter fryktar politiske forviklingar. Beck finn få spor og ingen bevis, og samarbeidet med ungarsk politi er vanskeleg. Når han så ein kveld vert angripen av ukjende gjerningspersonar, forstår han at det er ei sak med mektige bakmenn og vide forgreiningar. Saka får ei truverdig, men overraskande, oppklaring når Beck er tilbake i Sverige.
Ei ni år gammal jente vert funnen død i ein park; ho er blitt valdteken, mishandla og kvalt. Kort tid etter vert endå eit barn utsett for det same. Ein serieovergripar og barnemordar er på ferde i Stockholm, - og panikken brer seg i samfunnet og i media. Ved hjelp av grundig og krevjande etterforsking, samt nokre tilfeldigheiter, vert den skuldige funnen. Jakta etter den sjuke mordaren er nervepirrande og realistisk.
Tematikken i boka er seinare brukt i det uendelege i krimromansamanheng.
4. Døden kjører buss (1968) [Den skrattande polisen]
Boka er stemningsfull og har fine personskildringar. Særleg Beck og Kollberg viser seg frå nye og overraskande sider.
Forfattarane fekk Edgarprisen i 1971 for The laughing policeman.
5. Brannbilen som forsvant (1969) [Brandbilen som försvann]Gunvald Larsson overvakar husværet til ein mistenkt narkotikaforbrytar, og plutseleg står huset i full fyr. Larsson gjer det han kan for å redda folk ut av den brennande bygningen. Kvifor går det så lang tid før brannmannskapa er på plass?
Brannen ser ut til å skuldast sjølvmord med gass, men teknisk gransking avdekkar ei brannbombe i ruinane. Vidare etterforsking viser at saka har internasjonale forgreiningar.
Martin Beck si dotter er i ferd med å flytta ut og oppfordrar faren til å gjera det same. Ekteskapet er over.
Mykje av handlinga er lagt til Malmö, der ein forretningsmann vert skoten og drepen på ein eksklusiv restaurant. Spor tyder på at kriminelle har nært samkvem med toppleiarar i samfunnet og både Säpo og sentrale styresmakter vert involverte.
Ein kan godt sei at moralen i denne historia er overtydeleg; dei rike og mektige går fri og den ressurssvake må svi. Men slik er det jo ofte, den dag i dag.
Kanskje den beste - og i alle fall den mest actionprega - av alle bøkene i serien. Ein politimann blir myrda på ein bestialsk måte og det er mange som kan ha hatt motiv for ugjerninga. Han var nemleg ikkje nokon bra politimann. Den påfølgjande jakta på mordaren blir av det dramatiske slaget.
Beck har vore singel ei tid år han møter ei kvinne i samband med etterforskinga si. Møtet blir starten på eit nytt kjærleiksforhold.
Handlinga i boka er basert på verkelege hendingar og ein verkeleg person.
Gunnvald Larsson er leiar for etterforsking av eit drap på ein politimann medan Martin Beck befinn seg i Skåne der han er kalla inn for å bistå i etterforskinga av mordet på ei kvinne. Ein av dei mistenkte er ein person som var sentral i den fyrste boka, Roseanna.
Det er ei krevjande sak då dei skal ta omsyn til forventningar frå mange ulike hald.
Det aller siste ordet i den siste boka er: Marx.
Walhöö døydde altså kort tid etter at bokserien var ferdigskriven. Sjöwall jobba i tida etter som oversetjar og la egentleg forfattarskapet på hylla.
Kort om filmane
Filmane er kun lausleg basert på bøkene og lagt til vår tid. Fleire av karakterane i bøkene er utelatne, medan andre karakterar, som figuren Grannen, ikkje er med i bøkene. Men Peter Haber er ein OK Martin Beck og Michael Persbrandt ein veldig god Gunvald Larsson.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar