23. desember 2025

Dikt og slikt: Lørdagsbarn

I boka Lørdagsbarn fortel Åge Aleksandersen om kva ulike sangtekstar betyr for han. Boka kom ut i haust og er ført i pennen av forfattaren og musikaren Levi Henriksen. Bla i boka her.

Åge sin barndom inneheldt ein del vonde og mørke ting, mykje av det er kjent frå før. Sjå elles innslag på Dagsrevyen tidlegare i år. 

Sangen Lørdagsbarn kom ut i 2008 på albumet Katalysator og Åge skal ha brukt 15 år på å ferdigstilla teksten. Prosessen vart så lang fordi han var redd for å sei sanninga og fordi det tok lang tid å finna dei rette orda. Høyr sangen her.

Mange barn veks opp i heimar med rus og vald - og for desse barna betyr ikkje jul akkurat lys og varme, for å sei det med ein annan Åge-tittel. 


Lørdagsbarn

Æ så dæ
Når angsten tok tak
Og viska bort ordan
Stillheten knuga så vond og tung
Æ var så liten
Så svak så ung

Følt smerte
Bak ei låst dør
Lydløse skrik gjennom veggen
Med øyan igjen så æ enda mer
Bibelen sa
Du får hjelp når du ber

Lørdagsbarn stille stille på kne
Lørdagsbarn prøve prøve å be
Lørdagsbarn vente
På lyden av liv
Lørdagsbarn stille stille på kne

Du bekjent
Det du ikke hadde gjort
Vart tilgitt for ugjorte synda
Ei elv av sorg for gjennom mæ
Så redd, så redd så gla i dæ

Stillheten verka som sår
Sekunda var lengre enn tima
Endeløs natt vart aldri til dag
Ingen pust i natta
Ingen hjerteslag

Lørdagsbarn stille stille på kne
Lørdagsbarn prøve prøve å be
Lørdagsbarn vente
På lyden av liv
Lørdagsbarn stille stille på kne

- - - - - - - - - - - - - - - - -

Det er ikkje mi meining å moralisera, men eg trur det er lurt å hugsa på at god stemning ikkje betyr det same for barn som for vaksne. Les til dømes Tore Renberg si historie på nettsida av-og-til.no.

Så - med dette alvorlege bakteppet ynskjer eg alle blogglesarar ei god jul. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar