Om bloggen og bloggaren

Eg heiter Berit, men kallar meg ofte beroene på nett. Eg har valgt å vera ganske anonym her på bloggen, men dersom nokon skulle vera interessert, er det ikkje vanskeleg å "finna meg". Kan kontaktast på mail beroene@gmail.com, og er innom både facebookinstagramtwitter og bokelskere med ujamne mellomrom er ikkje lenger særleg aktiv på (andre) sosiale media. 

Eg er velvaksen (60+), har mann, tre vaksne barn, tre barnebarn og tre bonusbarnebarn. Og ein katt. Busett inst i Sognefjorden og jobbar i ein kommuneadministrasjon. 
Heilt sidan eg lærte å lesa, har eg vore glad i bøker og lest mykje. Det har alltid lege ei bok eller fem på nattbordet mitt. 

Bokblogginga starta eg opp med i 2012, fyrst og fremst fordi eg ikkje har så mange å snakka med bøker om. I starten skreiv eg mest for min eigen del; eg blogga fordi eg ønska å halda oversikt over og å hugsa meir av innhaldet i dei bøkene eg les. Eg vart overraska og glad for alle dei positive tilbakemeldingane eg fekk i kommentarfeltet på innlegga mine. Etter kvart har eg skjønt at det eg skriv er lesbart og kanskje nyttig for andre også. Målet med blogginga er no, i tillegg til mi eiga loggføring, å spre boktips og å formidla leseglede. Ved å vera ein del av "bokbloggmiljøet", dvs. å lesa og kommentera på andre bokbloggar, finn eg stadig nye boktips og anna inspirasjon til lesing. Eg har dermed - i enno større grad enn tidlegare - blitt ein bokslukar som les rundt 100 bøker i året. Eg les gjerne omtalar av profesjonelle litteraturkritikarar, men eg set faktisk enno meir pris på å lesa kva andre bokbloggarar meiner om aktuelle bøker. 


Bloggen min er personleg, men ikkje privat. Det er berre ein liten del av livet mitt eg deler her på bokbloggen. På profilbiletet har eg sykkelhjelm på; dette er liksom for å symbolisera at eg ikkje berre ligg på sofaen og les bøker - eg er glad i frisk luft; spesielt i lettare fjellturar og sykkelturar. I 2018 kjøpte eg meg elsykkel, og dermed fekk eg meg ein ny og annan kjær hobby i tillegg til boklesing; å farta rundt på elsykkelturar gir meg mykje glede.


Eg er ein "amatørlesar" utan litteraturvitenskapleg bakgrunn som les kun av lyst og ikkje av plikt. Ein bokbloggar bør vera klar over den 
påvirkningskrafta og marknadsføringseffekten han/ho faktisk har, så difor er det viktig for meg å streka under at eg ikkje får betalt for blogginga og har ingen bindingar til bokutsal, forlag eller forfattarar. Bokblogginga er ein rein hobby og eg har ingen ambisjonar om at det skal verta noko meir enn akkurat det. Bøkene som vert omtalt er stort sett lånt og av og til kjøpt. Ein sjeldan gong får eg bøker frå forlag eller forfattarar, og i dei tilfella vert dette nemnt i omtalen. 

Aller helst les eg krim, og særleg nyare nordisk seriekrim. Eg likar også godt å lesa historiske romanar og biografiar. Eg tek ikkje djupe analysar av bøkene eg les eller lyttar til, men omtalar dei - som oftast - når eg nettopp har lest dei ut og innhaldet er ferskt i minnet. Eg har ikkje som mål å laga omtalar av absolutt alle bøkene eg les, fordi det då vert for lite tid til nettopp lesing. 


Bokomtalane mine er subjektive, personlege og 100% ærlege. Det same er terningkasta eg gir. Terningkasta er kjenslestyrt og baserer seg som oftast på dei forventningane eg hadde til den aktuelle boka på førehand. Karaktersystemet mitt er enkelt: 
Terningkast 1 Elendig, 2 Dårleg, 3 BraGodSvært godFantastisk godEg legg som regel meir vekt på historia som vert fortalt enn det reint språklege, - men eg kan ikkje utstå rettskrivingsfeil og korrekturslurv. Terningkasta er ein slags konklusjon på den totale leseopplevinga mi.


Legg gjerne ved ein kommentar om du er innom, det er hyggeleg og inspirerande.

1 kommentar:

  1. Dette var kjekt å lese! Akkurat no sørfar eg på nettet for å finna fleire norske bøker av Ann Cleeves. I år har eg lest alt eg kan få låna frå biblioteka rundt i området her i Sunnhordland. Eg er 80 år og kan ikkje nok engelsk til lese dei som ikkje er oversette.No "sparar" eg på den siste boka eg lånte; Dødevann..Eg og likar irske, islandske,shetlandske krim og drama.Men idag har eg då funne ein bokbloggar frå Sogn!!

    SvarSlett