5. juni 2026

Omtale: Finnskog-trilogien av Åsta Holth

Gyldendal 2025
767 sider
Papirbok fått i gåve


Om eit par veker, den 21. juni, vert skogfinnane sin dag markert mange stader. Sidan 1999 har skogfinnar hatt status som nasjonal minoritet i Noreg og i 2022 fekk dei sitt eige flagg

Skogfinnane er etterkommarar av ei finskspråkleg folkegruppe som utvandra frå Finland og inn i Sverige på slutten av 1500-talet. Etter kvart trakk mange endå lenger vestover og frå midten av 1600-talet busette mange seg på austlandet, særleg i det skogsområdet som no vert kalla Finnskogen i Innlandet fylke. Dei tok med seg tradisjonane sine; både språk, kultur, byggeskikk og jordbruksteknikkar.

Språket deira døydde ut på midten av 1900-talet, men kulturen vert i dag teke vare på og halde levande gjennom fleire arrangement og ulike organisasjonar.
Forfattaren Åsta Holth (1904-1999) hadde eit sterkt personleg engasjement for skogfinnekulturen. I Finnskog-trilogien fortel ho om skogfinnane sin kultur og deira harde liv som nybyggarar og innvandrarar.

Den fyrste boka i trilogien er Kornet og freden som kom ut fyrste gong i 1955. Med denne boka fekk Holth sitt litterære gjennombrot. Seinare kom Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967). Eg tykte det var greitt å lesa dei samla og rett etter kvarandre i dette eittbindsverket. Samstundes har eg teke meg god tid med lesinga og lese mykje anna innimellom. 

Handlinga i den fyrste boka startar på slutten av 1600-talet der me blir kjende med Pål Tyyskiäinen og kona hans, Kerttu Mullikka. Sidan føl me etterkommarane deira utover på 1700- og 1800-talet. Holth skildrar, detaljert og med innsikt, livet på Finnskogen. Det handlar om hardt arbeid og slit, om skiftande årstider, om frykt for uår og rovdyr. Det handlar vidare om utanforskap, diskriminering og fattigdom, men også om samhald og (glimt av) lykke. Ho skriv direkte og som oftast frå eit kvinneperspektiv. Det er sterkt å lesa om dei tøffe kåra som kvinnene på Finnskogen hadde; om tider med svolt og naud, om (altfor mange) graviditetar og barnefødslar, om fjøsstell, handarbeid og husarbeid og om ulike omsorgsoppgåver som måtte ivaretakast.

Menneska sitt forhold og nærleik til naturen står sentralt i bøkene:

Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.
Eg vart positivt overraska over språket Åsta Holth brukar. Det er veldig spesielt; nynorsk og noko radikal bokmål samt enkelte dialektord og -uttrykk. Sannsynlegvis meinte forfattaren at nynorsk var nærast hennar eiga dialekt, og med dette særeigne språket skapte ho ein heilt spesiell skrivestil. Andre ting som imponerer er forfattaren si formidlingsevne og hennar kunnskap om natur, kultur, folketru og tradisjonar.

Persongalleriet er stort, noko som er naturleg når handlinga går over eit par hundre år og fleire generasjonar. Nokre av personane kjem me under huda på medan andre berre flagrar forbi. Åsta Holth skal ha basert personane sine på verkelege menneske i si eiga slekt.

Finnskog-trilogien er eit stort og interessant romanverk, skrive med engasjement og i eit særeige språk.

For nokre år sidan las eg Britt Karin Larsen sin serie frå Finnskogen, og eg likte dei bøkene veldig godt. Larsen og Holth tilhøyrer kvar sin generasjon, og bøkene deira kan kanskje ikkje samanliknast - men eg tykkjer at dei utfyller kvarandre. Der Larsen er poetisk og svevande, har Holth meir fokus på det konkrete og på detaljar i høve levemåte og buforhold. Men kjærleiken til Finnskogen - den har dei felles.
Ein annan ting dei har felles er at bøkene deira gir oss ei påminning om at landet vårt har vore fleirkulturelt i fleire hundre år. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar