Viser innlegg med etiketten Van Veeteren. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Van Veeteren. Vis alle innlegg

6. september 2026

Gjenhøyr med Van Veeteren

Forfattaren Håkan Nesser er ein favoritt, og krimseriane hans om Van Veeteren og Barbarotti er blant mine favorittseriar. Eg las Van Veeteren-serien fyrste gong i ukronologisk rekkefølge i 2011 og har i ettertid tenkt at det var feil å ikkje lesa bøkene i serien kronologisk. No på seinsommaren las eg dei på nytt, i rett rekkefølge og i eitt strekk. 

Kronologien er slik:

  1. Det grovmaskede nettet (Det grovmaskige nätet 1993)
  2. Borkmanns punkt (1994)
  3. Tilbakekomsten (Återkomsten 1995)
  4. Kvinnen med fødselsmerket (Kvinne med födelsemärke 1996)
  5. Førstebetjenten og tausheten (Kommissarien och tystnaden 1997)
  6. Münsters sak (Münsters fall 1998)
  7. Carambole (1999)
  8. Ewa Morenos sak (Ewa Morenos fall 2000)
  9. Svalen, katten, rosen, døden (Svalan, katten, rosen, döden 2001)
  10. Tilfellet G (Fallet G 2003)
          I tillegg: De venstrehendtes forening (både Van Veeteren og Barbarotti)

Årstala i parentes er året bøkene kom ut fyrste gong, på svensk. Eg nytta lydbokformatet, nokre på norsk og nokre på svensk. Lydbøkene har komme ut i tilfeldig rekkefølge på norsk, noko eg tykkjer er kritikkverdig. Bok 1 og 3 kom ut i 2003 og bok 5 og 10 i 2004. Vidare kom den 9. boka i 2006, bok 2, 7 og 8 i 2007, følgd av bok 4 i 2008. Fyrst i 2021 kom bok 6 ut i lydbokutgåve. Ifølge denne gamle artikkelen på NRK kom visst også papirutgåvene ut i hulter til bulter-rekkefølge. 

«Han våknet og kunne ikke huske hva han het.[...] Som å fødes, tenkte han. Jeg er ingen. Bare en eneste stor smerte». (Det grovmaskede nettet)

Bøkene har jamt over eit langsamt tempo, men er fengande og lette å lesa, som oftast med finurlege plott og overraskande løysingar. Spenninga ligg mest på det psykologiske planet, og berre unntaksvis finn ein reine actionscener i desse bøkene. Her handlar det meir om kvifor enn om kven som er forbrytar. Nesser (og Van Veeteren) vektlegg motiv, psykologi, moral og forhold mellom menneske. Det er alltid mange sider og ulike nyansar som kjem fram i alle sakene.

«Den siste dagen i Waldemar Leverkuhns liv kunne knapt ha begynt bedre.» (Münsters sak

Det har altså gått 15 år og mange bøker (meir enn 1500) sidan sist eg las bøkene om Van Veeteren - og mykje - det meste faktisk - er gløymt. Det eg hugsar er stemninga, det gode språket, det diffuse landskapet rundt den fiktive byen Maardam, samt sjølve Van Veeteren sin personlegdom. I tillegg drog eg kjensel på krimgåtene i Tilbakekomsten, Carambole og Tilfellet G.

«På vei til jobben tirsdag den 3. juni kjøpte privatdetektiv Maarten Verlangen seks øl og seks nye støvsugerposer.» (Tilfellet G)

Van Veeteren er noko for seg sjølv; ein sær, humørsjuk, eigenrådig og genial etterforskar. Han er sjølve Hovudpersonen med stor H, men ved gjenlesinga har eg oppdaga at kollegaene hans, særleg Münster, Moreno og Reinhardt, har viktige roller. Samstundes er det interessant å lesa om dynamikken og omgangstonen i etterforskargruppa. 

«Man mister liksom evnen til å se hvis man ikke har en viss type mørke inni seg.[...] Det trengs et empatisk innblikk også i de jævligste psyker. Ikke glem det, Münster.» (Tilfellet G)

Etterforskarane har sine særtrekk og kvalitetar, men felles for dei alle er at sterke inntrykk, høgt arbeidspress og vanskelege kriminalsaker går hardt inn på dei. Det set sitt preg på liva deira, både på jobb og privat. 

«Barn skal ikke forsvinne. Og fremfor alt ikke dø. Så lenge Vårherre ikke kan ordne den detaljen, nekter jeg å tro på ham.» (Førstebetjenten og tausheten)

Van Veeteren får nok av ondskap og vald undervegs i serien. Han vert utbrent og sluttar som etterforskar i bok 6 og får deretter ei meir tilbaketrekt konsulentrolle, men framleis er han den mest sentrale karakteren. Han er liksom navet, også i dei siste bøkene, sjølv om han ikkje deltek like mykje. 

«Jo mer du bruker hjernen desto større risiko er det for at den sporer av.» (Svalen, katten, rosen, døden)

Handlinga i bokserien er lagt til 1990-talet, til ei tid der fasttelefonar og fax var vanleg og der etterforskarar og andre folk klarte seg utan smarttelefonar og hadde begrensa tilgang til internett. Bøkene har likevel ikkje gått ut på dato i særleg grad. 

«Mennesket er et dyr, med en meget skitten sjel og en helvetes evne til å renvaske den.» (Ewa Morenos sak)

Bøkene i Van Veeteren-serien er velskrivne, perspektivrike og underhaldande, fylt med interessante karakterar, spennande historiar og mykje livsvisdom. 

«De levende må ta seg av hverandre, tenkte han. Det verste er å dø uten å ha levd.» (Carambole)

Nesser er stilsikker og språkleg elegant. Dagens kriminalromanar er kjenneteikna av raske scene- og perspektivskift og korte kapittel. Nesser brukar meir tid, kapitla er heller lange og lesaren får dermed óg tid til refleksjon og ettertanke. Han kan vera skarp og direkte - men også ettertenksam og melankolsk. Som oftast har handlinga ulike tidsplan og fleire forteljarstemmer. Nesser er pratsam og pludrande når det er naturleg og kjølig og sarkastisk når det trengst. Han brukar eit filosofisk og lågmælt språk som han krydrar med humor og ironi. 

«Inkarnasjonen av dårlig smak, tenkte Van Veeteren. Jo mer penger de har å tilfredsstille den med, desto jævligere blir det.» (Borkmanns punkt)

Favorittbok av dei ti? Det er vanskeleg å velja, for alle har sine kvalitetar. Men eg har plukka ut to. Den fyrste er Carambole, fordi handlinga er så gripande. Dei ulike karakterane sine reaksjonar, - sorg, sinne, desperasjon, maktesløyse, fortviling, redsel - vert skildra på ein utruleg sterk måte. Boka handlar om at eit vanleg lovlydig menneske blir mordar fordi vedkommande ikkje finn nokon annan veg ut av ein særs vanskeleg situasjon. Dette får fatale konsekvensar for dei involverte, også for Van Veeteren personleg. 

«Jo flere mennesker som bor i en by, desto mer plass er det til å være ensom.» (Carambole)

Den andre boka eg vil nemna spesielt er boka med den poetiske tittelen Svalen, katten, rosen, døden; ein elegant seriemordarkrim. Den engelske tittelen er The Strangler's Honeymoon, og antydar litt om kva boka handlar om. 

«Vi har gjort det vi har kunnet. At vi ikke har kommet noen vei skyldes at dette er for irrasjonellt. Årsakene og motivene stammer fra den samme perversjonen som gir ham signal om å drepe. Roten finnes bare der i det jævla kvelerhodet.» (Svalen, katten, rosen, døden)

Denne boka er thrilleraktig, er lengre enn dei føregåande, har eit tettare og meir kompleks plott, eit meir omfattande persongalleri og inneheld mange litterære referansar. Me møter dessutan ei overraskande ny og mild side ved Van Veeteren; som bestefar. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Gjenlesing eller gjenlytting kan innebera ein viss risiko. Bøker som ein elska for mange år sidan kan gjerne oppfattast som platte, kjedelege eller enkle når ein les dei på nytt. Andre bøker kan gje ein like god eller betre leseoppleving ved gjenlesing. 

Når det gjeld denne bokserien har eg hatt stor glede av å lesa dei på nytt. Bøkene er knakande gode og skrivne av ein forfattar med ei heilt unik formidlingsevne og ein særeigen skrivestil. Kvar enkelt bok er avsluttande og kan lesast åleine, men eg rår heilt klart til at ein startar med fyrste bok.

Les meir: I 2013 laga eg ein kort presentasjon av Van Veeteren-serien. 

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

«Döden är alltid närvarande i kriminalromanerna, och när Döden är närvarande, ställer vi de viktiga frågorna om livet» 
(Håkan Nesser)

16. mai 2013

Van Veeteren - ein presentasjon


”Det finns mycket mer moral i kriminal-litteraturen än i verkligheten”. 

Mannen bak desse orda til ettertanke er Håkan Nesser. Er du interessert i moral og umoral, god krim, elegant språk og underfundig humor? Då vil eg anbefala serien om Van Veeteren.

Håkan Nesser
Lydbokforlaget fortel i eit nyheitsbrev at det har merka ei auka interesse for Håkan Nesser sitt forfattarskap etter at De sørgende kom ut tidlegare i år. ”Dette er noe for deg som vil ha annerledes krim: Langsom, vemodig og samtidig veldig spennende,” skriv forlaget. Dette kan eg verkeleg skriva under på, og difor denne presentasjonen av førstebetjent Van Veeteren.

Hovudpersonen i dei ti bøkene heiter altså Van Veeteren, og det er uvisst for meg om han har noko førenamn i tillegg. Det vert ikkje "avslørt" i bokserien, så vidt eg kan hugsa. I dei fyrste bøkene er han etterforskar/politimann, i dei siste er han antikvariatsbokhandlar. Me vert i tillegg godt kjende med kollegaene hans; Moreno, Jung, Münster og Rooth.
Van Veeteren er i 50-60 års-alderen, svak for godt øl, god mat, gode samtalar og sjakk. Han har vaksne born, er skilt og får i løpet av bokserien ny sambuar. Han er ein intellektuell og tannpirkartyggande politimann, - skarp, sarkastisk og brysk, - til tider gretten, men har òg emosjonelle og empatiske evner. Han er ein person som brukar intuisjonen like mykje som logikken.

Handlingane går stort sett føre seg i Maardam, ein fiktiv by i eit fiktivt land i Nord-Europa. Maardam har, ifølge den fyrste boka, omlag 300000 innbyggjarar. Namn på personar og stader i serien minner om det nederlandske språket. Håkan Nesser skreiv dei ti bøkene i serien i tidsrommet 1993 – 2003. Dei handlar meir om kvifor enn om kven som er mordar; han er oppteken av motiv, psykologi og forhold mellom menneske.

Nesser er svært stilsikker og språkleg elegant, og overraskar ofte lesarane sine med ein ny vri, eit nytt ord, ein ny setning, ein ny tanke. Eg er veldig betatt av språket til Nesser, samt måten han brukar humor og ironi på. Eg las bøkene i serien hulter til bulter, fordi eg las dei etter kvart som dei var tilgjengelege på biblioteket, - og det vart dessverre i noko feil kronologisk rekkefølge. Alle bøkene er frittståande, men ein går glipp av utviklingstrekka i serien om ein ikkje les bøkene frå start til slutt.

Bokserien var ei stor leseoppleving for meg, nesten like stor som Barbarotti-serien.
Slik er kronologien, og kort om handlinga i bøkene:

1. Det grovmaskede nettet
Læraren Janek Mitter vaknar svært fyllesjuk ein morgon og finn kona si drepen i badekaret. Han hugsar ingenting – heller ikkje om det er han sjølv som har utført udåden. Det ser ut som ei opplagt sak – men Van Veeteren tvilar. Boka er underfundig og løysinga tankevekkjande.

2. Borkmanns punkt
Denne boka er blodigare enn den fyrste; ein økse-seriemordar er på ferde. Det virkar som om nedslaktinga er tilfeldig, men Van Veeteren anar eit visst mønster. Tittelen på boka kjem frå eit ressonnement frå eks-sjefen til Van Veeteren, Borkmann: Han var av den meining at kvar einaste etterforsking før eller seinare kjem til det punkt då ein ikkje lenger treng meir informasjon for å finna den skuldige. Det vanskelege ligg i å oppdaga dette punktet. 
Boka vart kåra til årets beste svenske kriminalroman i 1994.

3. Tilbakekomsten
Den som vender tilbake i denne boka er Leopold Verhaven. Han vert sleppt fri frå fengsel etter å ha sona ein drapsdom på 24 år, og ein mann ventar i skjul når han kjem tilbake til heimplassen sin. Fleire månader seinare finn ein barnehage på tur eit lemlesta lik i skogen. Den døde er utan hovud, hender og føtter, - og det syner seg at det er restane etter Verhaven ein har funne.
Historia får ei svært overraskande løysing og boka er etter mi meining ei av dei beste i serien.

4. Kvinnen med fødselsmerke
Tre menn vert skotne og drepne. Felles for dei alle er at nokon har ringt dei midt på natta for å spela av eit musikkstykke. Forklaringa og løysinga ligg langt tilbake i tid. Ei spennande og godt komponert bok. «Årets bästa svenska deckare» i 1996.

5. Førstebetjenten og tausheten
Handlar om ei religiøs sekt, ein fanatisk leiar og unge kvinnelege sektmedlemmer. Ingen av sektmedlemmene seier eit ord når det skjer eit mord i nærleiken. Van Veeteren sin planlagde ferie går i vasken, i staden lyt han analysera, tenkja og grubla på denne saka. I denne boka er Nesser på det mest ettertenksame og langsame.

6. Münsters sak
Van Veeteren har trekt seg attende. Han klarar rett og slett ikkje meir av ondskapen i verda; han sluttar i politiet og byrjar å jobba som bokhandlar i eit antikvariat. Det vert Münster som får i oppdrag å finne ut av ei sak der ein gammal mann vert funnen drepen – med 28 knivstikk i kroppen. Når etterforskinga ikkje fører fram, lyt Münster venda seg til læremeisteren sin.

7. Carambole
Dramatisk bok på mange plan, vinnar av Glassnøkkelen i 2000. Ei perle av ei bok, spennande og thrilleraktig, og dessutan fortald med eleganse og stor psykologisk innsikt. Van Veeteren har fått seg kjæreste, - men livet og tilværet hans tek brått ei endring når sonen hans plutseleg vert riven vekk.

8. Ewa Morenos sak
Som i «Münsters sak» og som tittelen syner, er Van Veeteren kun ein biperson i denne boka. Moreno er på ferie med den nye kjæresten sin, men vert involvert i ei forsvinningssak. Stilsikkert som alltid frå Nesser.

9. Svalen, katten, rosen, døden
Ein gal kvinnemordar er sentral i handlinga i dette som kanskje er den beste boka i serien. Politistasjonen i Maardam har stadig bruk for «førstebetjenten». Van Veeteren er fortsatt ein tenkjar, - og meir melankolsk og poetisk enn før. Tittelen på boka er òg nesten poetisk.

10. Tilfellet G
Som ein slags raud tråd i alle bøkene i serien er den einaste uløyste saka til Van Veeteren; Tilfellet G. Van Veeteren er overtydd om at den gamle skulekameraten hans; Jaan G. Hennan (G.) var skuldig i mord, trass i at han hadde alibi. No, etter femten år, dukkar G. opp på nytt - med ny identitet og innblanda i eit nytt mord.
Boka rundar av serien på ein fabelaktig måte.

Som den lydbokentusiasten eg er: Alle bøkene finst i lydbokversjon, med unnatak av Münsters sak. (Det er nytta fleire ulike opplesarar, men det har liten betydning.) Fleire av lydbøkene i serien er no å få til pocketprisar hos Lydbokforlaget.
Fleire av bøkene er filmatiserte, med Sven Vollter i hovudrolla som VV.