315 sider
Papirbok lånt på biblioteket
Bioleserunden no i april har rock som tema, - nærare bestemt rockelegender. Eg har valgt meg boka Just kids - ein sjølvbiografi og ei erindringsbok skriven av rockelegenda Patti Smith. På Moshonista sin blogg finn du fleire omtalar av andre legendariske rockepersonlegdomar.
Eg kan tidfeste heilt nøyaktig fyrste gong eg "møtte" Patti Smith: Det skjedde nemleg 1. mai 1979 og har følgjande forklaring: Nokre år, på slutten av 70- og byrjinga av 80-talet, sende NRK (som då var den einaste TV-kanal som fantest, - det er knapt til å forstå for dagens unge) nattrock natt til 1. mai. Føremålet med dette TV-programmet var å halda ungdommar innandørs fordi det då nokre år hadde vore uro og opptøyer denne spesielle natta. Så - når eg høyrer om Patti Smith tenkjer eg på vår og russetid, "Because the night" og nattrock frå Rockpalast. Eg forsto umiddelbart den natta i 1979 at denne dama var heilt spesiell. Ho var ekte og kul. Ho var rock'n'roll.
For meg er Patti Smith (f. 30.12.1946) fyrst og fremst ein musikar og rockeartist, men det viser seg at ho er/har vore ein multikunstnar, noko som eg egentleg ikkje har kjent til før eg las denne boka. Alt frå tidleg barndom viste ho talent for teikning og dikting. Ho var tidleg bevisst på at ho ville bli kunstnar. For å leva ut denne draumen måtte ho ut: Ut i verda, til storbyen, for å søkja erfaring, inspirasjon og likesinna.
Just kids handlar om livet, døden, kunsten og kjærleiken. Det er to historiar som blir fortalt: Smith sine erindringar og skildringar av sitt eige liv - samt den sterke og vakre forteljinga om forholdet til og venskapet med den kontroversielle fotokunstnaren Robert Middlethorpe (1946-89). I tillegg gir forfattaren eit godt tidsbilete frå undergrunnskulturen i New York på 1960- og 70-talet.
Dei to ungdommane Patti Smith og Robert Middlethorpe møtte kvarandre tilfeldigvis i 1967 i New York. I starten levde dei frå hand til munn, brukte tida på kvarandre, på kunsten og på å overleve. Smith skildrar denne perioden på ein var, varm og levande måte - det er nesten som å vera tilstades der det skjedde. Ho fortel nøkternt og usentimentalt om sterke kjensler, vanskelege tilhøve og møte med unike personar. Smith og Middlethorpe var tvillingsjeler og slutta aldri å elska kvarandre. Heller ikkje då Middlethorpe etter kvart fann ut han var homofil. Anekdotane og historiane i boka er interessante og fascinerande. Det er den unge Patti Smith som fortel, sjølv om ho faktisk var over 60 år då ho skreiv boka.For meg vart mange av namna i boka, både på personar og stader, framande og sa meg lite. Eg hadde også forventa meir om musikk og meir om Patti Smith Group. Men boka er svært leseverdig; eg trur aldri at eg har lest ein biografi med vakrare språk (og oversetjing).
I eit siste brev til Robert Middlethorpe skreiv Patti Smith dette:
"Du drog meg opp frå den mørkaste perioden av mitt unge liv og delte det heilage mysteriet med meg: Kva det vil seie å vere ein kunstnar. Gjennom deg lærte eg å sjå, og komponerer aldri ei line eller teiknar ei kurve som ikkje bygger på kunnskapen eg fekk i den dyrebare tida vi var saman."
Because the night vart skriven av Bruce Springsteen, men han ga vekk låta til Patti Smith som deretter omarbeidde sangen. (Meir om låta på nettsida songfacts.com)
Videoen ovanfor er frå 1978. Denne versjonen er av høg kvalitet og ein kan her tydeleg sjå kor stor utstråling og formidlingsevne Patti Smith hadde. Denne evna har ho fortsatt - noko boka Just kids viser.
