6. august 2016

Kort om: Djevelmasken av Tom Egeland

Aschehoug 2016
528 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat


Eg likar godt både Tom Egeland, Bjørn Beltø og kodekrim-sjangeren, så det var med høge forventningar eg starta lesinga av denne boka, - men det startar så treeeegt..!
Eg trur eg brukte fem dagar på dei fyrste femti sidene. Då fyrst kom eg over "kneiken", slik at eg kom meg inn i Beltø-universet igjen. Resten av boka vart grei skuring, særleg dersom ein (som meg) berre skummar gjennom dei filosofisk-mytologisk-teologiske bitane.
Dei 528 sidene kan virka avskrekkande, men med korte avsnitt, kjappe sceneskift, (over)tydelege kapittelinndelingar og mykje "luft" går lesinga relativt fort unna. Når ein fyrst kjem i gang, som sagt.

Djevelmasken er bok nummer seks i serien og handlinga går denne gongen føre seg i den fiktive bygda Juvdal som me hugsar frå tidlegare Egeland-bøker. Det vert fortalt om tre ulike mysterium/drapssaker på tre ulike tidsplan, og dei sakene heng sjølvsagt saman - på finurleg og intrikat vis.

Professor og arkeolog Bjørn Beltø vert engasjert som historisk konsulent i samband med ei muleg drapssak, sidan saka ser ut til å ha fleire likskapar med to tidlegare mystiske/uoppklarte drap. Beltø driv si eiga etterforsking på sida av den offisielle og skaffar seg på det viset motstridande og fantasifulle drapsteoriar. Han granskar gamle graver, vert forfølgd av ein mystisk skikkelse, får epost frå ein demon, møter "bygdedyret" og vert forelska i ei av dei sentrale vitna i saka. Parallellt får lesaren fleire ulike glimt frå fortida. Alt dette vert sausa saman med okkultisme, jødisk og babylonsk mytologi og diverse andre sære tankar, saker og hendingar. Og alt ser ut til å hengja saman med ei spesiell maske av stor antikvarisk, økonomisk, historisk og religiøs verdi.

Eg tykkjer at Djevelmasken er ei underhaldande, stemningsfull og velskriven historie - ei kriminalgåte med innslag av både politi-, bygde- og mysteriekrim. Men! - eg føler at både Bjørn Beltø og Tom Egeland er byrja å gå litt på tomgang. I tillegg hadde eg nok skrudd forventningane litt for høgt opp på førehand. At starten på boka var såpass treg er også eit moment som trekker ned.
Egeland har med Bjørn Beltø-serien skapt ein spesiell og sjarmerande protagonist. Han har også ein særeigen forteljarstil - noko eg set pris på - men eg ser på denne boka som den svakaste i serien.

1. august 2016

Oppsummering juli

Påbyrja i juni, fullført i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel

Lest i juli:
Vera Henriksen - Sølvhammeren - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Vera Henriksen - Jærtegn - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Cecilie Skog - Antarktis - Bio/dokumentar - Lånt papirbok biblioteket
Jon Michelet - Skytteren (En sjøens helt 2) - Norsk roman - eBokBib - avbraut
Hilary Mantel - Falkejakt - Britisk historisk roman - Lånt papirbok biblioteket
Vera Henriksen - Helgenkongen - Norsk historisk roman - Kjøpt lydfil
Håkan Nesser - Marr - Svensk roman - Lydbok Storytel

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Alice Munro - Alice Munros beste: Noveller i utvalg - eBokBib
Tom Egeland - Djevelmasken - Norsk krim - Lånt papirbok privat



Oppsummert:
  • 0(!) ebøker, 5 lyd, 3 papir
  • 3 lånt, 3 kjøpt, 2 abonnement
  • 1(!) krim, 1 historisk krim, 4 historiske romanar, 1 annan roman, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 3 britiske, 1 svensk
  • 2 menn, 6 kvinner 
  • "Ny" forfattar: Skog
Det vart fleire historiske romanar i juli - og slike bøker gir meg ofte gode leseopplevingar. Eg har hygga meg med gjenlesing av Sigrid-trilogien (Vera Henriksen) og storkosa meg med dramatikk og politikk frå 1500-talet (C.J. Sansom og Hilary Mantel). Innimellom har eg så lest nokre Alice Munro-noveller, noko biografisk-polardokumentarisk (Cecilie Skog), noko mørk krim (Belinda Bauer) og noko krigsseglarhistorie (Jon Michelet). Den sistnemnde avbraut eg lesinga av etter eit par kapittel; boka passa meg ikkje akkurat no, og lånetida i eBokBib vart plutseleg ute. I tillegg har eg høyrt Håkan Nesser som opplesar av sin eigen kortroman Marr samt starta på den nyaste Bjørn Beltø-boka.
Konklusjon: Ein finfin lesemånad! - trass i at eg ikkje fekk tid til å lesa alle bøkene eg hadde planar om. Eg har visst vore altfor sosial i ferien ;-)
(Legg merke til at eg ikkje har lest ein einaste "svenskekrim" i juli. Det må gjerast noko med.)

29. juli 2016

Sigridtrilogien: Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen

Sølvhammeren var debutromanen til Vera Henriksen. Boka kom ut i 1961 og vart følgd opp av Jærtegn og Helgenkongen dei to påfølgjande åra. Eg var berre 17-18 år gammal då eg las Sigrid-trilogien fyrste gong. Då vart eg fullstendig betatt og medriven av forteljinga om Sigrid Toresdatter frå Bjarkøy, livet hennar og samfunnet rundt henne. 

Vera Henriksen er den forfattaren som har inspirert meg mest til å lesa historiske romanar. Det er t.d. Henriksen si "skuld" at eg for fleire år sidan las Sigrid Undset sine middelalderromanar om Olav Audunssøn og om (den meir kjende) Kristin Lavransdatter. For Sigrid-bøkene har mykje til felles med bøkene om Kristin. Det gjeld spesielt dei religiøse og moralske grubleriane til Sigrid og Kristin, men også evna dei to forfattarane har til å skildra daglegliv og samfunnsliv samstundes som det vert fortalt om det vakraste av alt: kjærleiken. Men i motsetnad til Henriksen sine bøker har Undset sine aldri frista meg til gjenlesing. 

Sigrid-trilogien fenga meg denne gongen også. Det er såpass lenge sidan sist gong eg las desse bøkene - og eg har lest uendeleg mange bøker i mellomtida - men på nytt vart eg gripen og er stadig imponert over korleis Vera Henriksen får formidla denne forteljinga frå ei fjern fortid. Forfattaren flettar inn sagalitteratur, segner og norrøn mytologi og gir eit innblikk i vikingtidas lov og rett. Bøkene fortener mykje ros; dei er "tidlause" fordi det handlar mykje om mellommenneskelege relasjonar. Ein får levande og gode skildringar og interessante tidsbilete når det gjeld hus og heim, moral og kultur, daglegliv og høgtider, seder og skikkar. Kvinnesyn, kjønnsroller, seksualmoral og -umoral er andre stikkord.

Trilogien fortel om ein avgjerande og spesiell epoke i norsk historie. Karakterane i bøkene er stort sett verkelege historiske personar, og Vera Henriksen har dikta vidare på dei slik at dei har fått liv og sjel, på ein måte. Ein veit egentleg svært lite om den historiske Sigrid Toresdatter; ho vert berre nemnd eit par gonger i Heimskringla. Forfattaren har altså gitt hovudrolla til ein lite kjent person (Sigrid) rundt ein svært kjent person (Heilag Olav) for på den måten å få fram ein ny og annleis synsvinkel på hendingane som fann stad.

For meg er desse bøkene gode leseopplevingar. Det som trekker ned i mi vurdering er den religiøse grublinga som det er litt mykje av i bok to og tre. Den "indre dramatikken" og alle dei filosofisk-etisk-religiøse tankerekkene kjedar meg. Eg likar betre å lesa om den ytre dramatikken som gjekk føre seg i denne brytningstida.

Lydbokversjonen av bøkene kan også anbefalast; Janne Kokkin les litt sakte, men tydeleg og med innleving. Eg lytta til alle tre bøkene rett etter kvarandre no i sommarferien, men kan hende er det lurast å ta ein pause mellom kvar enkelt bok for meir å "fordøya" innhaldet.
Eg har kjøpt lydfilene av Lydbokforlaget - då blir dei lagt rett i Lydbok-appen på telefonen. Praktisk!





Handlinga i bøkene er lagt til Inn-Trøndelag ca. år 1010 - 1050. Når ein i dag køyrer gjennom dette området legg ein merke til det vide utsynet, dei store gardane og dei mange skilta som gjeld "severdigheter". Her er det nemleg rikeleg med fornminner; helleristingsfelt, gravhaugar, bygdeborger, rydningsrøyser, bautasteinar og arkeologiske funn - for her har det budd folk sidan steinalderen. Her var Frostatinget, landets eldste lagting. Her finn me Stiklestad og andre historiske stadnamn, samt kyrkjer, andre bygningar og kulturlandskap som vitnar om at dette var eit maktsentrum, politisk og kulturelt.
Garden Egge var eit sentralt høvdingsete i gammal tid og dei som budde der spelte ei viss rolle då kong Olav Haraldsson regjerte i landet. Her budde Sigrid Toresdatter, Olve Grjotgardson og Kalv Arneson - og me skal altså tusen år tilbake i tid.
(Obs! Det førekjem ein del spoilers i handlingsreferata nedanfor)

Sølvhammeren

Når me møter Sigrid Toresdatter fyrste gong er ho ei vilter og vakker ungjente. Ho har mista begge foreldra sine som lita og er mykje yngre enn dei to brødrene sine, Tore og Sigurd. Som 15-åring vert Sigrid lova bort til Olve Grjotgardsson frå Egge. Sigrid er noko uvillig, ho har ikkje lyst til å fara så langt avstad og bli bortgifta til ein "gammal bonde" - men det blir som broren Tore har bestemt. Sigrid opplever det fyrste møtet med Olve som vanskeleg og pinleg, men dei to vert gifte - i ein seremoni som inneheld bloting og ofring til dei gamle gudane.

Sigrid reiser med ektemannen til Egge. Dei to har gjensidig respekt for kvarandre, snakkar godt saman og forholdet deira utviklar seg til det ein kan kalla ekte kjærleik - trass i aldersskilnaden. Henriksen framstiller Sigrid og Olve som reflekterte og kloke, men dei har også mindre sympatiske egenskapar. Dette er nemleg heilstøypte karakterar som vert svært levande og truverdige for lesaren. Forholdet mellom Sigrid og svigermora Tora er problematisk i byrjinga. Det er ikkje berre-berre å overlata ansvaret og nøklane til ei så ung husfrue på ein så stor gard, men etter kvart får Sigrid eit visst overtak på Tora.

Fleire bipersonar vert presenterte i denne fyrste boka; menneske som skal komma til å bety mykje i Sigrid si framtid. Dei viktigaste er presten Anund og skalden Sigvat.

Olve er, i tillegg til å vera husbonde og eigar av fleire gardar i Trondheimen, hovgode på Mære, representant i Frostatinget og er ofte ute på tokt. Når han er borte frå Egge kjenner Sigrid seg åleine, ho lengtar heim til Bjarkøy og folka sine der. Ho søkjer trøyst i arbeidet som må gjerast på garden og i veven og vevkunsten sin. Medan ho går gravid med det fyrste barnet får ho vita at Olve har ei frille på ein av dei andre gardane sine - og dette har ho vanskeleg for å akseptera. Sigrid vert så desperat at ho prøver å ta livet sitt ved å gå på fjorden, men vert berga. Kort tid etter føder ho sonen Grjotgard - og etter dette vert mykje endra i tilhøvet til Olve, Tora og fleire folk i bygda. Sigrid veks med oppgåvene og blir handsama med respekt og vørdnad.

Sigrid set si lit til Odin, Tor og Frøy og trur på vetter, diser og ånder - og på skjebnen. For henne er kristendommen framand og fjern, men på nabogarden Steinkjer finst både prest og kyrkje sidan folka der har teke til seg den nye trua. For Olve er kristendommen og bibelens bodskap kjent, sidan han i unge år har vore utanlands og tilegna seg kunnskap om så mangt. Han trur på ein allmektig guddom, men meiner at han då like godt kan halda seg til åsatrua og dei gamle skikkane. Den nye religionen kjem i konflikt med det som er viktigast for både Olve og Sigrid; ætta si ære, hevn og gjengjelding. "Å snu det andre kinnet til" var utenkjeleg for dei fleste som var oppfostra i den gamle trua.

Kampen om makta i samfunnet, striden mellom høvdingmakt og kongemakt og mellom den gamle og den nye trua er sjølve essensen av handlinga i Sølvhammeren. Sigrid Toresdatter befinn seg midt i desse store samfunnsendringane sidan broren Tore Hund og ektemannen Olve har sentrale roller i maktkampen. Boka vert avslutta med slaget på Nesjar i 1016, då Olav Haraldsson vann over fleire av dei mektige jarlane. Med denne sigeren tok Olav Haraldsson eit viktig steg mot den norske trona og innføringa av kristendommen.

Jærtegn

I oppfølgjaren Jærtegn er stemninga dyster frå fyrste stund. Det er uår i landet og utbrot av ein pestsjukdom. Sigrid og Olve mistar to små barn i pesten. Dette skjer trass i at dei har prøvd alt og påkalla alle makter; dei har bedt til helgenar og ofra til dei gamle gudane. Sigrid er knust og veit ikkje kva eller kven ho skal tru på.

Olav Haraldsson har teke kongsnamn og regjerer med hard hand. Kongsmennene fer rundt overalt i landet og "kristnar" folk på valdeleg og blodig vis. Det tradisjonelle gildet på Mære får ein tragisk utgang; Olve vert stukken ned av ein av kongsmennene, på direkte ordre frå kong Olav sjølv. Sigrid sitt fyrste møte med kongen skjer medan ho knelar framfor ein døyande Olve. Dette vert som ein kan skjønna eit nytt hardt slag for Sigrid. Men det skal bli enno verre: Sigrid sitt hat mot kong Olav og det han står for skal bli ytterlegare forsterka. For henne er det naturleg å tenkja på hevn, ho er bitter og eggar mennene rundt seg. Samstundes snakkar ho ofte og gjerne med Amund prest om tru og tvil.

Kongen bestemmer at Sigrid skal giftast bort til ein av dei fremste mennene sine; Kalv Arneson frå Giske. Sigrid tenkjer praktisk og aksepterer tilbodet - og ho har egentleg ikkje noko val. Kalv vert kongen sin lendmann og Sigrid sin nye husbond. Her snakkar me om eit fornuftsekteskap og ikkje om kjærleik, men dei to har det egentleg bra saman.

Sentralt i Jærtegn er hendingane som førte fram til slaget på Stiklestad. Me får vita kvifor Kalv snur og blir kongen (og sine eigne brødre) sin motstandar. Bondehæren leia av Kalv "vinn" som kjent slaget - men konsekvensane vert annleis. Nesten umiddelbart etter at Tore Hund drep kongen på valplassen snur stemninga i bondehæren. Folk tolkar "alt" som teikn frå Gud og enkelte meiner at mystiske ting skjer med liket til kongen. Grunnlaget for utallige legender og myter vert skapt.
Hatet mot kong Olav har vore glødande hjå Sigrid i lang tid og har halde ho oppreist i den nye kvardagen. Når ho får høyra om utfallet av slaget blir ho ikkje så glad som forventa - i staden føler ho seg underleg tom.

Helgenkongen

Det nærmar seg slutten på Vikingtida. Slaget på Stiklestad (for 986 år sidan i dag) vart eit symbolsk vendepunkt for innføringa av kristendommen og kongedømme her i landet. Gradvis vert det meir kyrkjer og fleire prestar. Berre eitt år etter at Olav Haraldsson fall vert kan kanonisert, dvs. kåra som heilag.
Sigrid klarar fint å tilpassa seg nye kristne skikkar, men ho klarar ikkje heilt å tru på kristendommen - og har ingen tru på at det var noko heilag med kong Olav. Det nye danestyret fører generelt til fornya misnøye og uro. Verken Kalv Arneson eller Einar Tambarskjelve - to av landets mektigaste menn - er nøgd med Svein Alfivason.

Også Sigrid slit i denne tida; med skuldkjensle, med trua, med sorg og tunge tankar - og med ektemannen. Broren Tore som ho alltid har vore så knytta til, har reist på pilegrimsferd etter Stiklestadslaget - og i eit "syn" forstår Sigrid at han har døydd. Slik forfattaren skildrar det, lir nok både Sigrid og Kalv av det som i dag kallast depresjonar. Men dei er begge sterke og strie og gradvis kjem dei seg vekk frå tungsinnet og søkjer tilbake til kvarandre.

Etter kvart kjem Kalv i konflikt med den mektige og maktglade Einar Tambarskjelve, så familien og storparten av huslyden flyktar difor frå Egge og buset seg på Orknøyane i mange år. Heile livet har Sigrid vore eit søkjande menneske som ikkje klarar å slå seg til ro med enkle forklaringar. Av natur er ho hevnlysten og aggressiv, men under opphaldet på Orknøyane, langt frå kjende trakter, finn ho likevel ei slags fred med seg sjølv og med Vårherre.

I heimlandet er det framleis uroleg, kongsmakta er ein periode delt mellom Magnus Olavsson ("den gode" - son til Olav Haraldsson) og Harald Sigurdsson ("Hardråde" - halvbror av Olav Haraldsson). Etter at Harald vert einekonge, aksepterer Kalv eit tilbod om at huslyden får venda tilbake til Egge mot at Kalv blir kongen sin mann. Det får tragiske konsekvensar då Kalv fell for kongen sitt svik. Sigrid vert enke for andre gong - og på nytt vert ho sorgfull og bitter. Men omsider får også Sigrid nok av hevnlyst og maktbegjær. Avslutninga av boka og trilogien er vakker og uendeleg vemodig.


Sluttord:

Eg tykkjer det har vore kjekt å følgja Sigrid Toresdatter gjennom heile livet - enno ein gong. Eg har liksom levd meg inn i verda hennar, på godt og vondt. Ein skal ha i bakhovudet medan ein les at tankesettet og samfunnsstrukturen naturlegvis var heilt annleis den gongen enn i dag. For eit notidsmenneske er det ikkje så lett å skjønna alt det Sigrid gjer, tenkjer på og står for.

Vera Henriksen var ein ypperleg forteljar, men det er klårare for meg no enn tidlegare at trilogien ber preg av å vera ein debut. Likevel; desse bøkene har betydd så mykje for meg i mange år - så ein toppkarakter er på sin plass. Eg likar Sølvhammeren best av dei tre.

Vera Henriksen skreiv fleire andre vikingtid-romanar som eg kan anbefala:
Dei enkeltståande romanane Dronningsagaen, Kongespeil og Runekorset samt enno ein trilogi; Bodvars saga (Odins ravner, Spydet og Ravn og due). Dei populærvitenskaplege bøkene Sagaens kvinner og Skjebneveven må òg nemnast. Her får ein møta mange fascinerande kvinneskikkelsar frå saga og mytologi. I tillegg gjer Henriksen her meir greie for kvinnesynet i vikingtida.

To andre bokbloggarar har "samlest" Sigrid-trilogien i sommar. Ta ein kikk innom bloggane til Hedda og Birthe; Boktanker og Melucinesplace, for å lesa enno meir og få andre meiningar og vinklingar!

24. juli 2016

Sommarlesing del 2: Ferielesing

Det mørke huset av Tor Edvin Dahl
Cappelen Damm 2015
271 sider, eBokBib


Ei bok som fortener mykje meir merksemd enn det ho har fått! Eg har ikkje funne ein einaste bokmelding på nett som gjeld fjorårets roman frå denne svært produktive forfattaren.
Eg trudde - feilaktig - at dette var ein kriminalroman, sidan eg har lest nokre David Torjussen-bøker før og fordi tittel og omslag er såpass "skummelt". Det vert rett nok fortalt om (minst) eit drap i boka, og det vert brukt enkelte element som ein kjenner att frå krim/spenningssjangeren, men dette er noko anna - og noko meir.

Handlinga går føre seg på tre ulike tidsplan; 1950-talet, 1970-talet og vår eiga tid. Hovudperson og eg-forteljar er ein mann som heile livet slit med opplevingar han hadde som fjortenåring. Opplevingane var hemmelege, tabubelagte og skremmande og sidan dei aldri har blitt "bearbeida" og snakka om går det ut over forholdet han har til folk rundt seg.

Det mørke huset er ei mørk og intens forteljing om venskap og foreldreskap, truskap og kåtskap. Det eg ikkje likar med boka er dei lause trådane som ikkje vert nøsta opp i på slutten. Eg har problem med den type open avslutning som ein får her, men boka er såpass fengslande at eg må gi terningkast 4.


Falkejakt av Hilary Mantel
Forlaget Press 2012
435 sider, lånt papirbok biblioteket


Bookerprisvinnar 2012 og oppfølgjar til Ulvetid. Falkejakt er ei knallbra bok, meir tilgjengeleg og strammare komponert enn den føregåande - og difor ei endå betre leseoppleving.
Hovudperson og forteljarstemme er framleis Thomas Cromwell - som slit med forholdet til kong Henrik den 8. og dronninga(ne) hans. Boka inneheld eminente skildringar, bitande karakteristikkar og interessante karakterar. At dei aller fleste av desse karakterane er verkelege historiske personar gjer det heile ekstra fascinerande.

Glimtet inn i dei private kongelege gemakkane og hoffkorridorane er groteske og latterlege - og like fullt truverdige. Her er intriger og begjær, konspirasjonar og maktkamp. Her er kvart einaste ekteskap, kvar einaste spontanabort og kvar einaste barnefødsel - storpolitikk.

Falkejakt er lagt til åra 1535-36 og det handlar om Anne Boleyn sitt fall. Kongen er desperat etter ein mannleg arving, noko verken den fyrste eller den andre dronninga hans har klart å gi han. No har han kasta blikket sitt på den unge hoffdama Jane Seymour. Alle metodar vert brukte for å få fjerna dronning Anne - ho som fekk kongen til å bryta heilt med pavekyrkja. Dei motreformatoriske kreftene byrjar å bli sterke på dette tidspunktet, men så lenge Henrik rår slår dei ikkje til for fullt. Og - enn så lenge - har "han, Cromwell", full tillit.
Mantel har ein spesiell stil og den norske oversetjinga er, etter det eg kan forstå; strålande. Terningkast 5+.



Mørk ild av C.J. Sansom
Forlaget Press 2009
557 sider, lånt papirbok privat


Fantastisk bok for oss som likar finurlege kriminalmysterium og som også har sans for historie generelt og Tudortida spesielt. I del to av C.J. Sansom si historiske kriminalromanserie møter me på nytt den pukkelrygga, rettskafne og smarte sakføraren Matthew Shardlake. Han har i denne historia to oppdrag; det eine er ei slags "lukka rom"-mordsak og det andre er eit spesialoppdrag for kongens mann - Thomas Cromwell.

Cromwell er altså med i denne boka også - men her har han ei meir tilbaketrekt rolle og me befinn oss no i år 1540. Makta og innflytelsen han har hatt på kong Henrik er på retur. Det engelske samfunnet er prega av kaos og strid og for Cromwell sjølv er framtida uviss, for å sei det forsiktig.
Sansom framstiller Cromwell på ein noko annan måte enn det Mantel gjer, og det er greit - og interessant.
Skildringane av dei skitne Londongatene er så gode at ein nesten kjenner stanken medan ein les. Forfattaren er utdanna både historikar og advokat - og det merkast. Noko dårleg framdrift i fyrste halvdel av boka trekker ned heilskapsinntrykket, men likevel: Terningkast 5.



Bøddel av Torgrim Sørnes
Vigmostad & Bjørke 2016
253 sider, eBokBib


Meir historie, denne gongen som sakprosa og litt nærare: 1700-talet og Danmark-Norge - som landet vårt heitte den gongen. Undertittel på boka er Mathias Fliegenring 1685 - 1729 - og han har hovudrolla i denne biografiske og dokumentariske boka.

Tema er dødsstraff og ymse andre straffemetodar, og forfattaren fortel ubehageleg grundig om dette. Ved å veva inn forteljinga om skarprettar Fliegenring og familien hans får ein eit meir forståeleg bilete av historia.
I denne boka finn ein mange triste og grusomme hendingar. Både livet og døden var sanneleg ei lang pine for mange av dei fattige her i landet den gongen. Og desse folka som utførte sjølve avstraffinga - korleis kunne dei leva vidare med seg sjølve?
Vel, Fliegenring greidde det ikkje..
Boka er velskriven og passar fint for folk med kriminalhistorisk og morbid interesse. Terningkast 4+.



Antarktis av Cecilie Skog
Gyldendal 2011
191 sider, 
lånt papirbok biblioteket

Nyare polarhistorie avsluttar dette samleinnlegget. Cecilie Skog er ei kul jente som eg ser opp til.

Skog fortel her i dagboksform om ein heilt spesiell ekspedisjon; ein poltur som handlar om sorgbearbeiding og terapi like mykje som fysiske strabasar. Mannen til Cecilie Skog, Rolf Bae, omkom i ei klatreulukke på fjellet K2 i Pakistan 1. august 2008. Som den ekspedisjonspersonen Skog er, valde ho Antarktis som sorgterapi.
Ho og kompisen Ryan Waters brukte 79 dagar på dei 1800 kilometrane frå Berkner Island via Sydpolen til Rossbarrieren. Dei lukkast i å nå målet sitt ved hjelp av god planlegging og godt samarbeid. Skog fortel at turen var fantastisk, men også beinhard fysisk og mentalt - og at ho etter turen fekk eit anna syn på seg sjølv.
Boka er kort, illustrert og lettfatteleg. Forfattaren byr på seg sjølv på ein sympatisk måte. Terningkast 4.

1. juli 2016

Oppsummering juni og halvårsrapport

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Joël Dicker - Boka om Baltimorefamilien - Sveitsisk roman - Lytteeksemplar
Joakim Zander - Broren - Svensk krim - eBokBib

Lest i juni:
Britt Karin Larsen - De usynliges by (Tatertrilogien 2) - Norsk roman - Lånt papirbok privat
Carl-Johan Vallgren - Svin - Svensk krim - Lytteeksemplar
Jan Ove Ekeberg - Den siste vikingkongen: Krigens læregutt - Norsk historisk roman - eBokBib
Nele Neuhaus - Snøhvit må dø - Tysk krim - Lytteeksemplar
Torgrim Sørnes - Bøddel - Norsk biografisk/historisk/dokumentar - eBokBib
Tor Edvin Dahl - Det mørke huset - Norsk roman - eBokBib

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
C.J. Sansom - Mørk ild - Britisk historisk krim - Lånt papirbok privat
Belinda Bauer - Mørke dager - Britisk krim - Lydbok Storytel


Oppsummert:
  • 4 ebøker, 3 lyd, 1 papir
  • 5 lånt, 3 lytteeksemplar, 0 abonnement
  • 3 krimromanar, 1 historisk roman, 3 andre romanar, 1 biografisk dokumentar
  • 4 norske, 2 svenske, 1 tysk, 1 sveitsisk
  • 6 menn, 2 kvinner 
  • "Nye" forfattarar: Neuhaus, Sørnes
Som ein ser har eg hatt ein svært variert lesemånad i juni sidan eg har brukt nesten alle sidene på terningen. Månadens høgdepunkt og månadens nedtur seier seg sjølv denne gongen.
I juli har eg planar om å lesa Vera Henriksen, Hilary Mantel, Tom Egeland, Cecilie Skog, Jon Michelet, Terry Hayes og Stefan Ahnhem.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Oppsummering januar - juni

Sola har snudd og me har i skrivande stund akkurat starta på andre halvår av 2016. Som dei fleste andre tykkjer eg at tida går skremmande fort. Eg har alt starta sommarferien og har brukt litt tid på å gå gjennom halvåret me har lagt bak oss, bokmessig sett.
Pr. 30. juni har eg lest 57 bøker. Storparten av dei er romanar inkl. kriminalromanar. Dei aller fleste har eg lånt, anten privat, på biblioteket eller eBokBib. Når det gjeld format fordeler dei seg slik: 21 ebøker, 20 lydbøker og 16 papirbøker.

I januarinnlegget Lesemål og leseplanar for leseåret 2016 presenterte eg måla og retningslinjene mine for året. På biletet som illustrerer innlegget ser ein 11 dåverande ventebøker. 6 av dei har eg lest og 1 er tilbakelevert til biblioteket ulest. Dei resterande 4 skal lesast ved høve.

Korleis har det elles gått? Ligg eg framføre skjema? Eller langt etter?
La meg ta det punkt for punkt:

1. Lesa mindre enn i 2015. Det ser ut til at målet på 120 bøker (mot 142 i fjor) er oppnåeleg sidan eg no etter halvt år og 57 bøker er temmeleg nøyaktig etter skjema.

2. 3/6 bøker på minst 600 sider. Her er eg i rute.

3. Årets norske utgivingar; 8/24 - og eg forventar mykje lesbart utover bokhausten.

4. Samlesing av kortlista til BBP 2015. 4 av 7 lest, dei resterande 3 vert neppe lest av meg.

5. Eldre litteratur; 6/20. Eg har framleis (for?) mykje fokus på nye bøker; eg har ikkje lest så mange bøker utgitt før 2000 i år.

6. Gjenlesing. Eg byrja friskt med 4 repriselesingar i løpet av dei tre fyrste månadene, sidan har det dabba av.

7. 6/10 biografiar. Full deltaking i biografisirkelen (3 rundar) og 3 i tillegg. Eg er framføre skjema på dette punktet.

8. Annan sakprosa; 6/12 bøker til no i år. Nøyaktig etter skjema.

9. Bokhyllelesing. Inga deltaking til no i år.

10. Skriva bokomtalar av ein tredjedel av lest bøker; 18/40. Her er eg også omlag etter planen.


Konklusjon: Å ha ein målretta plan - og å vera bevisst på å følgja denne planen - har vist seg å vera nyttig for meg. Eg føler faktisk at eg på denne måten "les betre" enn eg har gjort føregåande år.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Denne bloggen kjem ikkje til å bli oppdatert nokre veker framover, men eg kjem plutseleg tilbake med oppsummeringsinnlegg og samleomtalar i slutten av juli.

Eg vil difor nytta dette høvet til å ynskja alle blogglesarar og bokelskarar ein god (lese)sommar!

24. juni 2016

Bokomtale: Den siste vikingkongen - Krigens læregutt av Jan Ove Ekeberg

Gyldendal 2016
354 sider
Kjelde: eBokBib

Fyrste bok i ny historisk serie frå Ekeberg - som eg fann lite fengande. Tidlegare har eg lest den fyrste boka i den forrige serien, "I sverdets tid", men heller ikkje den fenga meg noko særleg, så det vart med den eine boka.
Krigens læregutt fekk eit overraskande terningkast 6 i Dagbladet (eg lenkar ikkje, og eg har ikkje lest grunngjevinga sidan det er ein betalingsartikkel), og det gjorde meg nysgjerrig sidan eg har stor sans for historiske romanar. Men - eg skjønnar ikkje dette høge terningkastet. Truleg har den anmeldaren aldri lest noko av Vera Henriksen. For samanlikninga er ikkje til å unngå sidan ein her møter den same tidsperioden og fleire av personane som Henriksen har skildra så fint i mange av sine historiske romanar.

I boka møter ein både historiske og fiktive personar og hendingar. Hovudperson er Harald Sigurdson, bror til Olav den heilage og som seinare vart kjent som Harald Hardråde. Livet hans var prega av konfliktar, krig og strid, og i denne boka møter me ungguten Harald som vert oppfostra og oppdratt som krigar og kongsbror. Han deltok i sitt fyrste slag som femtenåring på Stiklestad i 1030, var norsk konge i 20 år og enda livet sitt i slaget ved Stamford Bridge i 1066. Dette sistnemnde slaget vert av historikarar sett på som slutten på Vikingtida her i landet. Handlinga i denne boka er lagt til omlag 1026-30.

Eg tykkjer det er interessant å lesa om denne epoken (sein vikingtid og tidleg middelalder), om tidene som var urolege og omskiftelege, om (den valdelege) innføringa av den nye religionen kristendommen og om dei samfunnsmessige og menneskelege konsekvensane dette hadde.
Medan Ekeberg her fokuserer på dei macho/action/dramatiske sidene av historia tok Vera Henriksen i sine bøker meir fatt i det tidlause. Ho skreiv også mykje om dette med ansvar og ære, men skildra menneske, miljø og kjensler på ein måte som notidsmenneske kan kjenna seg att i. Enkelte har samanlikna Jan Ove Ekeberg sine historiske romanar med Vera Henriksen og Jan Guillou sine - men det er heilt feil - og frykteleg urettferdig ovanfor Henriksen og Guillou. Ekeberg befinn seg i ein heilt annan - og lågare - divisjon.

Så - i staden for Krigens læregutt vil eg heller rå folk til å lesa nyleg avdøde Vera Henriksen sin "Sigrid-trilogi"; Sølvhammeren, Jærtegn og Helgenkongen, samt dei enkeltståande romanane Dronningsagaen og Kongespeil. Alle desse bøkene har også handling frå 1000-talet og har det felles at ein får sjå historia meir i kvinneperspektiv. Henriksen skildrar ansvarsbevisste, sterke og stolte kvinner som hadde makt - men der skikkane og familiane si ære sette grenser for kva som kunne gjerast. Ekeberg sine kvinner i denne boka er stereotype og virkar heller hjelpelause og svake. Det gjeld også kongsmora Åsta Gudbrandsdatter, som i andre samanhengar vert framstilt på ein heilt annan måte.

Boka er - totalt sett - ikkje dårleg, og forfattaren har heilt sikkert brukt mykje tid og ressursar på research og gransking, men eg vart ikkje fortruleg verken med skrivestilen eller med den vinklinga Ekeberg har til det historiske materialet. Forfattaren er heller ikkje konsekvent i språkbruken sin. Somme stader vert historia fortalt i tilnærma/tilgjort sagastil, i andre sekvensar er språkbruken altfor moderne - og det virkar veldig rart. Skildringa av Harald Sigurdson sin seksuelle debut er for eksempel "Ken Follett-pinleg".

Eg kjem neppe til å lesa neste bok i serien sidan eg ikkje fann heilt ut av det med denne. Men lesinga har inspirert meg til å ta for meg Vera Henriksen sitt forfattarskap på nytt. Eg har lest bøkene i Sigrid-trilogien mange gonger, men det er fleire år sidan sist. Denne gongen går eg for lydbøkene.

19. juni 2016

Smakebit på søndag: De usynliges by

Det er lenge sidan eg har delteke i smakebit-utfordringa til Mari og Flukten fra virkeligheten, men her kjem omsider eit lite bidrag.

Tiden 1998
604 sider
Kjelde: Lånt papirbok privat

Denne helga har eg lest ut bok nummer to i Tatertrilogien til Britt Karin Larsen. Mellom ein heil del andre kvalitetar som denne boka har, er at ho er så sitatvenleg. Larsen skriv så godt at ein lesar brukar ekstra lang tid; enkelte avsnitt er så vakre, så sterke og så gripande at ein må lesa dei om igjen, gjerne fleire gonger, - for liksom å ta innhaldet inn over seg, fullt ut.
"Tiden, den som ubønnhørlig haster videre, med alderdom og død i sine fotspor, tiden blir til noe lokkende og vakkert når den kan betraktes i et åpent urverk, kan sees som det sitrende og tikkende hjertet i et dobbeltkapslet lommeur av gull"
Handlinga i De usynliges by - som er eit framhald av De som ser etter tegn (1997) - er lagt til tida ca. 1925 - 1945. Med klokskap og engasjement fortel Britt Karin Larsen vidare om taterkulturen generelt og "Akselfølget" spesielt.
"Velsignet være vannet, for sin svalhet, skjønnhet, evne til å gjennomstrømme, bære, men aller mest velsignet er vannet når det renser, frelser, redder liv."
Det handlar om familie og ære, handel og vandel, kultur og natur, kulde og svolt, kjærleik og hat, liv og død.
"Det finnes lykkelige og ulykkelige netter, det finnes kvinner som pines fordi en mann kommer til dem som vil dem noe, og kvinner som pines fordi en mann lar være å komme, fordi plassen ved siden av dem er kald og tom, natten igjennom."
Motsetningane mellom dei reisande og dei fastbuande var mange og store. Bøndene var både fascinert av og redd for den stolte og framande romanikulturen. Dei fastbuande trong gjerne tenestene og varene deira, men ville elles ikkje ha noko med tatrane å gjera. (Og så kan ein gjerne dra parallellar til vår eiga tid og den skepsisen og framandfrykten ein ser..)

På denne tida (1920 og 30-talet) byrja også storsamfunnet å ta grep; dei styrande krov at taterfølgja skulle busetja seg av omsyn til skuleplikt og registreringsplikt. I mange tilfelle tok styresmaktene seg av borna - i beste meining får ein tru, men ofte brått og brutalt. Når det gjaldt enkelte "vanskelege" vaksne vart dei gjerne "behandla" med lobotomi og kastrasjon.
"- De har gjort noe med meg, sier han, - slik at jeg ikke er farlig for noe kvinnfolk lenger. Du vet det, ikke sant? Hun nikker med øynene fulle av tårer. Denne vakre mannen, med en kropp som gudene kunne misunt ham, skal aldri få noe avkom, og heller aldri begjære en kvinne på den måten Gud mente det."
Forteljarmåten og skrivestilen i Tatertrilogien er gjenkjenneleg frå Finnskogserien, men her nyttar forfattaren meir dialogar, skrivne på dialekt og med enkelte romani-ord.
Overgangen mellom dei enkelte småhistoriane og forteljarstemmene er ikkje alltid heilt klåre. Alt dette fører til at boka ikkje er lettlest - men likevel altså; dette er ei sterk, lærerik og leseverdig forteljing.

Har du lyst til å ta ein titt på andre søndagssmakebitar?
Klikk deg inn i Flukten fra virkeligheten!

15. juni 2016

Biolesesirkel: Kampene - Et portrett av Kim Friele

Tema for Moshonista sin biografisirkel i juni er I rettferdighetens navn, dvs. at me i denne runden skal lesa biografiar om/av folk som har kjempa for rettferd, likskap og likestilling. Kort sagt: Personar som har kjempa for det gode. Eg har lese Ola Henmo sin biografi om den kjende samfunnsdebattanten og homoaktivisten Kim Friele.


Cappelen Damm 2015
159 sider
Kjelde: Lånt ebok, eBokBib


Du er eit av mine store førebilete, og ei kvinne som har gjort Norge til eit klokare og rausare land, sa kronprinsesse Mette-Marit til Kim Friele då dei to og biografen Henmo samtala på Gol bibliotek tidlegare denne månaden. Det er ikkje vanskeleg å vera enig med kronprinsessa i det.

Arrangementet på Gol var sett i stand i samband med at Litteraturtoget 2016 hadde utanforskap som tema. (Ein kan meina mangt og mykje om det kongelege litteraturtoget, men eg tykkjer at litteratur er av dei meir fornuftige tinga ei kronprinsesse kan engasjere seg i..)

Så mykje nytt byr ikkje biografien/portrettet til Henmo på. Friele ga ut sin eigen sjølvbiografi alt i 1990, så ein kan sei at det meste er kjent frå før. Det er likevel ganske interessant - og ofte morosamt - å lesa om hovudpersonen sine kampar og historia om homorørsla.

Karen-Christine Wilhelmsen vart fødd i Bergen i 1935. Førenamnet vart etter kvart forkorta til Kim og etternamnet gifta ho seg til i 1959. Ekteskapet vart kortvarig, for Kim "fann seg sjølv" etter ei tid. Takka vere tolerante foreldre og ein trygg oppvekst hadde ho også det motet som skulle til for å stå fram offentleg som homofil i ei tid då dette var tabu.

I dag er vel dei fleste av den oppfatning at kjærleik er kjærleik, same kva legning den enkelte har. Men slik har det slett ikkje alltid vore. Heilt fram til 1972 var homofile handlingar mellom menn forbode. (Kvinner/lesbiske var ikkje nemnde eingong i straffelova § 213. Ein kunne ikkje tenkja seg at det gjekk an å ha sex utan at ein mann var med i biletet..) Fram til 1978 var homofili definert som ein psykiatrisk diagnose. I 1981 vart homofile lovbeskytta mot diskriminering - og i 1993 fekk dei rett til partnerskap. Kim Friele bidrog aktivt i alt dette arbeidet sidan ho hadde ei sentral rolle i Det norske forbundet av 1948 og seinare i Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. Kim Friele er med rette blitt hylla og dekorert for innsatsen sin, men ho har også trakka på nokre tær opp gjennom åra. Det legg ikkje Henmo skjul på i denne boka. Friele brukar "stor plass" og kan nok oppfattast som skarp og stri.

Det er framleis vanskeleg for mange å komma ut or skapet. Difor er det flott at det finst menneske som Kim Friele, som har kjempa og stått på barrikadane på vegne av alle homofile og lesbiske - i ein kvinnealder. Kim Friele og hennar partner og store kjærleik Wenche Lowsow fyller år på same dato. Nyleg (27. mai) vart Kim 81 år og Wenche 90. No er Wenche sterkt redusert av sjukdom, men dei har halde saman i nær 40 år, i gode og onde dagar.

Om få dagar opnar Oslo Pride 2016. Festivalen kjem sikkert til å bli prega av den grusomme hendinga i Orlando for nokre dagar sidan. Ekstremt homohat og homofrykt eksisterer i enkelte fundamentalistiske miljø. Me er komne langt når det gjeld likestilling og likeverd i landet vårt, men homofili er framleis ulovleg i 75 land. Homokampen er framleis aktuell.

8. juni 2016

Samleinnlegg: Sommarlesing 2016 del 1

Tre kjappomtalar av tre aktuelle sommarbøker. Her får du vita kva du bør lesa - og kva du bør styra unna.


Broren av Joakim Zander
Gyldendal 2016
441 sider, eBokBib


Denne er knallgod! - så god at boka fortener ein meir fengande/skildrande tittel og eit meir spennande omslagsbilete enn det ein ser her. Originaltittelen er Orten (staden, eller som i dette tilfellet: forstaden) og nettopp; eit søskenpar sin oppvekst i ein sliten og tildels ghettofisert forstad er sentral i handlinga.
Broren er skremmande aktuell, frykteleg spennande og uhyre velskriven. Boka er eit frittsåande framhald av Svømmeren, men det er egentleg ikkje naudsynt å lesa den på førehand.

Ein får følgja tre parallelle historiar som heng nøye saman og der informasjonen vert porsjonert ut i akkurat passe dosar. Ikkje spesielt lettlest, men sidene flyg av garde likevel. Handlinga er tempofylt og intens og føregår i Stockholm, New York, London - og i Syria. Terningkast 5.
Sjå boktrailer
Les utdrag frå boka


De som fortjener det av Peter Swanson
Cappelen Damm 2016
317 sider, 
biblioteklånt papirbok 

Ei bok som har fått ganske mykje merksemd og som fortener det. Sidan omslaget er "pryda" med blurbs frå folk som Tom Egeland, Ingvar Ambjørnsen og Asbjørn Slettemark, var eg skeptisk-spent då eg starta lesinga.

Historia fengar frå fyrste stund og interessa vert halden oppe gjennom heile boka, ikkje minst fordi forteljarstemmene og synsvinklane er så skiftande. Boka endrar stemning alt etter kven som fortel. Det at lesaren ikkje heilt kan stola på forteljaren gjer at boka har høg sidevendarfaktor.
De som fortjener det er ein krimthriller som - ikkje utan grunn - er blitt samanlikna med andre bøker med "upålitelege" forteljarstemmer, t.d. Flink pike, Piken på toget og Sannheten og andre løgner. Men denne er betre enn dei her nemnde!
Avslutninga er noko forutsigbar, men alt i alt vart dette ei god leseoppleving til terningkast 5.


Boka om Baltimorefamilien av Joël Dicker
Lydbokforlaget 2016
Speletid 13:56, opplesar Bendik Østbye Johannessen. Lytteeksemplar.


Enno ei bok som har fått ei viss merksemd - men denne innfridde ikkje på nokon måte forventningane mine. Etter den geniale Sannheten om Harry Quebert-saken gledde eg meg til å ta fatt på denne - og vart skikkeleg skuffa. Dette er så tregt, så saktegåande og så lite spennande - at eg ikkje skjønnar at eg har klart å fullføra. Eg gjekk og venta på at boka "skulle ta seg opp" etter kvart - noko som berre skjedde til ein viss grad. Boka er sikkert meint som - og kan oppfattast som - ei gripande familieforteljing, men for meg vart dette ein meiningslaus og melodramatisk såpeopera. Slutten er så klissete at eg vrir meg i ubehag. Trass i at forfattaren er sveitsisk er handlinga grusomt amerikansk.
Lydboka baud likevel på ei positiv oppleving: Opplesaren har ei behageleg stemme, han les i eit passe tempo og med god innleving. Men boka fortener berre terningkast 2.

1. juni 2016

Oppsummering mai

Påbyrja i april, fullført i mai:
Pierre Lemaitre - Vi ses der oppe - Fransk roman - Lånt papirbok biblioteket
Harlan Coben - Når noen bare forsvinner - Amerikansk krim - Lydbok Storytel
Helga Flatland - Vingebelastning - Norsk roman - eBokBib

Lest i mai:
Odd Harald Hauge - Everest - Norsk krim - eBokBib
Henning Mankell - Svenske gummistøvler - Svensk roman - Lytteeksemplar
Jens Lapidus - Sthlm delete - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Bjørn Olav Jahr - Hvem drepte Birgitte Tengs? - Norsk krimdokumentar - eBokBib
Ola Henmo - Kampene: Et portrett av Kim Friele - Biografi/dokumentar - eBokBib
Peter Swanson - De som fortjener det - Amerikansk krimthriller - Lånt papirbok biblioteket

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Joël Dicker - Boka om Baltimorefamilien - Sveitsisk roman - Lytteeksemplar
Joakim Zander - Broren - Svensk krim - eBokBib




Oppsummert:
  • 4 ebøker, 2 lyd, 3 papir
  • 7 lånt, 1 lytteeksemplar, 1 abonnement
  • 4 krimromanar, 3 andre romanar, 1 biografisk dokumentar, 1 krimdokumentar
  • 4 norske, 2 svenske, 2 amerikanske, 1 fransk
  • 8 menn, 1 kvinne 
  • "Nye" forfattarar: Hauge, Jahr, Henmo, Swanson

Månadens høgdepunkt:
Vi ses der oppe, De som fortjener det og Sthlm delete.

Månadens nedtur:
Vingebelastning.