14. oktober 2025

Serieomtale: Roman om en forbrytelse (Martin Beck) av Maj Sjöwall og Per Wahlöö

For vel eit år sidan skreiv eg ein serieeomtale om A-gruppen av Arne Dahl. Då hadde eg brukt store deler av sommaren på gjenlesing av denne favorittserien - og i omtalen skreiv eg at Dahl bygger vidare på krimtradisjonen som Sjöwall & Wahlöö danna.
Så - denne sommaren har eg gjenlese (dvs. lytta til) den serien som faktisk var inngangen til kriminteressa mi: Den klassiske og banebrytande Martin Beck-serien. I tillegg har eg lese ein svært interessant biografi om forfattarparet Maj Sjöwall og Per Wahlöö.

Bøkene kom ut i tidsrommet 1965 til 1975 og alle har undertittel Roman om en forbrytelse. Ein ikkje nødvendigvis lesa dei i rekkefølge, men det er absolutt ein fordel. Då ser ein tydlegare korleis det svenske samfunnet endra seg i det aktuelle tidsrommet, og at bøkene avspeglar nettopp dette. Ein ser også korleis forfattarparet etter kvart finn sin eigen stil og korleis den "rette" blandinga mellom realisme, spenning, humor/satire, psykologisk drama og samfunnskritikk kjem til syne. Dette er starten på det som me no kjenner som nordic noir.

Takka vere Sjöwall og Wahlöö vart me kjent med Martin Beck, - og i åra som følgde kom krimheltar som f.eks. Kurt Wallander, Van Veeteren, Paul Hjelm, Annika Bengtzon og Mikael Blomquist, for å nemna nokre få. Forfattarar som Henning Mankell, Håkan Nesser, Arne Dahl, Liza Marklund og Stieg Larsson følgde altså alle i fotspora til Sjöwall/Walhöö. Det same gjorde andre skandinaviske krimforfattarar; Jo Nesbø med Harry Hole, Unni Lindell med Cato Isaksen og Jussi Adler-Olsen med Avdeling Q er andre suksessrike eksempel. Den same krimtradisjonen er dei seinare åra vidareført og vidareutvikla av andre svenske forfattar som Roslund & Hellström, Hjorth & Rosenfeldt og Lars Kepler, - for å halda oss til forfattarpar.

Kan ein krimserie som vart skriven for 50-60 år sidan framleis vera leseverdig for lesarar i 2025? Eg meiner ja, men så har då desse bøkene har betydd mykje for meg, og eg har lese dei mange gonger. Det er eit nostalgisk (men absolutt ikkje romantisk) skjær over dei, og dei minner oss om at politietterforsking og samfunnet elles har endra seg voldsomt. Bokserien har handling frå ei tid utan DNA-spor, internett, datamaskiner og mobiltelefonar - og likevel er bøkene på ein forundarleg måte stadig aktuelle. 
 
Det politiske bodskapet er sentralt i handlinga. Maj Sjöwall og Per Walhöö sto politisk langt til venstre og gjennom bokserien viser dei ulike skyggesider ved det sosialdemokratiske folkhemmet. Dei syner korleis kriminaliteten endrar seg i takt med samfunnsendringar og korleis samfunnet skaper taparar - og dermed grunnlag for kriminelle handlingar. Samfunnskritikken kan virka overtydeleg for dagens lesarar, men på den tida bøkene kom ut var det ganske nytt at kriminalromanar tok opp aktuelle samfunnsproblem og -utfordringar.
Vidare kan måten bøkene er oppbygde på opplevast som enkelt for dagens krimlesarar. I denne serien finn ein ikkje noko særleg av twists and turns og cliffhangers.

Sett med "notids-briller" er kvinnesynet i bøkene noko spesielt og utdatert. Maj Sjöwall skal ha blitt spurt om dette seinare i livet, men ho har ikkje lagt noko vekt på det. Det var berre slik det var. Sjølv tykkjer eg at fleire av skildringane av kvinner i bøkene er merkelege når ein tenkjer på kor radikale haldningar forfattarane hadde i alle andre samfunnsspørsmål.

Eg kan anbefala lydbøkene. Sidan handlinga er kronologisk og såpass beint fram er det ikkje vanskeleg å halda tråden. Opplesar Trond Heien si stemme er tydeleg og behageleg og passar svært godt til handlinga og stemninga i bøkene. 

Kort om dei mest sentrale hovudpersonane

Som i serien om A-gruppen er det interessant å lesa om dynamikken og samarbeidet i etterforskargruppa.
Martin Beck
. Hovudperson og den mest sentrale forteljarstemma i serien. Han er ikkje ein spesielt spennande karakter, faktisk kan han opplevast som kjedeleg. Introvert, fagleg dyktig, trivst i jobben, men ofte frustrert pga. uduglege overordna og tungrodd system. Lever i eit ulukkeleg ekteskap, finn etter kvart kjærleiken på nytt.
Lennart Kollberg. Beck sin næraste kollega og beste (og einaste) ven. Skarp og smart, meir fargerik og meir lunefull enn Beck. Er den i gruppa som er mest kritisk til heile systemet. Etter at han drap ein mann ved eit uhell nektar han å bæra våpen. Kranglar ofte med Gunvald Larsson. Lykkeleg gift og småbarnspappa.
(Funfact: Karin Fossum sin krimhelt Konrad Sejer har ein hund som heiter Kolberg. Truleg ein honnør til denne serien)
Gunvald Larsson. Framstår som usympatisk og ufordrageleg. Heilt utan filter, uansett kven han samhandlar med. Har overklasse- og offiserbakgrunn, pen i tøyet, bokstaveleg talt hardtslåande. Dukkar opp i bok 3 - og med Gunvald får serien eit nytt preg, med meir humor, meir satire - og meir action. Sjöwall sin favorittkarakter.
Einar Rönn. Frå Norrland, treg og fåmælt, men kan komma med overraskande skarpe analysar. Har eit venskapleg forhold til Larsson og eit litt anstrengt forhold til Beck. Wahlöö sin favorittkarakter.
Fredrik Melander. Stødig kjedeleg type, i dag ville me kalla han ein nerd. Kjempesmart og med klisterhjerne. Kjent for å vera piperøykar og å bruka lang tid på toalettet.

Kort om bøkene

1. Roseanna
Den fyrste boka kom ut i 1965, handlinga er lagt til 1964.
Eit kvinnelik vert funne i Göta kanal og Beck og Kollberg vert tilkalla for å bistå lokalt politi. Det er tydeleg at kvinna - kven ho no er - har vore offer for ein særs brutal gjerningsperson. Etterforskinga vert framstilt på ein realistisk måte, noko som vil sei at arbeidet er vanskeleg - og dessutan omstendeleg og ufatteleg langsamt - sett med 2025-auge.
Samstundes er det interessant å lesa om korleis folk kledde seg og tedde seg, korleis dei kommuniserte og samarbeidde, og ikkje minst kva haldningar som var gjeldande den gongen. Tidsbileta er gode og personskildringane veldig bra.
For 60 år sidan var altså dette noko heilt nytt innan krimsjangeren, men i dag vil nok dei fleste krimlesarar sei at det er rimeleg tregt, og dessutan at plottet er for enkelt. Det er eit stykke frå Roseanna til dagens kjappe, fartsfylte og bloddryppande krimbøker.

2. Mannen som gikk opp i røyk (1966) [Mannen som gick upp i rök]
Store deler av handlinga er lagt til Ungarn og me får eit innblikk i internasjonal organisert kriminalitet.
Ein svensk journalist er sakna og Beck blir sendt avgarde til Budapest for å prøva å finna ut kva som kan ha skjedd. Saka må handterast diskret fordi svenske styresmakter fryktar politiske forviklingar. Beck finn få spor og ingen bevis, og samarbeidet med ungarsk politi er vanskeleg. Når han så ein kveld vert angripen av ukjende gjerningspersonar, forstår han at det er ei sak med mektige bakmenn og vide forgreiningar. Saka får ei truverdig, men overraskande, oppklaring når Beck er tilbake i Sverige.

3. Mannen på balkongen (1967)
I den tredje boka er forfattarparet verkeleg i ferd med å finna sin stil. Både Gunvald Larsson og Einar Rönn vert introduserte og det same blir dei udugelege politikonstablane Kristianson og Kvant.
Ei ni år gammal jente vert funnen død i ein park; ho er blitt valdteken, mishandla og kvalt. Kort tid etter vert endå eit barn utsett for det same. Ein serieovergripar og barnemordar er på ferde i Stockholm, - og panikken brer seg i samfunnet og i media. Ved hjelp av grundig og krevjande etterforsking, samt nokre tilfeldigheiter, vert den skuldige funnen. Jakta etter den sjuke mordaren er nervepirrande og realistisk.
Tematikken i boka er seinare brukt i det uendelege i krimromansamanheng.

4. Døden kjører buss (1968) [Den skrattande polisen]
Gatene i Stockholm er fulle av politifolk og demonstrantar mot Vietnamkrigen - men i ein annan kant av byen skjer eit brutalt massedrap på ein buss. Mellom dei drepte er ein kollega av Beck. Kva har egentleg skjedd? Kven har avfyrt våpenet? Var det kollegaen som var hovudmålet og dei andre tilfeldige offer? Eller er det heilt noko anna som ligg bak? Heile etterforskargruppa bidreg i saka på kvar sin måte, alle med si eiga tilnærming, og med eit felles mål om å løysa mysteriet.
Boka er stemningsfull og har fine personskildringar. Særleg Beck og Kollberg viser seg frå nye og overraskande sider.
Forfattarane fekk Edgarprisen i 1971 for The laughing policeman.

5. Brannbilen som forsvant (1969) [Brandbilen som försvann]
Gunvald Larsson overvakar husværet til ein mistenkt narkotikaforbrytar, og plutseleg står huset i full fyr. Larsson gjer det han kan for å redda folk ut av den brennande bygningen. Kvifor går det så lang tid før brannmannskapa er på plass?
Brannen ser ut til å skuldast sjølvmord med gass, men teknisk gransking avdekkar ei brannbombe i ruinane. Vidare etterforsking viser at saka har internasjonale forgreiningar.
Martin Beck si dotter er i ferd med å flytta ut og oppfordrar faren til å gjera det same. Ekteskapet er over. 


6. Snut, snut, kaffegrut (1970) [Polis, polis, potatismos]
Tidlegare norsk tittel: Purk, purk, sur agurk.
Mykje av handlinga er lagt til Malmö, der ein forretningsmann vert skoten og drepen på ein eksklusiv restaurant. Spor tyder på at kriminelle har nært samkvem med toppleiarar i samfunnet og både Säpo og sentrale styresmakter vert involverte.
Ein kan godt sei at moralen i denne historia er overtydeleg; dei rike og mektige går fri og den ressurssvake må svi. Men slik er det jo ofte, den dag i dag.
(Boka vart filmatisert i 1993 med Gösta Ekman som Martin Beck og Rolf Lassgård som Gunvald Larsson. Sjå klipp frå filmen her. Unge Lassgård er god i Gunvald-rolla)

7. Mannen på taket (1971) [Den vedervärdiga mannen från Säffle]
Tidlegare norsk tittel: Udyret fra Säffle.
Kanskje den beste - og i alle fall den mest actionprega - av alle bøkene i serien. Ein politimann blir myrda på ein bestialsk måte og det er mange som kan ha hatt motiv for ugjerninga. Han var nemleg ikkje nokon bra politimann. Den påfølgjande jakta på mordaren blir av det dramatiske slaget.
Var den fyrste av bøkene i serien som vart filmatisert (i 1976), i det som skal ha vore nordens fyrste actionfilm
8. Det lukkede rom (1972) [Det slutna rummet]
Martin Beck er tilbake frå sjukmelding etter skadane han fekk i forrige bok og får ei uoppklart sak å jobba med; eit lukka rom-mysterium. Samstundes er Gunvald Larsson og Lennart Kollberg blitt med i ei etterforskargruppe som skal oppklara ein serie bankran. Samarbeidet med den eksentriske Sten "Bulldozer" Olsson er krevjande for Larsson og Kollberg, men er underhaldande for oss lesarar. Sakene heng saman på ein finurleg måte.
Beck har vore singel ei tid år han møter ei kvinne i samband med etterforskinga si. Møtet blir starten på eit nytt kjærleiksforhold.

9. Politimorderen (1973) [Polismördaren]
Samfunnskritikken vert skarpare mot slutten av serien. Lennart Kollberg seier opp, han orkar ikkje meir av forfallet han er vitne til, verken i politiet eller samfunnet generelt. 
Handlinga i boka er basert på verkelege hendingar og ein verkeleg person.
Gunvald Larsson er leiar for etterforsking av eit drap på ein politimann medan Martin Beck befinn seg i Skåne der han er kalla inn for å bistå i etterforskinga av mordet på ei kvinne. Ein av dei mistenkte er ein person som var sentral i den fyrste boka, Roseanna. 


10. Terroristene (1975) [Terroristerna]
Ein svært upopulær amerikansk senator skal komma på offisielt besøk til Sverige, og det er fare for eit terroråtak. Det dreiar seg om eit svært opplegg som kan komma til å ramma ein heil del andre menneske. Einar Rönn har ei overraskande sentral rolle i denne boka.
Det er ei krevjande sak då dei skal ta omsyn til forventningar frå mange ulike hald.
Det aller siste ordet i den siste boka er: Marx.



Kort om forfattarane 

Maj Sjöwall (1935 - 2020) og Per Walhöö (1926 - 1975) hadde begge vore gift to gonger og hadde kvart sitt barn frå tidlegare då dei vart sambuarar frå 1963. Saman fekk dei to søner. Dei to var "ekte 68'arar", opprørske og prega av dåtidas politiske og kulturelle vindar. 
Walhöö døydde altså kort tid etter at bokserien var ferdigskriven. Sjöwall jobba i tida etter som oversetjar og la egentleg forfattarskapet på hylla.

Biografien Boken om Beck och Sjöwall Wahlöö och tiden som for av Johan Erlandssson er både ei kjærleikshistorie og ei litteraturhistorie. Erlandsson skildrar skrivinga, bøkene, familielivet og det til tider turbulente samlivet. Biografien er interessant og grundig, basert på intervju, dagbøker, brev og andre dokument. 
Ifølge biografien skreiv Maj Sjöwall og Per Wahlöö alle bøkene i lag, med eit unntak: Den siste boka. Biografen har hatt tilgang til originalmanuskripta og desse viser at dei vanlegvis skreiv omlag halvparten kvar i dei ni fyrste bøkene. Nesten alt i Terroristene vart skriven av (ein dødssjuk) Wahlöö.

Kort om filmane

For folk flest er nok Martin Beck synonymt med filmane med Peter Haber i hovudrolla (og Rolf Börjlind som manusforfattar). Eg har berre sett nokre få av dei. Filmane er heilt annleis enn bøkene - og eg er ikkje spesielt begeistra. Men truleg har "alle andre" eit anna syn enn meg, for i skrivande stund er ein i gang med sesong 10 og film nummer 53! (oversikt her)
Filmane er kun lausleg basert på bøkene og lagt til vår tid. Fleire av karakterane i bøkene er utelatne, medan andre karakterar, som figuren Grannen, ikkje er med i bøkene. Men Peter Haber er ein OK Martin Beck og Michael Persbrandt ein veldig god Gunvald Larsson.

1. oktober 2025

Oppsummering september 25

Påbyrja i august, fullført i september:
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Terroristene (Martin Beck #10) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Stefan Ahnhem - Generasjon null (Fabian Risk #7) - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Lese i september: 
Dag Steinfeld - Fedre og sønner - Norsk dokumentar/slektskrønike - Lyd Storytel
Fredrik Græsvik - Skadeskutt - Norsk dokumentar/biografi/debatt - Lyd Storytel
Emelie Schepp - Hundre dager i juli - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Solveig Aareskjold - Astridene - Historisk dokumentar - Papirbok fått i gåve
Jens Lapidus - Mr En (Teddy & Emilie #4) - Svensk krim - Lyd Storytel
Gunnar Staalesen - 1899 Preludium (Hundreårsserien #5) - Norsk roman - Lånt papirbok privat

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jens Lapidus - Død mann walking (Teddy & Emilie #5) - Svensk krim - Lyd Storytel
Garry Disher - Kittyhawk savnet (Peninsula-serien #2) - Australsk krim - Lånt ebok BookBites


5 lyd, 3 papir
4 lånt, 3 abonnement, 1 fått
4 krim, 1 annan roman, 3 sakprosa
4 norske, 4 svenske
Nye forfattarar: Steinfeld, Aareskjold

September vart, som terningkasta over syner, ein lesemånad med fleire høgdepunkt. Eg vart ferdig med Martin Beck-serien og las to andre svenskar (Ahnhem, Lapidus) som ein nok kan sei held seg til ein moderne variant av Sjöwall/Wahlöö-tradisjonen. 

Svensk krim er i det heile sjeldan feil for denne lesar, men det vart ein nedtur med Emelie Schepp si nyaste bok. Eg trudde dette var eit framhald av den spennande Jana Berzelius-serien, men så viste det seg å vera ei frittståande krimhistorie, - i ein heilt annan stil og på eit anna nivå enn bøkene om Jana. Eg ville nok "normalt sett" gitt Hundre dager i juli terningkast 4, men forventningane mine på førehand gjorde at eg konkluderte med ein 3'ar. 

Fredrik Græsvik si bok Skadeskutt er både opplysande og tankevekkjande. Forfattaren byr på seg sjølv og deler opplevingar gjennom mange år som krigsreportar og utanriksjournalist. Opplysande og tankevekkjande er òg Dag Steinfeld si bok Fedre og sønner, som handlar om hans eiga jødiske slekt og familie. Her fekk eg kunnskap om emner og hendingar som eg ikkje har vore kjent med tidlegare. 

Om eg skal plukka ut berre eitt høgdepunkt i lesemånaden september, må det bli 1899 Preludium. Dette er ein forløpar til det Staalesen sjølv meiner er det litterære hovudverket sitt: Hundreårstrilogien. Eit verk som eg er veldig begeistra for. Eit verk og ein trilogi som no er blitt utvida i begge endar, fyrst med 2020 Post festum og no altså med eit forspel. Eg fekk egentleg veldig lyst til å lesa heile trilogien (som no er blitt ein serie) på nytt endå ein gong, det var så interessant og triveleg å "møta" mange av dei velkjende karakterane igjen.
Har du ikkje lese trilogien tidlegare er tida inne for å starta no - med preludiet.

31. august 2025

Oppsummering august 25 og tertialstatistikk

Påbyrja i juli, fullført i august:
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Brannbilen som forsvant (Martin Beck #5) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Satu Rämö - Hildur (Hildur #1) - Islandsk/finsk krim - Lånt papirbok privat 

Lese i august: 
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Snut snut kaffegrut (Martin Beck #6) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Johan Erlandsson - Boken om Beck och Sjöwall Wahlöö och tiden som for - Svensk biografi - Lyd Storytel
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Mannen på taket (Martin Beck #7) - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Erika Fatland - Sjøfareren - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Mímir Kristjánsson - Pabbi - Norsk biografi/ personleg beretning - Lyd Storytel
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Det lukkede rom (Martin Beck #8) - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Politimorderen (Martin Beck #9) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i august, fullførast i september:
Stefan Ahnhem - Generasjon null (Fabian Risk #7) - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Terroristene (Martin Beck #10) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites


7 lyd, 1 papir, 1 ebok
5 lånt, 2 abonnement, 2 kjøpt
6 krim, 2 biografiar, 1 dokumentar
2 norske, 6 svenske, 1 islandsk/finsk
Nye forfattarar: Rämö, Erlandsson

Blogging har det vore lite av dei siste månadene, men det blir ein del lesing. August vart òg ein veldig bra lesemånad. Som i forrige månad var hovudfokuset mitt gjenlesing av Beck-serien, og no er det like før eg har fullført "prosjektet". Biografien om forfattarparet var med på å gjera det heile ekstra interessant. 

Det andre fokuset har vore Sjøfareren av Erika Fatland. Det er ei 700 siders fantastisk lærerik reiseskildring, der forfattaren reiser gjennom det som ein gong var det portugisiske imperiet. Fatland kombinerer fakta om historie, geografi og politikk med anekdotar, kvardagsliv og samtalar med folk. Anbefalast på det sterkaste!

Elles har eg lese fyrste bok i ein krimserie av ein finsk forfattar busett på Island (Hildur) og Mimir Kristjánsson si bok om faren og hans - og sitt eige - alkohol(mis)bruk. 

Statistikk etter 2. tertial

  • 68 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 47 krim- og spenningsromanar
    - 5 andre romanar
    - 17 sakprosa
  • 45 lydbøker, 10 ebøker, 13 papirbøker
  • 34 lånt, 26 Storytel-abonnement, 7 kjøpt, 1 fått 
  • 28 norske, 18 svenske, 9 britiske, 6 islandske, 2 finske, 2 danske, 1 fransk, 1 kanadisk, 1 australsk
  • Terningkast: 30 5'arar, 35 4'arar og 3 3'arar

1. august 2025

Oppsummering juli 25

Påbyrja i juni, fullført i juli:
Samuel Bjørk - Bomberen (Holger Munch og Mia Krüger #5) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jørn Lier Horst og Jan-Erik Fjell - Skriket (Markus Heger #1) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

Lese i juli:
Jussi Adler-Olsen, Line Holm og Stine Bolther - Døde sjeler synger ikke (Avdeling Q #11) - Dansk krim - Lånt papirbok privat
Terje Bjøranger og Gunnar Svensson - Æresrelatert kriminalitet - Norsk sak/debatt - Lyd Storytel
Elly Griffiths - Løgnens hus (Ruth Galloway #2) - Britisk krim - Lyd Storytel
Eva Fretheim - Fuglekongen (Vigdis Malmstrøm #2) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Roseanna (Martin Beck #1) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Mannen som gikk opp i røyk (Martin Beck #2) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Mannen på balkongen (Martin Beck #3) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Døden kjører buss (Martin Beck #4) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites

Påbyrja i juli, fullførast i august:
Maj Sjöwall og Per Wahlöö - Brannbilen som forsvant (Martin Beck #5) - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Satu Rämö - Hildur (Hildur #1) - Islandsk/finsk krim - Lånt papirbok privat




7 lyd, 2 papir, 1 ebok
8 lånt, 2 abonnement
9 krim, 1 sakprosa
4 norske, 4 svenske, 1 dansk, 1 britisk

Nye forfattarar: Holm, Bolther, Svensson

Hovudfokuset mitt i juli og august er gjenlesing av Martin Beck-serien av Sjöwall og Wahlöö. Dette er serien som var forløparen til dagens nordic noir - og som også var inngangen til mi eiga kriminteresse. Eg las dei ti bøkene fleire gonger på 1970-, 80- og 90-talet. 
Dei siste par-tre tiåra har eg ikkje lese nokon av bøkene, men har sett nokre (få) av filmane basert på bøkene. Som alltid er eg ikkje heilt nøgd med filmversjonar av bøker eg har lese, men eg må innrømma at Peter Faber er ein god Martin Beck og at Mikael Persbrandt er ein glimrande Gunvald Larsson. Filmane er heilt annleis enn bøkene; dei er lagt til ei anna tid og fleire av karakterane i bøkene er ikkje med.
Det kjem ein serieomtale her på bloggen når eg har fullført gjenlesinga av alle bøkene.

Elles vart juli ein bra lese-/lyttemånad: Bomberen er veldig spennande og god, den nye Avdeling Q-boka er overraskande bra, - og bok to i Ruth Galloway-serien er betre enn den fyrste. Samarbeidet Horst/Fjell om Skriket er positivt, - betre enn Horst åleine og mykje betre enn Horst/Enger. Fuglekongen er "heilt grei", men eg stiller meg undrande til at forfattaren vart tildelt Rivertonpris for boka. Den burde Terje Bjøranger fått for krimromanen Den ingen ser

Og apropos Bjøranger:
Æresrelatert kriminalitet og ei rystande, interessant og lærerik bok, frå to forfattarar som veit kva dei snakkar om. Det er viktig og riktig at problematikken rundt slik kriminalitet vert snakka om og sett på dagsorden.

2. juli 2025

Oppsummering juni 25

Påbyrja i mai, fullført i juni:
Erik Fosnes Hansen - Salme ved reisens slutt - Norsk roman - Lyd Storytel

Lese i juni:
Camilla Grebe - Jentene og mørket (Jentene og mørket #7) - Svensk krim - Lånt papirbok privat
Anne Britt Harsem - Jakten på en serieovergriper - Norsk dokumentar/ personleg beretning - Lyd Storytel
Ragnar Jònasson - Mørket (Hulda Hermannsdóttir #1) - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Ragnar Jònasson - Øya (Hulda Hermannsdóttir #2) - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Ragnar Jònasson - Tåken (Hulda Hermannsdóttir #3) - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites
Valérie Perrin - Å vanne blomster om kvelden - Fransk roman - Lyd Storytel [avbraut}

Påbyrja i juni, fullførast i juli:
Samuel Bjørk - Bomberen (Holger Munch og Mia Krüger #5) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Jørn Lier Horst og Jan Erik fjell - Skriket (Markus Heger #1) - Norsk krim - Lånt lydbok BookBites

5 lyd, 1 papir
4 lånt, 2 abonnement
4 krim, 1 annan roman, 1 dokumentar
2 norske, 1 svensk, 3 islandske

Nye forfattarar: Jònasson, (Perrin)

Travle dagar og kveldar gjorde at det ikkje vart meir enn seks fullførte bøker i juni. Forventar meir lesing denne månaden sidan eg har sommarferie.

Gjenlesinga av Salme ved reisens slutt vart ganske vellukka. Eg likte i alle fall boka betre no enn då eg las ho fyrste gong, men ho når ikkje heilt opp. Til det er forteljinga for usamanhengande og treg.

Jakten på en serieovergriper, der me får Stine Reksten si historie, gjorde djupt inntrykk, dette trass i at eg kjende til mykje av innhaldet frå før. 

Camilla Grebe si nye bok er veldig bra; Jentene og mørket er eit eksempel på at saktegåande krim kan vera både intens og spennande. 

Månadens nedtur:
Det eg er mest misnøgd med er at eg kasta vekk eit par timar på lytting av ei bok som eg aldri burde ha starta på. Finst det ei bok som er meir oppskrytt enn Å vanne blomster om kvelden tru? Det var så definitivt ikkje min tekopp.

Månadens høgdepunkt:
Dei tre krimbøkene til islandske Ragnar Jònasson. Han er ikkje så rå som Yrsa og heller ikkje så melankolsk som Arnaldur, noko midt imellom. Landskapet, veret og naturen er - som vanleg i romanar frå Island - effektfulle og viktige rammer for forteljinga.
Det som gjer denne trilogien så spesiell er måten forfattaren har konstruert og bygd opp forteljinga. Det er ikkje berre hopp fram og tilbake i tid, - det er også omvendt kronologisk. Eg var både overraska og skeptisk etter at eg avslutta den fyrste, Mørket, då det her blir avslørt noko heilt vesentleg. Kva i alle dagar var det forfattaren ville oppnå med dette? Vel, eg kan sei så mykje at sjølve leseopplevinga av dei to neste bøkene blir annleis enn det elles ville blitt.
(Då er eg visst passe kryptisk. Les bøkene, så vil du forstå)

Avslutningsvis: Eg er i skrivande stund snart feridig med Bomberen, den nyaste krimmen til Samuel Bjørk. Knallbok!

4. juni 2025

Kort om: Svart is-kvartetten av Yrsa Sigurðardóttir

Eg har lese mange bøker av denne forfattaren, både seriar og frittståande bøker - og ho skriv alltid bra og har gode gjennomtenkte plott. Men enkelte av bøkene hennar, dei som inneheld overnaturlege element og spøkeri og uavklarte hendingar - dei har eg problem med. 

No har eg lese dei to fyrste bøkene i Yrsa sin nye serie Svart is-kvartetten. Det skal altså komma fire bøker i denne serien (dei er alt utkomne på Island), men ho må gjerne komma med fleire - for her er forfattaren på det eg meiner er "rett spor". For meg er det nemleg viktig med ein rasjonell (om ikkje alltid realistisk) forklaring på krimgåter. Fyrst då får eg ei god leseoppleving. 


Lukk, lukk og lås 
Bonnier norsk forlag 2024
414 sider
Lånt lydbok BookBites / Lånt papirbok privat

Eg byrja lesinga av denne fyrste boka som lydbok, men det gjekk ikkje. Heldigvis hadde eg tilgang også til papirutgåva. Nina Voxholtt er kan hende ein bra skodespelar, men ho er verkeleg ikkje nokon bra opplesar av lydbøker. 

Nok om det - for dette er ei bra bok! Eg var skeptisk på førehand, fordi boka har fått så veldig ulike og sprikande omtalar. 
For meg vart det ei rystande, grøssande og mørk leseoppleving, akkurat slik som eg likar det. Sigurðardóttir veit kva ho skal spela på for å få til den riktige uhyggen hos lesaren, og eg tykkjer det er dyktig gjort.
Bakteppe: dårleg vêr, barsk natur, aude landskap, skummelt hus, mystiske lydar og spesielle familieforhold. Historia er fæl: mor, to barn og ein au pair vert funne drepne. Faren i familien er borte. Det ser med andre ord ut som ei opplagt sak, ei familietragedie. Men rettsmedisinar og etterforskarar finn relativt tidleg ut at så "enkelt" er det ikkje. 

Det heile vert fortalt frå to synsvinklar over to tidslinjer: Politimannen Týr i notid og au pairen Sóldís i tida før drapa finn stad. Det er Sóldís si historie som er mest urovekkande og ubehageleg å lesa - i og med at me veit (alt frå starten) at ho kjem til å bli drept.
Men sjølv om lesaren "veit korleis det går" er det veldig, veldig nervepirrande. 


Vokt dine hender

Bonnier norsk forlag 2025
398 sider
Lånt papirbok privat

I den andre boka er handlinga lagt til Vestmannaeyjar. Vêret er (naturlegvis) også dårleg i denne forteljinga, noko som gjer lokalsamfunnet avsondra og handlinga i boka nokså klaustrofobisk. Når eg går inn på Google maps (noko eg ofte gjer når eg les) ser eg at naturskildringane stemmer bra med verkelegheita. Men i Street view er det dagslys og det ser ut som det er sommar, medan det i boka er vinter, mørkt, glatt, snø og vind. 

Også i denne boka er det ulike perspektiv og to ulike tidsplan. Denne måten å fortelja historia på er effektiv og aukar både spenningsnivået og framdrifta. Ein  berre lesa vidare.
Forteljarstemmene tilhøyrer rettsmedisinar Iðunn og medisinstudenten Traustir. I starten er Traustir glad og forventningsfull fordi han skal treffa igjen gamle studiekameratar. Dei skal riktig nok i ei gravferd fyrst, men etterpå er det planen at dei skal mimra, festa og ha det kjekt saman nokre dagar. Men det blir ikkje noko kjekt gjensyn. Tvert om utviklar det seg til eit grusomt mareritt.

Dette er ei superspennande bok som ga meg både gåsehud og puls. Det flatar bittelitt ut på slutten, - det er naturleg sidan det er ganske mange trådar som skal nøstast opp i.

Vokt dine hender kan lesast som frittståande bok, men eg set pris på å lesa i rett rekkefølge slik at eg blir meir kjent med etterforskarane sine personlege liv og erfaringar. I den fyrste boka får me vita ein heil del om Týr sin bakgrunn, i den andre er Iðunn mest sentral, - og eg reknar med at det er Karó som blir i fokus i neste bok. 

1. juni 2025

Oppsummering mai 25

Påbyrja i april, fullført i mai:
Oddrun Midtbø - Harastølen. Heimen for dei utstøytte - Norsk dokumentar - Kjøpt papirbok
Sara Strömberg - Skinn (Vera Bergström #3) - Svensk krim - 2024 - Lånt papirbok biblioteket

Lese i mai:
Yrsa Sigurðardóttir - Lukk, lukk og lås (Svart is-kvartetten #1) - Islandsk krim - Lånt lydbok BookBites/ lånt papirbok
Atle Nielsen - Syv armer (Ole Bull #3) - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Eva Stensrud - Skyggeadvokaten - Norsk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt forbrytelse (DI Callanach #5) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt mord (DI Callanach #6) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Anne Britt Harsem - Din vilje skje - Norsk dokumentar/ personleg beretning - Lyd Storytel
Yrsa Sigurðardóttir - Vokt dine hender (Svart is-kvartetten #2) - Islandsk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Erik Fosnes Hansen - Salme ved reisens slutt - Norsk roman - Lyd Storytel


4 lyd, 4 papir, 1 ebok
4 lånt, 4 abonnement, 1 kjøpt
7 krim, 2 dokumentar
4 norske, 2 britiske, 2 islandske, 1 svensk
Nye forfattarar: Midtbø, Stensrud

Eg har ein lesesmak som gjer at eg som regel les fleire bøker av mannlege enn kvinneleg forfattarar, men i april las eg for ein gongs skuld fleire bøker av kvinner enn menn. Og no i mai er heile 8 av 9 bøker av kvinner. Mot normalt altså, men det er faktisk tilfeldig. 

Eg las to av bøkene til Helen Fields sin perfekt-krimserie i mai. Dette er ein skikkeleg bra serie som kort sagt består av onde og utspekulerte seriemordarar, dyktige og interessante etterforskarar og særs finurlege plott. Å lesa/lytta til ein (nesten heil) bokserie nesten på rappen har absolutt noko for seg. Den 7. og nyaste er utkommen på norsk, men enno ikkje tilgjengeleg på Storytel, - så då får eg heller venta på den. 

Skikkeleg bra er også dei to fyrste i Svart is-serien. Yrsa Sigurðardóttir er innmari god til å laga grøssande, mørke og stemningsfulle historiar. I går vart eg ferdig med bok to Vokt dine hender, - og den forteljinga ga meg faktisk gåsehud og høg puls! Lukk, lukk og lås er óg ei sterk leseoppleving. Etterpå måtte eg ta fatt i ei lysare og lettare krimbok, og då passa det fint med Atle Nielsen si lettleste Syv armer

Skyggeadvokaten har fått ein del merksemd og høgst ulike omtalar, så den var eg spent på. Eg tykte det var ei bra bok egentleg. Så bra at eg kunne gitt ein prikk til på terningen om enkelte unødvendige skildringar var blitt kutta ut. Meir om det i ein framtidig samleomtale.
Eg las også ut den tredje (og så langt beste) boka i Sara Strömberg sin serie om journalisten Vera Bergström. 

Anne-Britt Harsem har gitt ut fleire sakprosabøker som omhandlar traumatiske barndomsopplevingar og vanskelege oppvekstvilkår. I mai las eg Din vilje skje som handlar om oppvekst med karismatisk kristendom. Rystande, men dessverre ikkje overraskande at ei slik oppvekst har ført til rus, sjølvskading og psykiske vanskar. I juni har eg tenkt å lesa (lytta til) ei anna bok av same forfattar; Jakten på en serieovergriper. Ikkje noko lystig lesing sjølvsagt, men sidan eg har lese ganske mykje om saka tidlegare vil eg også ha med meg boka til Harsem.

Månadens høgdepunkt må bli Harastølen - heimen for dei utstøytte. Eg er skikkeleg imponert over kva Oddrun Midtbø har fått til. Boka er interessant, grundig, pedagogisk og sakleg. Og svært gripande. For meg personleg er innhaldet i boka veldig nært. Eg bur i området og kjenner/kjende fleire som heldt til på denne institusjonen, både tilsette og pasientar/brukarar. Likevel er mykje av innhaldet nytt for meg.
No står bygga på Harastølen til nedfalls, men det finst planar om hotelldrift der, ein gong i framtida. Om hotellet blir ein realitet trur eg ikkje før eg ser det.
I tillegg er det ei veldig flott bok - ei praktbok, ei Coffee table book - som forfattaren ga ut på eige forlag. Boka om Harastølen vart Årets indiebok i kategorien sakprosa for vaksne i 2023. 

No ved månadsskiftet har eg starta gjenlesing av Salme ved reisens slutt av Erik Fosnes Hansen. Eg las boka fyrste gong på slutten av 90-talet i samband med at filmen Titanic var aktuell. Då slukte eg nemleg mange bøker som handla om forliset. Den gongen vart eg ikkje særleg begeistra for boka, for eg forventa nok meir action, og eg hugsar at eg irriterte meg voldsomt over at forfattaren skriv riksmål. No veit eg meir kva boka handlar om, og eg har forståing for at språket speglar den tida det vert fortalt om. Så eg reknar med at å lytta til boka no blir ei anna oppleving enn fyrste gong. Forfattaren les boka sjølv, og han har ei stemme som er god å lytta til.

19. mai 2025

Bokomtale: Hviskeleken av Arne Dahl

Cappelen Damm 2025
Speletid 13:34
Kjøpt lydfil

Omsider. Dette er ei bok eg har venta på lenge. I fleire år faktisk. Viskleken, den fyrste boka i Opcop-serien, kom nemleg ut på svensk alt i 2011 - men fyrst no i 2025 på norsk.

Er boka såleis utgått på dato? Egentleg ikkje. Men undervegs i lesinga av denne boka har det slått meg kor raskt kommunikasjons- og informasjonsteknologien har utvikla seg. Handlinga er lagt til 2008-09 då sosiale media ikkje var så utbreidd og digitale møte var "nesten magisk". 

Hviskeleken er både ein politikrimroman og ein politisk thriller, så det er ein fordel om lesaren er interessert i internasjonal politikk, internasjonal kriminalitet og globale økonomiske prosessar. Tittelen spelar på leiken hviskeleken der poenget er at ord/informasjon gjerne blir forvrengt i kvart ledd i kjeda. På engelsk heiter leiken Chinese whispers. 

Opcop er ei ny og hemmeleg operativ eining innan Europol, leia av Paul Hjelm. Med seg på hovudkontoret i Haag har han Arto Söderstedt og Jorge Chavez, og frå Sverige jobbar også Kerstin Holm og Sara Svenhagen for gruppa. Alle desse er folk som mange lesarar kjenner godt frå serien om A-gruppen, - og handlinga i Hviskeleken bygger på den serien, og ganske direkte på bok 10, Himmeløyet. Opcop sine medlemmar er frå ulike nasjonar og har ulike bakgrunner. I denne fyrste boka framstår "dei nye" som litt vage, men eg reknar med at dei blir tydelegare i neste bok.

Handling:
I samband med eit G20-møte i London døyr ein ung kinesar i ei merkeleg ulukke. Rett før han somnar inn kviskrar han nokre ord i øyra til Arto Söderstedt. Kort tid etter vert ei amerikansk kvinne funne myrda i den same byen. Inni (!) liket ligg ei melding adressert til Opcop-gruppa. Men gruppa er hemmeleg, kven har lekka informasjon?
På meir heimlege trakter, i Nacka, er ein i ferd med å finna ut av ein samanheng mellom barnepornografi, utpressing og mafiaverksemd.
Ein heilt annan tråd består av epostar skrive av ein person som kallar seg Ariadne. Her vert det hinta om ei forferdeleg hending som snart skal finna stad. Andre stikkord for handlinga er finanskrisa, 11. september og internasjonal organisert kriminalitet.
Og alt heng saman med alt, på ulike finurlege måtar. 

Det er mange handlingstrådar og mange karakterar å halda styr på, og alt dette krev ein viss konsentrasjon av lesaren/lyttaren. Lydboka er veldig bra opplesen av Jan Martin Johnsen, den same som er opplesar av serien om A-gruppen. Han les så tydeleg og så behageleg at det går heilt fint å følgja med på handlinga.

Som i dei fleste andre bøkene til Arne Dahl er også denne krydra med mytologi-, musikk- og litteraturreferansar. Hviskeleken er ei svært bra bok; stilsikker og effektiv, velkomponert og veldig spennande.

Opcop-serien består av fire bøker, og det er altså på høg tid at norske lesarar og lyttarar får tilgang til dei. Eg håpar at det ikkje går altfor lang tid før bok to kjem på norsk. Eg har prøvd å lytta til 'Hela havet stormar' på svensk - den er tilgjengeleg på Storytel - men eg ga opp. Litt fordi det er ei komplisert handling, men mest fordi opplesaren les litt utydeleg for mine "norske øyre".

14. mai 2025

Dikt og slikt: Regnbueflagg

Diktet som blir presentert denne gongen er henta frå Facebooksida til Adam Schjølberg


Mai er her, med nokre ekstra fridagar og ein smak av sommar. Me markerer og feirar 8. mai og 17. mai, me ropar hurra og kjenner oss stolte av å vera norske. 

Men bak alt dette positive og fine er det noko skurrar, og eg føler at det blir verre år for år: Flaggdebatten. Ein debatt som dels går på om det skal vera lov å bruka andre nasjonsflagg i 17. mai-toget enn det norske, og dels på korleis - og om - pridemånaden juni skal markerast frå offentlege flaggstenger. I år har debatten rasa etter at KrF tidlegare i vår vedtok å forby skular å flagga med prideflagget. Ytringsklimaet har hardna til og eg vil tru at enkelte har blitt skremt vekk frå å delta i debatten. Adam Schjølberg er ein tydeleg samfunnsdebattant og TV-personlegdom og torer å fronta sitt syn. Det er bra.

Det hender ofte at Pride vert framstilt som ein farleg og radikal ideologi, noko eg faktisk ikkje kan forstå. Pride og regnbogeflagget fremjar faktisk verdiar som inkludering, mangfald, kjærleik og respekt. For meg er det difor innlysande at det skal vera plass til både det norske flagget og regnbogeflagget. 

Avslutningsvis vil eg sitera direktør i Utdanningsdirektoratet, Morten Rosenkvist, som skriv dette i ein kronikk i VG
"Å markere Pride og heise regnbueflagget kan ha stor betydning for barn og unges opplevelse av å høre til og bli akseptert.
Debatten om å forby regnbueflagget skaper usikkerhet om markeringen av Pride i skolen. Det kan bidra til å gjøre skolen til et mindre trygt sted for de som trenger det mest."

Regnbogearmbandet kan bestillast hos Amnesty.no

1. mai 2025

Oppsummering april og statistikk fyrste tertial 2025

Påbyrja i mars, fullført i april:
Anders de la Motte - Rustskogen (Avdelingen for tapte sjeler #3) - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Sara Strömberg - Skred (Vera Bergström #2) - Svensk krim - Lyd Storytel

Lese i april:
Bjørn-Henning Ødegaard og Fredrik Sjaastad Næss - 25 konspirasjoner å snakke om på dødsleiet - Norsk dokumentar - Lyd Storytel
Halvor Folgerø - Ferjefolket - Norsk dokumentar - Lånt ebok BookBites
Arne Dahl - Hviskeleken (Opcop #1) - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Agnes Lovise Matre - Evig fred (Bengt Alvsaker #5) - Norsk krim - Lånt papirbok privat
Elly Griffiths - Jenta under jorden (Ruth Galloway #1) - Britisk krim - Lyd Storytel
Val McDermid - 1989 - (Allie Burns #2) - Skotsk krim - Lyd Storytel
Eva Fretheim - Dronningland (Vigdis Malmström #1) - Norsk krim - Lyd Storytel
Helen Fields - Perfekt stillhet (DI Callanach #4) - Skotsk krim - Lyd Storytel

Påbyrja i april, fullførast i mai:
Oddrun Midtbø - Harastølen. Heimen for dei utstøytte - Norsk dokumentar - Kjøpt papirbok
Sara Strömberg - Skinn (Vera Bergström #3) - Svensk krim - 2024 - Lånt papirbok biblioteket

7 lyd, 2 papir, 1 ebok
3 lånt, 6 abonnement, 1 kjøpt
8 krim, 2 dokumentar
4 norske, 3 svenske, 3 britiske
Nye forfattarar: Folgerø, Griffiths, Fretheim

Det fyrste ein kan legga merke til i oppsummeringa for april er at eg - mot normalt - las fleire bøker av kvinnelege enn mannlege forfattarar. Dernest ser ein at det vart mange lydbøker i april. Eg er jo veldig glad i dette formatet - sidan "lesinga" då kan kombinerast med andre aktivitetar.
Podcast-lytting fører eg ikkje statistikk over, men det er også noko eg brukar aktivt og jamnleg. Denne månaden har eg hatt stor glede av podcasten Strid frå Nasjonalbiblioteket. Podden anbefalast til historieinteresserte, spesielt for dei som likar å lesa og høyra om middelalderhistorie og borgarkrigstida.

Om eg skal plukka ut èi bok som månadens høgdepunkt vert det Rustskogen av Anders de la Motte. Eg har etter kvart lese mykje av denne forfattaren, og eg trur faktisk at dette er den aller beste. 'Avdelingen for tapte sjeler' er ein serie som blir betre og betre.
Det at ein bokserie utviklar seg positivt har eg nokre andre eksempel på her óg: Vera Bergström-serien, Bengt Alvsaker-serien og (særleg) DI Callanach-serien. 

Hviskeleken (Opcop-serien), Jenta under jorden (Ruth Galloway-serien) og Dronningland (Vigdis Malmström-serien) er alle fyrste bok i serie, og det gjenstår å sjå om det er same tendens i desse seriane. Eg er overtydd om at Arne Dahl kjem til å innfri forventningane mine når det gjeld Opcop, men er meir skeptisk til dei andre to. Eg skal likevel gi dei ein sjanse til. 

Månadens nedtur vart Dronningland. Dette er den type krimbok for folk som elles ikkje er så begeistra for krim - og dermed passar ho ikkje så godt for meg. Eg tykte det vart for mykje tankar og fabuleringar og for mykje snakk om bier. Altfor mange ord rett og slett - noko som øydela mykje av den spenninga det var lagt opp til. Bok 2 i serien er Fuglekongen som nyleg fekk Rivertonpris for 2024. Eg skal lesa den boka óg, men altså; eg er skeptisk. Det skal noko til at eg blir like begeistra som VG-anmeldaren

Det blir alltid mykje krim - men som eg har sagt før i fleire høve: Eg føler likevel ikkje at eg les spesielt einsidig og einsretta, for kriminalromanane eg les er så ulike, - både stilmessig, plottmessig og temamessig.

Tertialstatistikk 

Plutseleg har det gått 4 månader av 2025, - og eg blir stadig forundra (og nesten skremt) over kor utruleg kor fort tida går! Statistikken viser følgjande tal:
  • 34 bøker, fordelt slik på sjanger:
    - 21 krim-, thriller- og spenningsromanar
    - 4 andre romanar, 1 1001-bok
    - 9 sakprosa
  • 23 lydbøker, 6 ebøker, 5 papirbøker
  • 14 lånt, 16 Storytel-abonnement, 3 kjøpt, 1 fått 
  • 16 norske, 6 svenske, 6 britiske, 2 finske, 1 dansk, 1 fransk, 1 kanadisk, 1 australsk
  • Terningkasta eg har gitt fordeler seg slik: 11 5'arar, 20 4'arar og 3 3'arar
Blogging og bokomtalar har det blitt lite av hittil i år - og eg kan ikkje lova at det blir noko særleg meir i neste tertial. Eg har byrja på nokre innlegg/omtalar, men så har skrivinga stoppa opp. Merkelege greier.