27. oktober 2013

Bokomtale: Før jeg forlater deg av Alexandra Bockfeldt

Juritzen 2013
302 sider

Både Helena og Aurèlie er vel etablerte, har velordna liv og er gift med kvar sin kjekke mann. Så møtest dei - og vert momentant forelska i kvarandre. Dei oppheld seg ei veke i den norske fjellheimen - ei veke fyllt med lidenskap og kjærleik - men vert enige om at dei aldri skal møta kvarandre igjen. Nokon gong. Dei vel å venda tilbake til det livet dei har; Helena til London, jobben som flyvertinne og professorektemann og Aurèlie til Paris, fotokunstkarriere og legeektemann.

Det har gått åtte år etter denne "kjærleiksveka" når handlinga i boka egentleg startar. Verken Helena eller Aurèlie har klart å gløyma det vakre og store dei opplevde den gongen, men har ikkje hatt kontakt med kvarandre. Dei to kvinnene har opplevd Den Store Kjærleiken - som ingen andre kjenner til - og lengtar seg sjuke etter kvarandre. Så skjer noko dramatisk i begge kvinnene sitt liv...

Før jeg forlater deg er ein kjærleiksroman, den minner mykje om desse følgjetongane som eg av og til skummer gjennom dersom eg blar i eit vekeblad. Men her handlar det altså om lesbisk kjærleik, så ein kan sei at dette er ein alternativ kjærleiksroman.

Eg vil gjerne presisera at eg er ein veldig uromantisk person som nesten aldri les bøker av den romantiske typen. Så eg tykte boka var ganske kjedeleg, med mykje repitisjonar om stooore kjensler, denne stooore kjærleiken, begjæret, lidenskapen og lengselen. Eg opplevde mykje av dette som liksomdramatisk og eg vart ikkje så veldig engasjert i handlinga. Men boka er ikkje fullt så sentimental og klissete som eg ofte opplever at slike bøker er. Ho er veldig lettlest og fortlest - og slutten er bra og spennande - om enn noko patetisk.

Før jeg forlater deg er debutromanen til Alexandra Bockfeldt. Du kan lesa meir om forfattaren på nettsidene til Juritzen forlag.

Andre bokbloggarar om boka:
Tine og Åshild - som er meir positive enn meg...
og den andre Berit - som "ikkje er overbevist" - men ho påpeikar det fine omslaget. Og akkurat det kan eg sei meg enig i.

Takk til Juritzen for leseeksemplar.

7 kommentarer:

  1. Fin omtale. Alltid gøy å lese omtaler av bøker som jeg har lest selv. Trodde ikke jeg var særlig romantisk anlagt, pleier å reagere med avsky hvis noe blir for "suppe". Tenker at denne balanserte helt på grensen. Takk for linking, ha en fin mandag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er ein balansegang her. Dersom boka hadde vore enno meir "suppe", hadde eg ikkje fullført. Men historia er såpass fengande at eg valde å fullføra. Og sjølv om det ikkje vart den heilt store leseopplevinga, angrar eg ikkje på at eg har lest boka.

      Slett
  2. Hmmm...
    Jeg har også skrevet om denne i kveld, og som hos deg falt den ikke helt i smak desverre- og jeg prøvde virkelig å like den!!
    Ser du leser Britt Karin Larsen- dyktig dame! Jeg går og legger meg nå, og tar med meg den nyeste boka hennes, Det synger i lauvet! Har så vidt kikka på første sida, og det ser ut som hun har beholdt det spesielle perspektivet. Gledre meg ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kommentert på bloggen din - eg er enig i dine vurderingar av boka.
      Larsen sine bøker er verkeleg fine; ho har ei heilt eiga og spesiell "stemme". Kosar meg med 'Som steinen skinner'.

      Slett
  3. Har også lest denne, men anmeldt den for et annet nettsted så jeg har ikke publisert anmeldelsen enda. Jeg likte boken litt bedre enn dere. Jeg synes forfatteren har en spennende stemme, og hun skriver godt. Hun skiller seg egentlig litt ut fra de utgivelsene som Juritzen forlag vanligvis kommer med, og det er i positiv retning. Dessuten synes jeg det er bra at hun skriver om lesbisk kjærlighet, og hun gjør det på en svært fordomsfri måte.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er enig med deg i det siste, at forfattaren skriv om lesbisk kjærleik på ein fordomsfri måte. Men eg tykkjer at ho, som så mange andre, problematiserer homofil/lesbisk kjærleik.

      Slett
  4. Hei! Morsomt å lese anmeldelsen din! Er jo ikke helt enig - føler liksom at det at det er et lesbisk par ikke har noe med saken å gjøre, det dreier seg om sterke følelser og hvilke valg man tar i livet og det påvirker alle som er i forhold uansett legning. Jeg liker at boken har handling fra flere av mine favorittsteder i verden, og hun har fine naturskildringer. Og så var slutten dødsbra :) Anbefales!

    SvarSlett