13. august 2014

Bokomtale: Når gjøken galer av Robert Galbraith

Cappelen Damm 2014
Speletid: 15:23
Opplesar: Jan Martin Johnsen

Lånt på biblioteket

Eg har stor sans for klassiske britiske detektivforteljingar. Når gjøken galer er ein original og moderne variant av denne undersjangeren innan kriminallitteratur.

Privatdetektiv Cormoran Strike er hovudperson. Han er ein litt sliten antihelt; ein krigsveteran med kunstig bein, dårleg økonomi og ufyseleg eks-kjæreste. Inn i livet hans kjem så kontorvikaren Robin og ein rik oppdragsgjevar med ei utfordrande sak.

Etterforskinga er detaljert, intrikat og omstendeleg - men boka vert på ingen måte stilleståande. Mykje av handlinga er lagt den luksuriøse og dekadente delen av London der kjendisar, modellar, paparazzi'ar, moteskaparar, skodespelarar og journalistar lever av og for kvarandre. Men boka fortel også om kontrastane til dette glamorøse jetset-livet; om dei fattige, dei heimlause og dei narkomane.

Den fantastisk rike, fantastisk populære og fantastisk vakre modellen Lula har tilsynelatande tatt livet av seg ved å hoppa ut frå balkongen i luksusbustaden sin. Eller vart ho dytta - myrda? Sjølv om Lula tilsynelatande hadde "alt", hadde ho på mange måtar ein uklar bakgrunn. Privatetterforskar Strike og medhjelpar Robin prøver iherdig å finna samanhengar og motiv. Og eg avslører vel ikkje for mykje når eg fortel at mordaren - i beste krimlitteratur-tradisjon - vert avslørt og konfrontert med alt - til slutt.

Robert Galbraith er som dei fleste veit pseudonym for J.K. Rowling (som igjen er pseudonym for Joanne Rowling) - og etter mi meining beherskar ho kriminalsjangeren nesten like godt som fantasysjangeren. Eg tykkjer at ho er ein god forteljar og at ho evnar å skapa originale, truverdige og "fleir-dimensjonale" karakterar. I denne boka byr forfattaren også på humor, ironi og bitande karakteristikkar av mote-/modell-miljøet og skakkøyrde samfunnsforhold.
Dette skal vera fyrste bok i ein serie - og eg kjem heilt sikkert til å lesa den neste!

Jan Martin Johnsen gjer ein fabelaktig jobb som opplesar av lydboka. Han er i stand til å formidla særprega til dei ulike stemmene/karakterane.
Alt i alt vart Når gjøken galer ei underhaldande og god leseoppleving.

4 kommentarer:

  1. Godt å lese. Jeg har boka liggende etter en slektning og den rykker stadig fremover i lista. Harry Potter bøkene ble ikke lest av meg da de kom ut, av en eller annen grunn, og jeg har kun lest ei av bøkene i ettertid. Hva det kommer av? Si det du. Jeg liker godt krim, og en 5'er fra deg fortjener å bli lest :-) Med handlingen lagt til London så er jeg solgt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg vart positivt overraska av denne. Harry Potter er jo strålande, men i eit heilt anna univers. Eg las dei 4 fyrste høgt for dotter mi - det var triveleg. Dei siste bøkene las ho sjølv - men eg har aldri fullført serien. Ser vel egentleg på dei som barnelitteratur.

      Slett
  2. Denne har jeg virkelig tenkt å lese. Den er blant bøkene som MÅ få plass på leselisten, men akkurat nå er det ikke kjangs :-) Jeg har flere Murakami bøker igjen som skal leses først og noen enkle noen som skal leses innimellom. Men kanskje når høsten virkelig tar tak, da kan det passe godt med en god krim :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er godt bøker ikkje er ferskvare :-) Ingen bøker går ut på dato, så enkelte må vente. Og vente..

      Slett