21. desember 2014

God jul

Vinternatt

No kveiker Vårherre sitt joletre
i den kvite vinternatt.
All den glitrande stasen, barn
vilde du gjerne hatt.

Himmelgrani so fin og blå
har greiner av tandrande ljos;
karlsvogner kjem frå langferd der,
og måneskip siglar sin kos.

Du vil gripa og leika, barn.
og kanskje skal di hand
ein gong plukka månar ned
og sløkkja stjernor i brand.

                                                                         
                                                                                                - Olav H. Hauge


- - - - - - - - - - - - - - -


Med ynskje om ei koseleg og fredfull jul
til 
alle blogglesarar og bokvener 


- - - - - - - - - - - - - - -

Denne bloggen tek julepause nokre dagar. Eg kjem tilbake i romjula med ein årskavalkade og ein oppsummering av leseåret 2014.

3 kommentarer:

  1. God jul Berit! I dag snur sola! Hurra!

    SvarSlett
  2. God jul Berit! Jeg stemmer i med Anita og jubler over at vi no bikker den mørkeste dagen :) Håper du får en fin julepause.

    SvarSlett
  3. Takk det same, begge to: Riktig god jul!
    Sola snur - ifølge http://www.timeanddate.no/astronomi/vintersolverv i natt 22. desember kl. 00:03. Så no har me "nådd bunnen" som det heiter - og det er godt å tenkja på.

    SvarSlett