3. mars 2015

Bokomtale: Finne ly av Aina Basso

Samlaget 2014
251 sider
Lånt på biblioteket

Finne ly er meir som ei lang novelle enn ein roman. 250 sider, stor skrift, mykje luft og fleire blanke sider innimellom gjer boka rask å lesa. Truleg er desse blanke sidene meint å vera ein "pause" frå sjølve lesinga - ei tid til ettertanke for lesaren.

Boka inneheld fleire fine naturskildringar, i eit nærast poetisk språk. Ho kan samanliknast med Britt Karin Larsen sine bøker om skogfinnane, men eg tykkjer ikkje Basso får fortalt like mykje som Larsen - verken eller mellom linjene.

Historia vert fortalt på ein stillferdig måte, men ein skjønnar raskt at det kjem til å bli ein dramatisk og tragisk utgang. Handlinga går føre seg i Finnskogen rundt 1850. Romanen har to eg-forteljarar; taterjenta Hanna og bondesonen Johannes.

Gjennom desse to personane sine tankar og handlingar får Basso fortalt korleis livet for romanifolket var og om dei fastbuande si frykt for det framande. Skildringa av Johannes si angst og uro er ganske sterk, men kjærleikshistoria og trekantdramaet det vert fortalt om klarar eg ikkje heilt å tru på.

Forfattaren set altså fokus på framandfrykt og fortel om undertrykking av romanifolket i tidlegare tider. Dessverre er temaet høgst aktuelt framleis.

Finne ly er slett inga dårleg bok, men mi leseoppleving var ikkje av det heilt store. Eg likar betre bøker som har meir innhald, som har meir varierte og konkrete handlingar og fleire innfallsvinklar. Eg oppfatta det lyriske i språket som kunstig og svulstig. Dei mange skildringane av skog og natur er greie nok, men blir nokså kjedeleg etter kvart. Det blir for mykje av det, rett og slett. Lesinga blir òg trasig av den mørke og dystre stemninga.

Finne ly er på kortlista til Bokbloggerprisen 2014, og no i mars vert boka "samlest" av mange bokbloggarar. Absolutt alle omtalane eg har lest av denne boka hittil har vore kjempepositive. Difor føler eg meg kynisk, dum, slem og sær som ikkje likte boka meir enn berre sånn passe. Men slik er det; dette er mi ærlege meining.
Har du lyst til å lesa kva andre (overbegeistra) bokbloggarar meiner om boka kan du klikka deg inn på nettsida til Bokbloggerprisen.

14 kommentarer:

  1. Jeg likte nok boken noe mer enn deg. Det kan ha noe med at jeg har lest alle Aina Bassos bøker og er veldig glad i måten hun skriver på. Samtidig ser jeg at jeg er enig med noe av det du skriver. Det passet godt å kalle boken en lang novelle :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen bøker passar for alle. Sjølv om eg skjønnar at boka ikkje er dårleg, var ikkje dette noko for meg.

      Slett
  2. Nei!! var mitt spontane utbrudd til 3`eren din. Jeg synes boken er fantastisk, og nøt nok det "lette" i selve layouten. Pustepausene ble brukt til å puste, og jeg levde meg godt inn i handlingen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då har du "skjønt" poenget med boka - noko eg ikkje gjorde..

      Slett
  3. For meg som enda ikke har lest denne, takker og bukker jeg for en seminegativ omtale. Fallhøyden ville blitt brutal ellers.

    SvarSlett
    Svar
    1. Seminegativ? Ja, kanskje det. Eg er ærleg, i alle fall.

      Slett
  4. :-) Nå ser jeg mer fram til å lese denne. Stående ovasjoner fra hele flokken skremmer meg normalt bort fra bøker. Takk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ok, eg skjønnar :-) Spent på kva du kjem til å meina om boka.

      Slett
  5. he-he... Jaaa du... Det er vel en grunn til at jeg ikke engang har sjkka om de har denne på biblioteket... Stående ovasjoner fra flokken som Mrianne skriver, er mer skremmende enn forlokkende.. Finnskogen og fint språk gjør meg litt nysgjerrig, men det spørs om det er nok..?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel, det spørs - eg er altså ikkje så begeistra, men mange andre likar denne boka veeeldig godt..

      Slett
  6. Planlegger å ta med denne til kveldens tvangslesekafe, så takker for perspektivet. Har ikke hatt lyst til å lese, alt dette lyriske er av erfaring ikke for meg, hence - tvang - i god samlesingsånd. Jeg tror det som skjer nå, er det som ifjor skjedde med blant annet Fugletribunalet. De første som leser, velger selv og er positive - resten leser pga samlesing og mer ambivalente. Spennende dynamikk.

    (Så forresten at du hadde lest Arlidge, tør ikke lese krimomtaler, så spør her istedet. Hva synes du? Har nettopp lagt de 2 første klar i storytelhylla mi, virker nytt og lovende??)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bokbloggarar som hyllar Fugletribunalet og Finne ly - i flokk? Og dei (oss) andre som er småskeptiske i ettertid? Vel - eg innrømmer at eg har tenkt akkurat den tanken - men la oss ikkje konkludere på nokon måte her. Eg ser på dette som interessant, på fleire måtar.

      Arlidge, ja! - i stikkordform:
      Pageturners, superkorte kapittel, lettlest, litt (for) mange karakterar.
      Elle melle: Spennande. Ekkel. Annleis. Urealistisk.
      Bro bro brille: Litt mindre spennande. Litt mindre ekkel. Like urealistisk.

      Slett