22. oktober 2015

Bokomtale: En kamp til av Claus Lundekvam og Thomas Karlsen

Cappelen Damm 2015
251 sider
Lånt på biblioteket

Saman med Thomas Karlsen har Claus Lundekvam levert ei usminka og fengande forteljing om eit fotballiv. Sjølv om eg alltid har vore interessert i fotball, er det ikkje mange biografiar av og om fotballspelarar eg har lest. Dei einaste er vel Zlatan-boka og Håvard Rem sin biografi om Myggen. Eg har nemleg mest sans for idrettsutøvarar som ikkje er heilt A4.
Difor likte eg fotballspelaren Lundekvam også. Han hadde ei tverr og furten mine (totalt ulik Solskjær), men virka likevel så stødig og lojal. I motsetnad til fleire av landslagskollegaene på 1990- og 00-talet var han også velsigna ujålete.

Claus Lundekvam sparar ikkje på konfekten i sjølvbiografien sin. Det mest pirrande innhaldet i boka er kjent frå tidlegare, fordi dette jo er godbitar til tabloidane. Han er open og ærleg når han alt i starten av boka presenterer seg sjølv som alkoholikar, narkoman og sexavhengig.

Lundekvam vaks opp i Austevoll og starta fotballkarrieren på aldersbestemte lag i Selbjørn IL. Han kom til Brann som juniorspelar og debuterte på seniornivå i 1993. Frå 1995 og fram til han la opp i 2008 (pga. ein alvorleg ankelskade) spelte han i den engelske klubben Southampton, der han m.a. fekk med seg FA-cup-finalen i 2003. Med sine 411 kampar for 'The Saints' er han den nordmannen som har flest kampar på toppnivå i England (Premiere League og Championship). Han fekk også 40 A-landskampar, var jamnleg kaptein på landslaget og vart historisk då han scora Norges landslagsmål nummer 1000 (mot Bosnia i 2002, med magen!)

Claus og kompis/lagkamerat Matthew Le Tissier.
© Action Images
I boka fortel Lundekvam om tilværet i ein klubb som stadig var i nedrykksposisjon. Om skiftande trenarar og uklare reglar. Om privatliv, ekteskap og utroskap. Om medspelarar og motspelarar. Om skadar, sprøyter, pillar og operasjonar. Om festing, barbesøk og sexkjøp. Om promillekøyring og fengselsopphald. Om angst og sjølvmordsforsøk. Om alle stripene med kokain. Om alle pengane som berre rann vekk.

Sanninga om profflivet og ukulturen i landslaget - slik Lundekvam skildrar det - er oppsiktsvekkjande og skremmande. Difor burde denne boka vera obligatorisk lesing for noverande og framtidige fotballproffar. Når ein tener millionar av kroner (eller pund, eller euro) som fotballproff blir ein gjerne høg på seg sjølv, får høg status og rikeleg med fritid, - og dermed kan fristelsane bli store - og nedturane brutale.

For Claus Lundekvam vart guttedraumen oppfylt, men då proffkarriera var over, gjekk det gale. Merksemda forsvann og vart erstatta med enno meir rus. Rusmisbruket gjekk ut over barn, familie, vener, tidlegare lagkameratar og støttespelarar, - men framfor alt gjekk det ut over han sjølv. Fyrst då han var så langt nede som noko menneske kan komma, vart det stopp.

Den viktigaste kampen i Lundekvam sitt liv spelar han enno:
Kampen mot misbruket.

2 kommentarer:

  1. Så gøy å lese omtalen din, av en bok også jeg likte godt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra. Spesielt bra at du som ikkje er spesielt fotballinteressert likte boka.

      Slett