19. oktober 2016

Kongens nei og Kongens flukt

Denne hausten har filmen Kongens nei på nytt aktualisert dei dramatiske hendingane her i landet våren 1940. Som så mange andre fekk eg lyst til å lesa boka av Alf R. Jacobsen som filmen byggjer på. Eg starta på bok nummer ein i dokumentarserien Angrepet på Norge; Krysseren Blücher, deretter Kongens nei - og følgde opp med Angrep ved daggry og Bitter seier. Som om ikkje det var nok, har eg også nyleg lest den ferske dokumentaren Kongens flukt av Lars West Johnsen og Jens Marius Sæther. Eg anbefalar alle desse bøkene så sterkt eg kan. Dette er lærerike, interessante, lett tilgjengelege og svært spennande bøker. Sakprosa kan vera vel så nervepirrande som ein thrillerroman!

"Aldri meir 9. april" er eit begrep som me alle kjenner til. I det begrepet ligg - for det fyrste; at me ikkje ynskjer krig - men det peikar også på at dei norske styresmaktene og det norske forsvaret var utruleg lite førebudde på det som skjedde om morgonen den 9. april 1940. Den norske regjeringa var på den tida pasifistisk og antimilitaristisk og tilhengar av "det brukne geværs politikk" - sjølv om nazismen og andre destruktive krefter vaks fram i Tyskland og elles i Europa. Nøytraliteten fekk seg ein stygg knekk denne morgonen. Det same gjorde statsminister Johan Nygaardsvold.


Alf R. Jacobsen er ein eineståande forteljar. Bøkene hans er viktige, engasjerande og til ettertanke. Han har nytta seg av ulike kjelder; krigsarkiv, dagbøker, brev, intervju, notatar og memoarar. Han skildrar enkeltmenneske samstundes som han gjer greie for dei store linjene. Me får nære glimt frå kontora til Hitler og Chamberlain, frå Oscarsborg og Blücher, frå Elverum, Midtskogen og Nybergsund. Me får kjennskap til krigsutbrotet sett frå norsk, britisk og tysk side, frå time til time. Alt er fortalt med forståing, innleving og nærleik til det som faktisk hende.

Forfattaren kritiserer og moraliserer ikkje. Ikkje direkte. Han fortel historia frå ulike synsvinklar og deretter er det opp til lesaren å dra konklusjonar. Ein får ikkje noko særleg godt inntrykk av verken statsminister Nygaardsvold, utanriksminister Halvdan Koht eller den då påtroppande engelske statsministeren Winston Churchill. Den som for meg står fram som den store helten i Krysseren Blücher er oberst Birger Eriksen på Oscarsborg. Dersom ikkje Blücher hadde blitt senka i Drøbaksundet, ville utfallet av angrepet (og krigens gang) truleg blitt heilt annleis. Den store og samlande skikkelsen i Kongens nei er naturlegvis kong Haakon. Det er sterkt å lesa om korleis han - under sterkt press - sa nei til samarbeid med okkupantane og at han og følgjet hans deretter måtte flykta for livet.


I Angrep ved daggry og Bitter seier handlar det om kampen om havnebyen Narvik. Byen var strategisk viktig grunna utskiping av jernmalm frå gruvene i Nord-Sverige til den tyske våpenindustrien. Fleire titals skip og mangfoldige liv gjekk tapt i kampane her, på dei ulike sidene. Lesaren får ei detaljert og levande skildring av det storpolitiske spelet som førte fram til angrepet. Samstundes vert det fortalt om personlege opplevingar; om enkeltpersonar sitt heltemot og offervilje - som var til liten nytte.
Krigshistoria vår har mange heltar; tungtvannssabotørar, "gutta på skauen" og Shetlandsgjengen. Heltane frå Narvik har ofte blitt sett i skyggen av desse. Det er slett ikkje fortent.

Dei fire bøkene i Angrepet på Norge kom ut på Vega forlag i tidsrommet 2010 - 2013. Dei finst også som lydbøker på Storytel, og eg har "lest" alle som lydbok. Dei to fyrste har Nils Ole Oftebro som opplesar og dei to siste vert lest av Anders Ribu. Begge les tydeleg og i passe tempo. Sjølv om det er mange personnamn, stadnamn og hendingar å halda styr på er det ikkje vanskeleg å følgja med, men det er nok ein fordel å ha ei papirbok tilgjengeleg i tillegg.


Til slutt nokre få ord om Kongens flukt, ei bok som kom ut på Kagge forlag for kort tid sidan.
Dagsavisen-journalistane Lars West Johnsen og Jens Marius Sæther si bok overlappar ein del av det som Alf R. Jacobsen fortel om i Kongens nei, men her er det meir på detalj- og individnivå. Om Jacobsen fortel om hendingane time for time er dette meir Kongens flukt minutt for minutt. Dermed får ein eit nært og intenst bilete av kva kong Haakon, kronprins Olav og dei ulike regjeringsmedlemmene opplevde desse vekene. Eg var ikkje klar over at fluktruta deira var så vanskeleg, farleg og langvarig - så dette var sanneleg lærerikt.

I boka kan ein lesa om dramatiske hendingar, vanskeleg framkommelegheit, forvirrande beskjedar, uklare maktforhold og manglande kommunikasjonar. Og ein får fortalt om vanlege menn og kvinner som stilte opp for flyktningane - for det var det dei var! - på ulike måtar.
I forhold til Jacobsen sine bøker er Kongens flukt enkel. Men forfattarane har fått med mykje detaljar og fortel godt om historisk interessante hendingar. Dei er også flinke til å formidla uventa reaksjonar og pussige situasjonar.

Eg kjem til å lesa fleire bøker som handlar om 2. verdenskrig i haust: Eg tenkjer då fyrst og fremst på Brent jord av Asbjørn Jaklin og Alf R. Jacobsen si nye bok Kryssild (som kjem ut i morgon).

6 kommentarer:

  1. Veldig spennende og interessant innlegg... Har blitt utfordret til å gå å se filmen, men føler sterkt for å ta en nærmere på disse bøkene. Takk for at du inspirerer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggeleg at du seier det, Tine. Det er også meininga mi; å vera til inspirasjon.

      Slett
  2. Skal si du har gått ned i dybden av krigens dager. Jeg har bare hørt kongens nei av disse bøkene og Jackobsen skriver virkelig godt. Du burde høre boka 1945 også, den er kjempebra også.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kom inn i eit slags krigsspor - igjen. Det er eit tema eg tykkjer er interessant, og periodevis les eg mykje om 2. verdenskrig.
      Vedk. 1945: ei bok eg har sett på tidlegare, men så har eg gløymt ho. Takk for påminning. Heilt enig i at Jacobsen skriv godt.

      Slett
  3. Har lest mye krigslitteratur, og tenker at nå er det nok. Men det blir visst aldri slutt på interessante bøker med dette temaet, så jeg noterer meg nye tips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kjem stadig nye bøker med hittil ukjente kjelder og dermed nye vinklingar. Så me blir visst aldri ferdige med krigen - på den måten.

      Slett