27. juni 2018

Sommarlesing - Ymse krim

Ei super britisk, ei grei norsk og ei svak svensk krimbok får kvar sin korte omtale her:

Lewisbrikkene av Peter May

Goliat 2018
315 sider, lånt papirbok biblioteket

Den tredje og avsluttande boka i Lewistrilogien vart - som forventa - ei ny god leseoppleving. Peter May er eit forfattarnamn å merka seg og bøkene SvarthusetLewismannen og Lewisbrikkene anbefalast. Dei bør lesast i rett rekkefølge.

Peter May er ein god formidlar av det unike kulturlandskapet og den interessante kulturhistoria ein finn på Hebridene. Omslaget på boka syner det megalittiske monumentet ved Callanish og boktittelen viser til dei berømte (og opprinneleg norske) sjakkbrikkene frå vikingtida; Lewisbrikkene. Desse brikkene/figurane spelar ei viss rolle i handlinga i boka.

Fin Macleod - no eks-politi - vert på ny blanda inn i ei sak som tek han tilbake i tid og til hendingar og venskap frå ungdommen. I likskap med dei foregåande bøkene handlar det (minst) like mykje om oppvekst og miljø som sjølve kriminalgåtene. Boka er gjennomført lågmælt og melankolsk og handlinga er tildels langsam - men slett ikkje utan driv og spenning. Det spesielle landskapet og det lunefulle veret er stemningsskapande verkemiddel som understrekar dramatikken i det som skjer. Språk, komposisjon, innleving og personskildringar er av ypparste kvalitet. Lewisbrikkene er ein flott avslutning av ein strålande trilogi. Terningkast 5.



Pasienten av Trude Teige

Aschehoug 2017
379 sider, lånt papirbok privat


Eit gjensyn med Kajsa Coren som me har møtt tidlegare i fleire bøker. Teige føl den same oppskrifta som før, men denne gongen er det heldigvis ikkje så overforklarande. Ho skriv lett og skildrar både menneske og miljø slik at ein ser føre seg det som skjer.

Tema er psykiatri i notid og fortid. Gjennom ulike perspektiv og tilbakeblikk får ein sjå uheldige verknader av medisinske eksperiment på psykiatriske pasientar. Skremmande, men også interessant lesing - og ein får visse assosiasjonar til filmen Gjøkeredet.

Pasienten er ein grei og velskriven kriminalroman til terningkast 4.


Den du ikke ser av Jonas Moström

Goliat 2016
Lydbok Storytel, speletid 9:39

Byrjar med ein fengande prolog, men resten av boka fengar ikkje på same måte, dessverre. Fyrste bok i serie - og det er tvilsamt om eg kjem til å lesa dei påfølgjande. Denne var usamanhengande, fortlest og fortgløymt - og svært lite original. Eg har lest mange bøker før med tilsvarande tema og motiv. Protagonisten, ein kvinneleg psykolog, fekk eg heller ikkje sans for.

Anbefalast ikkje, terningkast 3-.

4 kommentarer:

  1. Fine omtaler Berit, med et uvanlig lavt score til å være deg. Ser ut som vi er helt enige på de to andre bøkene, Peter May har fått et stort publikum i Norge, og det er jeg glad for. Ha en fin sommertorsdag Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Denne Moström-boka var ikkje noko å skryta av og terningkastet avspeglar kva eg meiner om den. Peter May sin trilogi derimot er verkeleg bra, så desse bøkene anbefalar eg til alle som vil ha krimlesetips.

      Slett
  2. Pasienten likte jeg godt, særlig historien til han mannen, og det som foregikk på Gaustad. Teige har gjort mye research her, og fått en del mediaomtale- TV bl.a.
    Og Peter May er jo bare toppers.
    God sommer.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bra bok frå Trude Teige, enig i det. God sommar til deg óg!

      Slett