3. juli 2018

Kort om: Beindoktorens datter av Amy Tan

Pax 2003
302 sider
Lånt papirbok biblioteket


Mitt fyrste møte med denne amerikanske forfattaren vart positivt. Både Amy Tan og forteljarstemma i boka, Ruth Young, har kinesiske røter - og eg vil tru at mykje av handlinga er sjølvopplevd og/eller er basert på historiar som har blitt fortalt i forfattaren sin familie.

Beindoktorens datter handlar om mor/dotter-forhold og andre familieband, vanskelege generasjonstilhøve og kulturelle motsetningar. Boka er delt i tre. Fyrst vert ein kjent med Ruth og hennar travle og kompliserte liv i California, med jobb, mann, stebarn og ei mor som tek til å bli dement. I denne situasjonen går det opp for Ruth at det hastar å få tak i mora, LuLing, si livshistorie. Den må takast vare på før den mentale helsa hennar gjer det umuleg.

I del to vert me så ført tilbake til LuLing sin barndom og ungdom i Kina på 1910-, 1920- og 1930-talet. Dette førrevolusjonære kinesiske samfunnet vert skildra på ein nær, detaljert og fascinerande måte. Her får me møta tittelfiguren, Beindoktorens datter, og hennar harde lagnad. Ho var barnepassar for LuLing og vart kalla Dyrebare Tante.

Andre del er den absolutt beste delen av boka. Amy Tan fortel levande og gripande om tilværet i landsbyen Udødelige Hjerte, om Pekingmannen, om Lille Onkel og Store Onkel og mange andre slektningar, om orakelbein og dragebein - og om dystre familiehemmelegheiter. Gradvis vert alt dette avdekka for Ruth og for lesaren. I del tre er ein tilbake i notida og til LuLing og Ruth sine utfordringar vidare i livet.

Notidshistoria som handlar om Ruth Young og hennar liv er ikkje altfor fengande, men elles er boka lærerik og overraskande morosam. LuLing si beretning om Beindoktorens datter gir oss ei svært interessant og original historie frå eit framandarta miljø. Anbefalast!

2 kommentarer:

  1. Jeg trodde jeg hadde lest en bok av Amy Tan, men jeg slo det opp og da fant jeg bare bøker som står på leselisten. Denne boken høres bra ut, så muligens jeg kunne starte med den :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. For meg funka det greit å starte med denne. Amy Tan har utgitt mange bøker, og mange av dei handlar om noko av det som er tema i Beindoktorens datter, om eg har forstått rett; kultur-, generasjon- og familiemotsetningar.

      Slett