15. oktober 2018

Biografiar: Mikael Persbrandt og Samuel Massie

Moshonistas biolesesirkel held fram som vanleg, men denne gongen er eg ikkje deltakar. Oktoberrunden har tema Genderbender Realness - så det handlar om transkjønna og andre former for uklar kjønnsidentitet. For meg vart dette temaet for smalt og spesielt; eg fann rett og slett ikkje nokon biografi som passa inn.

Eg nyttar heller høvet til å skriva om to andre biografiar som eg har lest i det siste. Dei biograferte, Mikael Persbrandt og Samuel Massie, har lite til felles - og bøkene er svært ulike både i stil og form. Persbrandt sin sjølvbiografi er ført i pennen av den dyktige forfattaren Carl-Johan Vallgren, medan Samuel Messie har stått for skrivinga sjølv. Persbrandt er ein berømt 55 år gammal skodespelar, Massie er ein ung eventyrar og TV-personlegheit på 25. Men begge hadde dei ei utfordrande ungdomstid der dei tøygde grenser. Begge er noko høge på seg sjølve, men framstår óg som reflekterte og sympatiske i desse bøkene.


Mikael Persbrandt - Sånn jeg husker det av Carl-Johan Vallgren
Gyldendal 2018
430 sider
Lånt papirbok biblioteket


Han bjudar på, Mikael Persbrandt. Her er det ikkje snakk om å rosemåla verken seg sjølv eller andre.

Det handlar mykje om rusmisbruk i forteljinga om Mikael Persbrandt sitt liv. Alt frå ung alder brukte han alkohol, men etter kvart vart det kokain som vart rusmiddelet han tydde til. At det var psykisk sjukdom som førte til dei voldsomme opp- og nedturane hans vart ikkje klarlagt før det nesten var for seint. Idag er Persbrandt edru og frisk - og kan fortelja - usminka, ope og ærleg - om korleis det var. Tidvis tykkjer eg at det er too much information, men det er litt fascinerande óg, at han byr på seg sjølv på denne måten.

Eg likte boka, men skumma raskt gjennom ein del. Oppramsing av skodespel, skodespelarar og filmar har minimal interesse for meg. Men Beck kjenner eg til - og Persbrandt fekk sitt store gjennombrot som skodespelar som Gunvald Larsson i serien som er basert på Maj Sjöwall og Per Wahlöö sine kriminalromanar. Sjølv om Persbrandt sin Gunvald ikkje ser ut som forfattarane har beskrive han, er det ikkje tvil om at han er ein glimrande Gunvald. Ifølge denne boka var han høg under store deler av innspelinga av Beck-filmane. Til slutt var det ikkje anna råd enn å kvitta seg med "stjerna". I mange mange år heldt Persbrandt ut det harde livet med for mykje og hard jobbing og stort forbruk av rusmidlar, men til sist sa det altså stopp. Han takkar si noverande kone Sanna Lundell for at det trass alt gjekk bra.

Dame- og utruskapshistoriane er mange og detaljerte - og er vel kjende gjennom media. Det er jo slikt stoff som skapar store overskrifter og som får mange klikk på ymse nettstader. At Sanna vart gravid medan han samstundes var sambuar og forlova med Maria Bonnevie og at han var dritfull og ynkeleg då han oppsøkte Maria og Fredrik Skavlan har me vel alle lest/høyrt/sett før.

Min konklusjon på denne leseopplevinga er at Carl-Johan Vallgren har skrive ei leseverdig bok om ein dyktig skodespelar og eit spennande menneske som har levd livet på godt og vondt. I tillegg til papirboka har eg nytta lydbok på Storytel, lest av Mikael Persbrandt sjølv - og dersom du er fortruleg med det svenske språket vil eg absolutt anbefala den varianten. Ein får eit nærare og klårare inntrykk av det som blir fortalt når ein lyttar til den det handlar om.




Hold fast! av Samuel Massie
Spartacus 2014
Speletid 10:21
Storytel


Då Samuel gjekk på vidaregåande fekk han ymse diagnosar som dysleksi og konsentrasjonsvanskar, men etter det eg forstår var han nok heller ein heilt "vanleg" giddalaus og motivasjonslaus ungdom. Eit opphald på folkehøgskule vart vendepunktet. Endeleg fekk han noko til - han opplevde meistring og fekk ei ny innstilling til livet. Og her møtte han Jarle Andhøy, som truleg såg noko ekstra - nokon som likna på han sjølv? - i Samuel. Etter kvart fekk han nemleg tilbod om å bli med "Berserk" til Sørpolen.

Samuel fortel levande om livet ombord, om godt kameratskap, om ansvar og arbeid. Me får vita kor stolt og glad han blir når Jarle bestemmer at nettopp Samuel skal få bli med til polpunktet. På ferda innover dit skjer det som blir enno eit nytt vendepunkt for Samuel. Via satelittelefon frå Noreg får dei vita at "Berserk" er sakna og at det ikkje er meldt om livsteikn frå mannskapet. Å få ein slik sjokkerande beskjed medan ein er utslitt og befinn seg på den mest aude plassen på jorda må ha vore utruleg tøft for ein 17-åring. Samuel er ærleg og beint fram når han fortel om si eiga skuldkjensle og tunge tankar etter Berserk-forliset. Verken båten eller dei tre ombord er blitt funne. (Året etter var Samuel og Jarle attende i Arktarktis for å leita, men det er ei anna og kontroversiell historie)

Hold fast! er overraskande bra. Massie syner vilje og pågangsmot og er engasjert og ivrig når han fortel. Det er fascinerande å lesa om korleis innstillinga hans til livet vart endra. Å få konkrete og praktiske arbeidsoppgåver var akkurat det han trengde. Han tok eit oppgjer med seg sjølv, sette seg nye mål og gjennomførte det.

Har du av og til lurt på korleis det er å gå på do når det er piskande storm og mangfoldige minusgrader? Slike ting vert jo ikkje nemnt i andre polarbiografiar. Men Samuel fortel; detaljert, kleint og morosamt - om korleis det opplevast.

Det er tydeleg at boka ikkje er språkvaska og redigert på i stor grad, noko som i dette tilfellet berre er positivt. Hold fast! er rett og slett Samuel som fortel om Samuel sitt liv så langt.

I samband med lesinga har eg googla Samuel Massie - boka er frå 2014 og eg var ikkje oppdatert på kva han har drive med dei siste åra. Til mi store overrasking har han vore deltekar i TV-programmet "Skal vi danse"; han utfordrar altså seg sjølv på høgst ulike vis. Han har vore gift og blitt skilt og vore programleiar for TV-serien Samuel og bestefar. Han jobbar elles som foredragshaldar, motivator og inspirator.

2 kommentarer:

  1. Artig at du likte Massies bok. Hans historie er virkelig fascinerende.
    Persbrandt sin bio har jeg enda ikke lest, men det vil jeg gjøre en dag. Kanskje som Gretten gammel gubbe i neste biorunde? Skjønt særlig gretten og gammel opplever jeg han ikke enda..
    Kanskje Jack Nicholson? Han har jeg i hylla, og Putin. Kanskje Neil Young eller Toralf Maurstad? Har du bestemt deg?

    SvarSlett
    Svar
    1. Boka til Massie var overraskande bra, som sagt. Eg oppfattar det som blir fortalt som veldig ekte og ærleg.
      Persbrandt er jo yngre enn oss, så han er jo ikkje gammal..! Men halvgammal kanskje? og tidvis ganske gretten - så jo, eg vil påstå at han passar inn.
      Nei, eg har ikkje bestemt meg for kven eg skal lesa om i neste runde. Eg har ingen i hylla sjølv, så eg får ta ein kikk i bibliotekhyllene og/eller i Storytel.

      Slett