20. desember 2018

Årets beste

Det er framleis att nokre dagar av året 2018, men kåringar av ymse slag er alt i gang. VG har kåra årets beste bøker - og det inspirerte meg til å gjera det same. Eg har lest kun ei av bøkene VG-anmeldarane plukka ut - men den er då også min favoritt og einaste terningkast 6-bok dette året: Rød mann, sort mann. I samband med VG si kåring har eg notert meg Hvitekrist av Tore Skeie og Krigernes fred av Lasse Gallefoss - både bøker og forfattarar hittil ukjende for meg. Bjørnen (Gard Sveen) har eg ikkje lest fordi eg enno ikkje har fått somla meg til å lesa den føregåande og Kastanjemannen (Søren Sveistrup) ventar eg med fordi den har vore hypa så mykje.

Eg likar ofte publikumsvenlege og populære bøker, men eg prøver likevel å unngå "overhypa" bøker. Difor har eg enno ikkje lest Søsterklokkene og Leksikon om lys og mørke. Heller ikkje fjorårets Blå og Tante Ulrikkes Vei. Det er muleg eg kjem til å lesa dei på eit seinare tidspunkt - men eg er så møkk lei av å lesa om dei. Nokre nye og populære bøker kjem eg aldri til å lesa; her tenkjer eg m.a. på Snøsøsteren (Når ei bok får sååå mykje skryt blir eg kvalm) og Menn i min situasjon (Eg likar rett og slett ikkje bøkene til Per Petterson). Eg bryr meg heller ikkje om Eleanor Oliphant har det fint eller ikkje.

Men - eg les mykje anna: Spenningsromanar, historiske romanar og historiske kriminalromanar. Norsk krim, svensk krim, dansk krim og britisk krim. Samt dokumentarar og biografiar - sjølv om ingen i dei sistnemnde kategoriane havna blant mine 10 på topp for 2018. Kim Leine si forteljing Rød mann, sort mann plasserer eg altså som nummer 1, dei andre rangerer eg ikkje. Men gode leseopplevingar har dei alle vore, kvar på sin måte. Eg har plukka ut 4 norske, 4 svenske, 1 dansk/norsk og 1 britisk. 6 krim/spenning, 2 historiske romanar, 1 annan roman og 1 novellesamling.



Kim Leine: Rød mann, sort mann
 - Historisk roman med handling frå Grønland. Frittståande, men miljøet er det same som i Profetene i Evighetsfjorden. Ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar.
Martin Holmén: Clinch
 - Svensk historisk krim med handling frå Stockholm. Den fyrste i trilogi.
Peter May: Lewisbrikkene
 - Britisk krim med handling frå Hebridene. Flott avslutning av ein strålande trilogi.
Gert Nygårdshaug: Zoo Europa
 - Fantasifull, velskriven og dystopisk. Nummer 5 i Mino-serien.
Lars Kepler: Lazarus
 - Adrenalinspennande og brutal svensk krim. Nummer 7 i serie. (Omtale kjem)
Levi Henriksen: Jern & metall
 - Novellesamling. Klokt og varmt om dei nære ting.
Unni Lindell: Dronen
 - Den norske krimdronninga leverer igjen.
Edvard Hoem: Jordmor på jorda - Huset under blåhammaren
 - Fantastisk forteljarkunst og glimrande opplesing av forfattaren sjølv. (Omtale kjem)
Anders Roslund: Tre timer
 - Fascinerande persongalleri og aktuelle problemstillingar.
Arne Dahl: Innland
 - Framhald av Utmarker, uhyggeleg og stemningsfull.

I tillegg til desse ti må Når barnet ditt ikkje vil leve lenger nemnast. Det vart ei leseoppleving heilt utanom det vanlege.

(Også Aftenposten har kåra sine Årets beste, men artikkelen ligg bak betalingsmur. Ut frå illustrasjonsbiletet ser det ut til at Levi Henriksens Jern & metall er blant dei utvalde)

Så - kva tykkjer du? Har bokåret 2018 vore bra? Har favorittane dine innfridd?
Kva har vore dine beste leseopplevingar?

8 kommentarer:

  1. Glede meg at Kim Leines ble så godt mottatt, av både deg og avisa. Stor fan av Evighetsprofetene og gleder meg til å lese denne nye (når den kommer til storytel). Må tenke lenger enn denne kommentaren for å lage egen liste, men i farta, uten å huske alle bøkenen jeg har lest, tror jeg Oksanens Kyr fremdeles er årets beste bok for meg. Leste den tidlig på året og den har satt seg fast. (noe med forholdet Russland/Finnland/Ukraina, menneskene og historien.)

    Clinch har ligget på leselista ei tid, kaster meg over straks jeg er klar for ny serie. Akkurat nå er jeg mer dratt mot hekserier enn mord.

    SvarSlett
    Svar
    1. (Har vore tildels avlogga ei veke - det gjer seg med pause av og til)
      Har notert meg Stalins kyr tidlegare og trur det er ei bok som kan passa for meg. Men har lest at det (også) handlar mykje om spiseforstyrrelsar og spying i den boka - og det er eit ubehageleg tema, tykkjer eg. Vel. Har notert på nytt.

      Slett
  2. Enig i Mays bøker, de er knallgode, samt Dronen. Ellers har jeg Nygårdshaug på vent (håper å få lest snart- romjul?)- og Dahls ut-og innland. Har også Leine her, men det er Profetene, som jeg må få lest først. Har alt for mange tykke bøker på vent, skal også lese Ildefonses oppfølger av Havets katedral i jula tenkte jeg..

    Jeg er usikker på hva jeg synes er årets beste bøker. Jeg har lest 119, så det må sorteres.
    Jeg er glad jeg leste Strangers Leksikon tidlig, før all oppmerksomheten og prisnominasjonene - og den er god, en av de norske beste, synes jeg. Jeg likte også Oliphant, på tross av hypen- skjønner hva du mener altså, men denne appellerte og ble lest på ferie.
    Brit Bildøens Tre vegar til havet er også ei knallgod bok, men det er flere norske i den gata der- som Mona Høvrings siste. Tror du vil like Bildøen bedre enn Høvring, forresten. Og Marit Eikemo, Marita Fossum sine..btw.

    Likte også Fossums Formørkelsen veldig godt.

    Ellers kan det hende jeg oppsummerer rundt nytt år og tenker mer grundig gjennom dette..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, var tidleg ute med oppsummering - men har lest ganske lite i jula, så det var like greit.

      Tjukke bøker er eit slit, men som regel OK når ein er kommen i gang. Snart ferdig med 1000-siders boka På grensen til evigheten som eg har lest i sidan september. Orkar ikkje å dra den med meg over i eit nytt år.

      Ser fram til oppsummeringa di. Det er alltid interessant å lesa kva andre meiner og kva andre har lest.

      Slett
  3. Jern og metall var utrolig bra. Kim Leine og Hoem har jeg liggenede, gleder meg til dem.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du kan gleda deg til store leseopplevingar med både Leine og Hoem.

      Slett
  4. Jeg likte også Kim Leine sin nyeste, så der er vi helt enig. Lazarus må bli den beste krimmen i år for min del :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Lazarus var skremmande uhyggeleg bra. Soleklart på årets topp 10.

      Slett