27. januar 2020

Samleomtale: Kriminell vinterlesing

Fire gode krimbøker frå fire dyktige kvinnelege forfattarar.

Roser er døde av S.J. Bolton 

Korall forlag 2016
Speletid 11:52
Lydbok Storytel

Med denne boka stadfestar S.J. Bolton at ho beherskar å bygga opp truverdige karakterar og grøssande plott. Roser er døde er ein frittståande roman og ikkje del av nokon serie.

Boka er dels seriemordar- og etterforskarkrim, og dels psykologisk thriller. Mest det siste. Hovudpersonane er ein kvinneleg advokat og cold crime-forfattar og ein mannleg lege og seriemordar. Sistnemnde hevdar å vera offer for eit justismord. Kan det vera muleg at han er uskuldig når bevisa er så sterke mot han? Kva vert konsekvensane når dei to er i ferd med å få varme kjensler for kvarandre?

Noko av symbolbruken i boka vert borte på vegen frå engelsk til norsk, men det har ikkje så mykje å bety. Roser er døde er uhyggeleg spennande og har ei høgst overraskande avslutning. Opplesar Kristine Rui Slettebakken si stemme er behageleg å lytta til. Terningkast 5.

Flukt av Tana French 

Cappelen Damm 2012
Speletid 12:58
Lydbok Storytel

Bok nummer tre i Dublin Murder Squad-serien har gode miljøskildringar og er svært velskriven. Bøkene i serien (6 stk. hittil, dei to fyrste er Skogen og Lik) er sjølvstendige og har overlappande karakterar og forteljarstemmer. Biperson i bok nummer 1 er hovudperson i bok 2 og biperson i bok 2 er hovudperson i bok 3 osv. Eit uvanleg grep som slett ikkje er dumt.
Forfattaren er irsk og handlinga er lagt til Dublin. Ein politimann, som ikkje har hatt kontakt med familien sin på mange år, vert kontakta av systera si som har uventa og urovekkande nyhende til han. Kan ei uløyst gåte frå fortida omsider få ei oppklaring?

Flukt er ei svært bra bok. Litt langsam, men med ei engasjerande handling og ei sterk skildring av tøffe oppvekstvilkår i ein dysfunksjonell familie. Historia vert godt ivareteke av opplesar Ivar Nergaard. Terningkast 5-.



Slakteren i Liseleje av Ane Riel

Aschehoug 2019
334 sider
Lånt papirbok biblioteket

Ikkje så gjennomført grotesk og morbid som Harpiks, men det blir ganske guffent til slutt i denne historia óg.

Innleiingsvis møter me ei eldre dame; elskeleg på utsida og med drapstankar på innsida. Deretter går handlinga tilbake i tid og me får ei heller rystande, men langtekkeleg, oppvekstskildring. Lesaren forstår at det er ein samanheng, men eg såg verkeleg ikkje denne løysinga komma.

Slakteren i Liseleje er full av svart humor og underlege karakterar og byr på eit utspekulert plott og ei fantasifull forteljing. Det som trekker ned heilskapsinntrykket for meg er det noko trege mellompartiet i boka. Terningkast 4+.



Sølvveien av Stina Jackson

Gyldendal 2019
318 sider
Papirbok fått i julegåve

Overraskande bra krimthriller frå debutant. Fine landskapsskildringar og mørk/melankolsk stemning; så bra at eg faktisk fekk Kerstin Ekman-assosiasjonar medan eg las. Handlinga er då også lagt til  Norrland.

Det handlar om ei ung jente som er forsvunnen - eit "vanleg" tema i krimsamanheng - men denne historia er original og godt samanskrudd.
Både hovudpersonar og bipersonar framstår som "ekte" sjølv om dei er oppdikta. Den djupe sorga og desperasjonen til Lelle er gripande. Det gjer også inntrykk å lesa om unge Meja og hennar lengsel etter eit normalt familieliv.
Boka er stillferdig, men byr på både indre og ytre spenning.
Terningkast 5.

2 kommentarer:

  1. Har ikke lest noen av disse, men er nysgjerrig på Sølv-veien, samt Tana French sine bøker. Har en av French i hylla, men ikke denne..Tror det er Inntrengeren, men jeg har lånt den bort til min mor..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykkjer Tana French skriv godt. Ein stor fordel at ein ikkje treng å lesa bøkene hennar i kronologisk rekkefølge.

      Slett