18. februar 2023

Bokomtale: Tre år av Anders Roslund

Cappelen Damm 2022
428 sider
Lånt ebok BookBites

Bok nummer 10 i Ewert Grens-serien er skremmande bra; sterk, spennande og rystande. Tematikken er den same som i den fyrste boka i serien Udyret (utgitt 2005): Pedofili. Systematiske seksuelle overgrep på små barn.

Tre år - med undertittel "god natt" - er ei bok som skapar bilete inne i hjernen på lesaren. Bilete som ein helst ikkje vil sjå.
Men det skjer. Kvar dag. Året rundt. I Sverige, i Noreg og alle andre stader. At barn vert utsette for grove overgrep. At vaksne pedofile deler bilete og opptak av overgrep med kvarandre. At slike bilete er ein velorganisert milliardindustri. At etterforskarar jobbar som heltar for å oppklara slike saker.

Den svenske forfattaren Anders Roslund var den eine halvdelen av forfattarduoen Roslund & Hellström. Dei skreiv saman sju bøker i denne serien og etter at Hellström døydde i 2017 har Roslund halde fram med bokserien åleine. 

I dei siste 4-5 bøkene i serien har kriminalinspektøren Ewert Grens hatt ei heller tilbaketrekt rolle medan infiltratøren Piet Hoffmann har spelt hovudrolla. I denne boka er det litt annleis. 

Grens sit ved grava til si avdøde kone når han kjem i kontakt med ei kvinne ved ei anna grav. Ho fortel at det er ei tom kiste i grava. Den vesle jenta hennar forsvann for nokre år sidan og er seinare blitt erklært død. Grens minnest sitt eige vesle barn som aldri fekk veksa opp - og vert sterkt gripen av kvinna si historie. Når han oppdagar at ei anna lita jente forsvann på nøyaktig same dag i same by, vert Ewert som besatt. Han skal - vil - og - finna ut kva som har hendt. Kvar er det blitt av vesle Alva og vesle Linnea? 

Ewert - med sine sosiale manglar og sin maniske natur - legg alt anna til side. Han bryt reglar, kryssar grenser, kranglar med sjefar og kolleger og vert suspendert frå jobb. Den pålagde lange "ferien" vert sjølvsagt brukt til heilt andre ting enn å slappa av. Han nektar å gi opp, brukar alle sine kontaktar - og finn til slutt eit viktig spor som fører han til Danmark. Når det viser seg at saka har forgreiningar til fleire stader på kloden treng han ytterlegare hjelp. Han treng Piet Hoffmann. 

Halvveges inn i boka kjem altså Hoffmann på bana, men då blir han i høgste grad involvert. Dette trass i at Grens har lova at han aldri skal etterspørja Hoffmann sine infiltrasjonstenester igjen. I det forrige dramatiske oppdraget mista familien Hoffmann huset sitt - og nesten livet. Og for familiefaren Hoffmann er det enormt vanskeleg å infiltrera ein pedofiliring. Mykje vanskelegare enn å gå undercover i meir actionfylte oppdrag og situasjonar. Han føler seg ekkel i rolla som pedofil og er engsteleg for om han spelar rolla "godt nok". Konsekvensane dersom han vert avslørt er alvorlege, for han sjølv og for borna. Klarar han å skjerpa seg?

Handlinga i boka veks til ei svær historie; etter kvart vert det ein internasjonal thriller fylt med spenning, dramatikk og ubehag. Ein veit at akkurat denne historia er fiktiv og at ofra i boka er oppdikta - men som sagt innleiingsvis; slike ting skjer. I Tre år er det ikkje nokon sprø seriemordar som pønskar ut spektakulære drap, noko som etter kvart er blitt så vanleg i krimromanar. Nei, her er det som blir fortalt om langt meir truverdig og realistisk. Dessverre. 

Det er ingenting spekulativt i boka: Roslund skriv om temaet på ein ryddig og respektfull måte. Valds- og overgrepsskildringane er nøkterne og "saklege" - men like fullt grusomme, fordi det er så kjenslevart og sterkt. Her overlet forfattaren det meste til lesaren sin fantasi - og ein får desse ubehagelege bileta på netthinna. Ved å setja fokus på tema pedofoli utfordrar (og provoserer?) forfattaren lesarane sine. Eg meiner at det vitnar om innsikt, mot og engasjement når Roslund skriv om det som er så mørkt og så vondt. 

Roslund gir også eit visst innblikk i korleis overgriparane tenkjer og syner kor avstumpa dei er, reint kjenslemessig. Korleis i alle dagar klarar dei å leva med seg sjølve?

Personskildringane i boka er veldig gode. Hovudkarakterane framstår som ekte menneske. Ein blir oppriktig glad i både Grens og Hoffmann og føler at ein kjenner dei ut og inn. Som lesar føler eg med frustrasjonen og desperasjonen deira når dei skal finna opplysningar og spor. Fleire av bikarakterane er óg glimrande portrettert - sjølv om dei ikkje "deltek" like mykje. Det gjeld til dømes Zofia, Piet Hoffmann si kone og den danske etterforskaren Birte som Ewert samarbeider så godt med. Det gjeld også datanerden Billy som bidreg med det han kan.
Forfattaren brukar litt humor innimellom slik at stemninga av og til blir litt lettare i ei elles mørk historie. Eg måtte dra på smilebandet fleire gonger av Ewert sine synspunkt og tankesprang og av dialogane mellom Ewert og Billy. 

Handlinga i Tre år er frykteleg - men Roslund skriv også frykteleg bra. Historia er intenst spennande og medan ein les føler ein den nervepirrande kampen mot klokka. 
Roslund skriv med ein intensitet og eit samfunnsengasjement som kunne vore ein "arv" etter forfattarparet Sjöwall & Wahlöö. Ja, han kan faktisk samanliknast med med sjølvaste Stieg Larsson. Anders Roslund er med andre ord blant dei aller beste.

Då eg var ferdig med boka ga eg umiddelbart terningkast 5. Det pleier eg å gi til kriminalromanar som er ekstra gode. Men eg har tenkt mykje på innhaldet i boka i ettertid, samt lest andre omtalar og bokmeldingar. No - medan eg er i ferd med å skriva ein forholdsvis lang omtale sjølv - ser eg at eg faktisk må justera opp terningkastet mitt. 

Ei bok som er så velskriven og velkomponert, som omhandlar eit så viktig og alvorleg tema og som fører til så mykje ettertanke - den fortener toppkarakter. 


- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

Her får du ein oversikt og rekkefølge på bøkene i serien. Dei ikkje lesast kronologisk, men som alltid i bokseriar er det ein fordel. Då forstår ein meir av samanhengar og utvikling. Ein kan eventuelt starta på bok 5.
(Det er svært mange år (minst 15) sidan eg las dei fire fyrste bøkene. Eg likte dei den gongen, men ein blir jo meir kresen og kritisk med åra)

I dei fire fyrste bøkene er Ewert Grens hovudperson. Frå og med bok nummer fem kjem det inn ein annan sentral og likeverdig karakter, Piet Hoffmann.

Originaltitlar i parentes. Lenker til mine omtalar der dei finst.

1 Udyret (Odjuret)
2 Boks 21 (Box 21)
3 Oppreisningen (Edward Finnigans upprättelse)
4 Jenta under byen (Flickan under gatan)

5 Tre sekunder (Tre sekunder)
6 To soldater (Två soldater)
7 Tre minutter (Tre minuter)
8 Tre timer (Tre timmar)
9 Tre dager (Jamåhonleva)
10 Tre år (Sovsågott)

Ytterlegare to bøker er utgitt på svensk. Eg håpar og trur at det ikkje går så veldig lang tid før dei kjem ut på norsk.
11 (Litapåmig)
12 (100 procent)

2 kommentarer:

  1. Jeg sitter her og prøver å få pusten igjen, etter å ha slukt denne boken. Fytti grisen for en bok, hva mennesker faktisk får seg til å gjøre mot små barn, det er mer enn sykt. Men, jeg er helt enig med deg, Roslund skriver utrolig bra, så jeg skal skrive en kjapp omtale, i håp om at andre får øynene opp for denne forfatteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår det slik at me er enige. Grusomt tema, men frå ein forfattar som skriv om temaet på ein så bra måte.

      Slett