8. februar 2023

Dikt og slikt: Viss bøkene blir utan elefantar

Høgtlesing av forteljingar, eventyr, rim og reglar for barn er viktig. Det er med på å stimulera fantasi og språk og dannar gjerne grunnlag for leseglede seinare i (og gjennom) livet.

Forfattaren Einar Økland (f. 1940) seier det på denne måten:

Viss bøkene blir utan elefantar

Då blir det trist å lese.
I ei skikkeleg bok er det alltid
minst ein elefant.
Sjølv om ingen oppdagar den.

Om elefanten ikkje viser seg
utanpå boka eller i første kapitlet
er ikkje så farleg.
Du forstår nok det er fordi
han unngår sånne stader.
Han likar å vere i fred
med tankane sine.
Derfor held han seg også
unna dei siste ti - femten sidene.
Det plar ofte vere så mykje bråk der
ei bok held på og skal slutte

Men djupt inne
i boka,
dit elefantjegerane ikkje finn vegen
dit berre ein
og annan
sniklesar kjem,
der

kjem han stundom til syne
når du står lenge
heilt roleg.

Og ser du ingenting
kjenner du likevel på deg
at inne i tjukna
like roleg som du
står elefanten
og følgjer deg med dei små augo sine
Ser ikkje du elefanten
ser elefanten deg.

I dei bøkene
der elefantlesarane reikar.

                           Frå samlinga "Mellom himmel og jord; vers vrette og vrange" (1986) 

2 kommentarer:

  1. Du plukker fine tekster :-) Denne minnet meg om boka til Agnes Ravatn - Verda er ein skandale. Der hun skriver om da de flyttet på landet og ble naboer med nettopp Einar Økland. Jeg har ennå ikke lest noe fra m ham. Kanskje på tide ser jeg, ut fra teksten du la ut :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Eg har aldri lest Ravatn og heller ikkje Økland, utanom dette diktet då - som eg tykkjer er både artig og fint.

      Slett